Hopp til innhold

– Lundestad forstod ikkje rolla si

Thorbjørn Jagland seier til NRK at det var vanskeleg å få Geir Lundestad til å forstå at han berre var sekretær og ikkje leiar for Nobelkomiteen. No fryktar han at Lundestad si bok vil øydeleggja for komiteen sitt framtidige arbeid med å finna verdige prisvinnarar.

Thorbjørn Jagland og Geir Lundestad

Thorbjørn Jagland snakkar i dag ut etter at Geir Lundestad førre veke gav ut boka om det indre livet i Nobelkomiteen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sist torsdag gav Lundestad ut boka «Fredens sekretær». I boka gir han eit unikt innblikk i Nobelkomiteen sitt indre liv etter at han i fjor gjekk av etter 25 år som sekretær for komiteen.

Nobelkomiteen meiner Lundestad har brote teieplikta si på fleire punkt.

Torsdag seier Jagland til NRK at det har vore vanskeleg å jobba med Lundestad fordi han ikkje forstod si eiga rolle.

Lundestad såg på seg sjølv som ein som ein måtte høyra på og som kunne korrigera dei andre rundt bordet og operera som ein overkikador (sjølvutnemnt øvste leiar; journ. merk).

  • Hør intervjuet og radioinnslaget med Jagland her:

– Han sa noko, då måtte eg også seia noko

Jagland oppsummerer det som «heilt greitt» å jobba side om side med Lundestad.

– Men han hadde ei litt anna forståing av rolla si enn oss andre. Dei fem andre er valde av Stortinget. Sekretæren er ein støttefunksjon til dei fem og er ikkje eit eige medlem av komiteen. Lundestad har inga rolle i komiteen bortsett frå å tilretteleggje med faktakunnskap. Det har det nokre gonger vore vanskeleg å forklara, legg Jagland til.

Som eit døme viser han til at Lundestad skal ha hatt meiningar om kven som skulle sitja i komiteen.

I boka si brukar Lundestad sterke ord i sin karakteristikk i Jagland: «mislukka», «distré», «middels talar» og «usikker teft».

Er det ironisk at de som har jobba med å dela ut ein fredspris snakkar om kvarandre på denne måten?

– Ja eg trur kanskje einskilde kan sjå ein ironi i det. Han sa noko, då måtte eg også seia noko. Då blei det slik, men det vil vel gå over dette også, svarar Jagland.

Geir Lundestads nye bok

Geir Lundestad si bok tek lesaren med bak kulissane til Nobelkomiteen. Boka har vekt sterke reaksjonar og debatt.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Lundestad avviser at boka øydelegg

Det var til Aftenposten at Jagland først tok bladet frå munnen. I eit lesarinnlegg publisert natt til torsdag, er det særleg to påstandar frå Lundestad han ønskjer å tilbakevisa: at han ikkje skreiv talane sine sjølv og at han tipsa media om kven som skulle få prisane.

– Eg jobba i vekevis for å få dei talane best mogleg. Det er også konkret feil at eg hinta til pressa om kven som skulle få prisen. Dei to siste prisane visste ikkje media kven var då dei blei offentlege.

No fryktar Jagland for den interne openheita i komiteen og for kvaliteten på prosessen med å finna nye, verdige vinnarar av fredsprisen.

– Ja, dersom det er slik at lovnaden med teieplikt ikkje skal gjelda lenger, vil dei som sit i komiteen vera meir tilbakehaldne med å ha meiningar og diskutera fritt, fordi ein veit at det vil koma i avisene. Då får møta ein heilt annan karakter, påpeikar den tidlegare leiaren av Nobelkomiteen.

Lundestad seier dette i ein kort kommentar til NRK torsdag morgon:

– Det meste av det Jagland er sint for, står ikkje i boka. Boka er ein hyllest til Nobels fredspris og eg er ganske sikker på at den ikkje kjem til å øydeleggja for Nobelkomiteen sitt arbeid i framtida.

AKTUELT NÅ