Hopp til innhold

Nobelprisen er ein mannepris, men kjønnskvotering blir aldri aktuelt

Kvotering av nobelprisar er ikkje etter Alfred Nobels ønske, seier dei som deler ut prisane. Kvinneandelen blant mottakarane er sørgeleg liten.

E15pFZSh8HI

Gérard Mourou fekk nobelprisen i fysikk i 2018, og fekk prisen tildelt av Kong Carl Gustaf av Sverige. Av alle dei 219 som har fått nobelprisen i fysikk, er berre fire av dei kvinner.

Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB

Det har blitt litt betre dei siste åra, men andelen kvinnelege nobelprismottakarar er framleis veldig låg.

Av dei ulike nobelprisane, så skil fredsprisen seg ut i positiv retning, men også der er mindre enn 20 prosent av prismottakarane kvinner.

Kvinnelege nobelprismottakarar

Type nobelpris

Antal prismottakarar

Antal kvinnelege prismottakarar

Fredspris

109 (og 28 organisasjonar)

18

Fysikk

219

4

Kjemi

186

7

Medisin

224

12

Litteratur

118

16

Økonomi*

89

2

*Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel. Ikkje del av Nobels testamente

Men er det aktuelt å seie at eit visst tal på nobelprisar skal gå til kvinner?

Nei, er svaret frå Göran Hansson, som er generalsekretær i Kungliga Vetenskapsakademien. Han er med på utdelinga av prisar innan kjemi, økonomi og fysikk.

– Me har bestemt oss for at me ikkje vil kvotere etter kjønn eller etnisitet. Me vil at kvar einaste prismottakar skal bli valt fordi dei har gjort den viktigaste oppdaginga, og ikkje på grunn av kjønnet eller etnisiteten deira, seier Hansson til britiske The Guardian.

Berit Reiss-Andersen, leder av Nobelkomiteen, viser frem et bilde på en mobiltelefon av årets fredsprisvinnere, journalistene Maria Ressa og Dmitrij Muratov.

I år gjekk fredsprisen til ei kvinne og ein mann. Komitéleiar Berit Reiss-Andersen kunngjorde kven som fekk prisen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Færre kvinner også etter 2000

Også leiar av Den norske nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, avviser at kvotering er eit aktuelt tiltak for å få kvinneandelen opp.

– Me skal verken kvotere eller diskriminere. Det er krevjande, men det er det som er vårt oppdrag og vårt ansvar, seier Reiss-Andersen til NRK.

Ho meiner det er naturleg at færre kvinner har fått prisen, all den tid prisen har blitt delt ut i 120 år, og kvinners rolle i samfunnet har endra seg sidan prisen vart delt ut for første gong.

Reiss-Andersen meiner tala i framtida vil endre seg sakte, men sikkert. Men heller ikkje for dei siste 20 åra er det særleg mykje balanse å spore i tala over fredsprisvinnarar.

22 enkeltpersonar har fått tildelt fredsprisen sidan 2000. Åtte av dei er kvinner.

– Men det er klart det har vore ei stor utvikling i samfunnet når det gjeld kvinnenes situasjon, som også har auka kvinnene sine moglegheiter til å delta i samfunnslivet på dei arena som kan gje ein nobelpris, seier Reiss-Andersen.

CDUZysfT7Ls

Det er ti år sidan fredsprisen gjekk til tre kvinner. Det er ei utdeling som får statistikken til å sjå litt betre ut. Prisen gjekk til den liberiske menneskerettsaktivisten Leymah Gbowee, Tawakkol Karman frå Jemen og dåverande president i Liberia, Ellen Johnson-Sirleaf.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Kvinneproblemet smittar over frå akademia

– Det er trist at så få kvinner har fått nobelprisen, og det reflekterer dei urettferdige tilstandane i samfunnet, særskild tidlegare i historia, men som framleis eksisterer. Det står att mykje arbeid som skal gjerast, seier Hansson.

Og prisane som Hansson og hans kollegaer i Sverige deler ut er endå meir mannstunge. Det heng tett saman med at også akademia har eit «kvinneproblem».

– Hugs på at berre rundt 10 prosent av professorar i naturvitskap i Vest-Europa og Nord-Amerika er kvinner. Og taler er endå lågare i Aust-Asia, seier Hansson.

Uansett, så finst det grenser for kva som kan gjerast for å få betre kjønnsbalanse. Kvotering er altså ikkje innanfor dei grensene.

– Testamentet opnar ikkje for ei slik sosial eller politisk korrigering. Testamentet pålegg komiteane å identifisere den beste innanfor sitt felt, seier Reiss-Andersen, som viser til Alfred Nobel sitt testament som dannar grunnlaget for kven som skal få prisen.

XwcgGfdS0qI

Barack Obama er ein av mange menn som har blitt tildelt Nobels fredspris. Berre 6,2 prosent av nobelprismottakarane er kvinner.

Foto: Odd Andersen / AP

Har gjort nokre tiltak

Det er likevel gjort forsøk på å få opp kvinneandelen, og ein del av nøkkelen ligg i nominasjonsprosessen.

Hansson i Sverige seier at dei har gjort alt dei kan for å få fleire til å nominere alle kvinnelege forskarar som fortener nobelpris.

Også den norske nobelkomiteen har gjort nokre grep, fortel komitésekretær Olav Njølstad. For nokre år sidan vart «Den internasjonale kvinneligaen for fred og fridom» inkludert blant organisasjonane som har rett til å nominere kandidatar til fredsprisen.

– Det var heilt klart eit grep ein tok fordi ein håpa at kvinner som har gjort ein stor fredsinnsats kjem på radaren, seier Njølstad.

Også han avviser alle tankar som går i retning av kvotering.

– Det ville bli heilt merkeleg å vedta ei kvotering. Me er ikkje i mål, men eg trur at me vil sjå i framtida at fordelinga vert likare, seier Njølstad.

SISTE NYTT

Siste nytt