Hopp til innhold

Trafikkulykke i Skodje

To bilar er involverte i ei trafikkulykke på Svorta i Skodje. Ingen av dei fire personane som sat i bilane er alvorleg skadde, opplyser politiet.

Trafikkulykke Svorta

Alle naudetatar rykte søndag ettermiddag ut etter meldingar om at to bilar var involverte i ei trafikkulykke på E39 på Svorta i Skodje.

Påkøyring bakfrå

Operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt, Arild Reite, opplyser til NRK at det er snakk om ei påkøyring bakfrå.

– Då den fremste bilen skulle svinge av på Svorta, køyrde bilen bak inn i han.

Det var to personar i kvar bil og ifølgje politiet vart ingen av dei alvorleg skadde i ulykka.

– Dei blir sjekka av ambulansepersonell på staden, seier Reite.

Politiet framleis på staden

Politiet melde om ulykka på Twitter klokka 13.15.

– Politiet er framleis på ulykkesstaden for å kartlegge meir kva som har skjedd, opplyser Reite til NRK klokka 13.30.

Klokka 15.20 meldte politiet at ein person vart køyrt til legevakta etter ulykka.

Laster Twitter-innhold

Også Skodje Brannvesen rykte ut for å hjelpe politiet.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL