Hopp til innhold

Molde har fått medisinsk akutteam

Molde sjukehus har oppretta eit akutteam for alvorleg sjuke og kritiske skadde pasientar.

Sjukehuset i Molde er først ut i fylket med traumeteam.

Molde sjukehus er i gong med eit medisinsk traumeteam.

I dag var det berre ei øving, men når alarmen går på ekte vil det medisinske teamet stå klare til å stille diagnosen. Kirurgane har lenge hatt eit slikt team, medan medisinsk avdeling ikkje har hatt same ressursar. Det skal det bli ei endring på.

– Vi ser at vi kanskje kan vinne tid med å diagnostisere pasientane raskare. Dei kan bli friske raskare med ei slik tilnærming, seier Magnus Amdam. Han er lege på medisinsk avdeling ved sjukehuset i Molde.

Magnus Amdam

Magnus Amdam er lege og trur pasientane kan bli fortare frisk når dei får hjelp av akutteamet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Alvorleg sjuke

Molde sjukehus no i gang med å ta imot alvorleg sjuke pasientar med et slikt medisinsk akutteam. Samstundes trenar dei for å bli best mogleg. Denne veka har dei brukt teamet eit par gongar på ekte pasientar.

– Også i landssamanheng er dette relativt nytt, seier overlege Arne Lied.

Verka trygge
Steinar Roald

Steinar Roald har fått oppleve traumeteamet då dottera hans vart sjuk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Steinar Roald kom nettopp inn på sjukehuset med dottera si og fekk oppleve traumeteamet i verkelegheita. Han vart smitta av roa som teamet hadde.

– Det flyt fint og stemninga er roleg. Det verkar som dei er trygge på alt dei skal gjere, seier Roald.

Første gong

Oddrun Brakstad Orset

Oddrun Brakstad Orset var spent på øvinga med teamet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Oddrun Brakstad Orset er intensivsjukepleiar og var litt spent før øvinga med teamet. Ho trur at tilbodet blir endå betre.

– No har vi alle ressursane på plass når pasienten er her, seier Brakstad Orset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL