Hopp til innhold

Kristiansund imponerte karatesjefar

To karate-eminensar sjekka i helga forholda i Kristiansund før VM i mars.

Sofie Strøm og Sverre Mollan

KARATE KID: Styreleiar Sverre Mollan i kamp med 11 år gamle Sofie Strøm.

Foto: Erik Aukan

- Det gjekk veldig bra, seier Sverre Mollan, som er styreleiar i Kristiansund Shotokan Karate.

Arrangerer karate-VM i mars

Klubben skal arrangere VM i mars 2009.

Difor kom Sensei Robert Sidoli og Sensei Steven Edwards i helga til nordmørsbyen på vegne av klubben i Japan på inspeksjon.

- Dei sa Braathallen er ein av dei største hallane dei har vore i, det var dei godt nøgde med, fortel ein glad Mollan.

- Biletskjøne Kristiansund

Og skrytet stoppa ikkje der:

- Dei var glade for korleis Kristiansund ser ut, dei likte utsikta og at det er ein biletskjønn plass. Dei er heilt sikre på at dette kjem japanarane til å like.

Dei to senseiane gav også gode tips og råd.

- Dei sa det er viktig at me stiller med ein så stor norsk tropp som råd under arrangementet, for å stå til ære for byen.

Takksam for oppgåva

Karate-VM finn stad 26. og 27. mars i Braathallen. Mollan er særs nøgd med at klubben fekk oppgåva:

- Dette er veldig, veldig stort. Det er langt over alt me kunne forvente. Men samstundes er det jo ein enorm sjanse både for klubben og byen, så eg håpar me klarar å utnytte det.

Kristiansund imponerte karate-eminensar

KARATETOPPANE: Sensei Robert Sidoli og Sensei Steven Edwards (begge med belte som ser kvite ut, fordi dei er slitte) hadde stor sans for Kristiansund.

Foto: Erik Aukan

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL