– Det var ein skikkeleg bommert og ingen reagerte, fortel Roger Bjørdal, som er leiar i jaktutvalet i Ørsta Jeger og Fiskarforeining.
Då foreininga sette opp stemnet sitt verka 24. mai som ein passande dato. Det ingen tenkte på var at det er midt i pinsa og då er det ikkje lov til å skyte.
Skytereglar
Ifølgje §8.116 i Skyttarboka skal skyting ikkje finne stad 1. juledag, langfredag, 1. påskedag og 1. pinsedag.
Like før annonsa om arrangementet vart sendt til lokalavisa før helga oppdaga den tidlegare formannen i Ørsta Hovdebygda skyttarlag at arrangementet til Ørsta Jeger og Fiskarforeining var lagt til ein uheldig dag og varsla om bommerten.
– Det er rart det ikkje vart oppdaga før, for terminlista har vore oppe lenge, ler Bjørdal.
Lovar å huske det neste år
Reglar er reglar og to dagar før det planlagde stemnet måtte difor Ørsta Jeger og Fiskarforeining kontakte dei næraste foreiningane om at stemnet vart avlyst.
På Facebook-sida si skriv dei at avlysinga er beklageleg, men at reglar må følgjast. Og for å unngå nye bom lovar dei å ta lærdom av det som har skjedd til seinare oppsetjing av stemne.