Den internasjonale kampdagen for arbeidarane har vore offentleg høgtidsdag i nesten 70 år, men er alle klare over kvifor denne dagen er raud på kalenderen?
Leiaren i Senterungdommen, Erling Laugsand seier at det er synd at mange ikkje markerer dagen. Feiringa av 1. mai starta allereie i 1890 med tog i Kristiansund og Oslo. Framleis brukar mange denne dagen til å gå i tog med plakatar, parolar og kraftfulle appellar.
– Eg forstår at mange ikkje markerer dagen, men eg syns at det er synd. Eg meiner at denne dagen er viktig å markere, og det er framleis mange viktige saker å kjempe for når det gjeld arbeidstakarane sine rettar, seier Laugsand.
– Arbeid er grunnleggande for å leve gode liv
Han seier at 1. mai er ein dag for å markere eit inkluderande arbeidsliv, og at ein jobb er grunnleggande for at folk skal leve gode liv.
– Eg syns at vi ser ei utvikling mot meir og meir mellombels arbeidskraft, norske yrkesutdanna slit med å få arbeid og vi har ein enorm pågang med arbeidskraft frå EØS-området som skaper konkurranse. Dette gjer at arbeidarane er i ein pressa situasjon, sjølv i 2014, seier politikaren.
- Les også: 1. mai-tog i 1914
Parola som vil stå nærmast Laugsund i år er «Arbeid for alle, færre utan arbeid». Sjølv skal han delta på markeringar i Oslo.
– Det er lett å ta det vi har for gitt
Stortingspolitikaren Else-May Botten meiner at 1. mai handlar om fellesskap. Ho vil at alle skal fortsette å kjempe og bygge vidare på arbeidarane sine rettar. Botten skal torsdag halde tale i både Ørsta og Volda på Sunnmøre, og den skal handle om Nelson Mandela, norsk arbeidarhistorie og skiljelinjer i norsk politikk.
– Det er lett å tru at alt er bra i Norge, og det skal vi også tru, men det er lett å ta det vi har for gitt. Det har nemleg ikkje alltid vore slik. 1. mai handlar om solidaritet og at vi skal bry oss om dei rundt oss, seier Botten.
– Det er viktig å vere klar over historia vår
For 100 år sidan var Norge eit fattig land med dårlege arbeidsvilkår. Botten er stolt av dei som har jobba for trygge og gode arbeidsforhold. Kampen som stod på tidleg på 1900-talet står like sterkt no, meiner politikaren.
– Under industrialiseringa tidleg på 1900-talet hadde arbeidarane veldig lange arbeidsdagar og ein mangla sjukelønsordningar. Dette kan vi lene oss på no, men også kjempe vidare for. Det er viktig å tenke på kva dei før oss har gjort.
Botten sin oldefar var uheldig og fekk ein ryggskade då han var ung, og han blei difor sjukemeldt i heile to år. Han og familien på ni var avhengig av løna, og dei stod i ein veldig krevjande situasjon.
- Les også:
- Les også:
– Det som skjedde då, som har blitt grunnleggande for 1. mai, var tanken om solidaritet. Alle som jobba saman med oldefaren min bestemte seg for å gi ein viss prosent av løna si til han. Det gjorde at familien overlevde.
Botten meiner at dette var starten på å få til ei sjukelønsordning. Ho er stolt av at alle er med for å bidra til felleskapet gjennom skatt.
– Eg meiner at det er viktig i 2014 å vere klar over historia vår. Dei rammevilkåra vi har i dag har ikkje kome gratis. Vi må kjempe for det vi har og bygge vidare på det. Det er ikkje ei sjølvfølgje at dette står seg for evig.