Hopp til innhold

Dårleg økonomi skaper søppelproblem

Dårleg økonomi hos kommunane og dårlege haldningar hos folket, er i ferd med å skape eit stort forsøplingsproblem. I Kristiansund blir folk bedne om å skjerpe seg.

Ruskenaksjon i Kristiansund

Over heile landet er det ruskenaksjonar for å rydde søppel. I Kristiansund vil dei at folk skal rydde heile året.

Vårens skitnaste eventyr, ruskenaksjonen, er i gang over heile landet. Skular, velforeiningar og burettslag blir oppmoda å ta i eit tak i nærområdet. Men i Kristiansund held det ikkje å rydde i si eiga gate. Der vil dei frivillige ryddarane at folk skal endre haldningane sine og rydde heile året.

Timesvis på søppelplukking

Ingvar Sæther og Sverre Tellstø ryddar frivillig fleire gangar i veka året rundt. Dei spør etter større engasjement frå folk.

– Få ut politikarane og kommune og frivillige, slik at folk ser at noko er på gang, seier Ingvar Sæter.

Sjølv er dei ute både tre og fire timar for å plukke posar med hundebæsj og papir som folk har kasta frå seg.

Vil ha fleire unge

Kommunen hentar søppelet gratis under rusenaksjonen meiner interessa for å plukke søppel var større før.

– Før var skulane flinkare og vere med. Eg skulle gjerne ha ynskja at dei kom på banen. Det er for seint å endre haldningar når du er 70 år, seier Rolf Farstad. Han er driftsleiar i Kristiansund kommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL