Kort tid etter at Anja Weløy Aarseth vart meldt sakna, fekk familien oppnemnd Einar Råen som bistandsadvokat. Familien vart orientert om pågripinga av politiet kort tid før pressekonferansen klokka 18.30 onsdag kveld.
– Familien fekk eit varsel før pressekonferansen. Dei gir uttrykk for ein enorm lette over at nokon er arrestert. Dei håper dette kan føre til ei snarleg oppklaring av saka, og at dette kan hjelpa dei i å komma vidare, seier bistandsadvokat Einar Råen til NRK.no.
- LES OGSÅ: |
– Ein enorm påkjenning
Mannen som er arrestert vert også sikta for ranet av kiosken «Pluto». Dette ranet skjedde like før Anja Weløy Aarseth la ut på ein joggetur onsdag for ei veke sida.
Bistandsadvokaten fortel at familien har vore prega av sjokk etter at dei tok imot nyhenda om at dottera var funnen omkomen på byfjellet Aksla i Ålesund.
– Det har vore ein enorm påkjenning for familien. Dei er i djup sorg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han fortel at familien er komen heim til Bergen, etter å ha vore i Ålesund nokre dagar. Dei vil no førebu bisetjinga, som skal haldast i Storetveit kyrkje i Bergen tysdag neste veke.
– Eg vil no følgje etterforskinga på vegner av familien, ha kontakt med politiet og formidle opplysningar vidare til familien.
– Politiet har vore profesjonelle
Det var DNA-treff som førte til pågripinga. Mannen, som er busett i Ålesunds-området, er ikkje avhøyrt av politiet enno.
Råen seier familien sit igjen med eit inntrykk av at politi har jobba svært profesjonelt i etterforskinga.
– Politiet har heile tida hatt eit håp om at dei skulle klara å løyse denne saka, seier Råen.