Hopp til innhold

Problem med mobildekninga

I Vanylven har dei vore utan mobildekning i dag og i går. Klokka 15.00 skal dekninga ha kome attende, seier informasjonssjef Tormod Sandstø i Telenor.

– Me hadde ein feil på fleire stasjonar, og mange opplevde nok at dei fekk dårleg eller redusert signal. Problemet trur me kjem frå varmen, for me løyste det med å setje inn ei større vifte, for å kjøle ned, seier Sanstø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL