Polsk innsatt i Ullersmo fengsel
Foto: Simon Solheim / NRK

Til Norge for å vere kriminell

1268 utanlandske statsborgarar sit i fengsel i Norge – sju av ti utan tilknytning til landet. – Det er lettare å selge narkotika her, seier polske «Tomasz».

Dom frå Borgating lagmannsrett, 7. april 2010: «Torsdag 16. oktober 2008 organiserte de transport av 20,82 kg metamfetamin, skjult i bøtter for fliselim i hengeren til en litauisk trailer, fra Kaunas i Litauen via Sverige til Norge over Ørje tollsted. Narkotikaen ble losset i Oslo og senere samme dag beslaglagt av Tollvesenet».

Alvorleg og grov narkotikakriminalitet – det mest vanlege lovbrotet som utanlandske statsborgarar blir fengsla for i Norge. Nær halvparten av dei som sit i fengsel for narkotikalovbrot er utanlandske statsborgarar.

Direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel

– Den absolutt største kriminalitetsgruppa blant dei utanlandske som sit her er grov narkotikakriminalitet. Dei fleste har smugla store mengder narkotika inn til Norge, seier fungerande direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ti år og seks månader. Det er straffa som «Lukas» (39) frå Litauen må sone. Han vart saman med to andre litaurar arrestert av spanarar den haustdagen i 2008. Nesten 21 kilo metamfetamin vart beslaglagt. Vi møter 39-åringen i Ullermo fengsel utanfor Oslo.

– Elleve års fengsel er strengt. Det er elleve år rett i søpla. Det er som om tida står stille.

Vi møter også «Tomasz» (31) frå Polen. Han sonar ein dom på fem års fengsel, mellom anna for kidnapping og grov vald. «Tomasz» og «Lukas» kjem frå dei to landa som har flest innsette, etter norske statsborgarar.

– Hadde ikkje nordmenn brukt så mykje narkotika, hadde ikkje kriminelle komt hit. Ein må selge narkotikaen ein stad. Det er bedre å selge det i eit anna land enn i sitt eige, seier «Tomasz».

Sju av ti av dei utanlandske statsborgarane som blir fengsla, har liten eller ingen tilknytning til Norge, ifølgje Kriminalomsorgen.

Mest representerte land etter Norge:

Land

Tal innsatte

Polen

155

Litauen

131

Romania

128

Somalia

56

Per 20. august 2014. Kjelde: Kriminalomsorgen

Kraftig auke i utanlandske

Den 20. august 2004 var det 566 utanlandske bak murane i Norge. I dag er talet 1268. Kvar tredje fange er i dag utanlandsk statsborgar.

Sidan starten på 2000-talet har andelen utanlandske statsborgarar i norske fengsel nær tredobla seg. NRK har har sett på kven som sat i fengsel på datoen 20. august i 2004, 2009 og 2014. Vi har sett på kva statsborgarskap dei innsette hadde og kva type kriminalitet dei sat inne for.

Sjølv om stadig fleire utanlandske kriminelle blir sendt ut av Norge for å sone i heimlandet, aukar andelen utanlandske innsette i norske fengsel.

Her er nokre av funna i NRKs kartlegging:

  • 33 prosent av dei som sit i fengsel i dag, er ikkje norske statsbogarar, altså kvar tredje.
  • Omlag halvparten av dei som sit inne for narkotikalovbrot, er utanlandske statsborgarar.
  • Kvar tredje innsett som sit inne for valdtekt, er utanlandsk statsborgar.
  • Andelen rumenske statsborgarar har auka kraftig. Er i dag den tredje mest respresenterte utanlandske nasjonen i norske fengsel. Per 20. august 2004 var det ingen rumenarar i fengsel i Norge. I dag er talet 128.
  • 46 av 195 kvinner som sit inne per 20. august 2014 er utanlandske statsborgarar.
Fengselsbefolkning - per 20. august 2014
Ullersmo fengsel - avdeling A

ALVORLEGE DOMMAR: Av dei som sit på lange og alvorlege dommar i Ullersmo fengsel er sju av ti utanlandske statsborgarar. Dette dreier seg om narkotikakriminalitet, drap, valdtekt og grov vald.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ullersmo fengsel, 19. september 2014

121 av totalt 190 innsette er utanlandske statsborgarar. Dei sonar for drap, valdtekt, alvorleg narkotikakriminalitet og grov vald og mishandling.

I Ullersmo fengsel sit mange av dei farlegaste fangane i Norge. Dei sonar lange dommar, og har gjort seg skuldige i dei mest alvorlege lovbrota. Fangane her må i snitt vere seks år bak murane. Til samanlikning er landssnittet 81 dagar.

Ifølgje Kriminalomsorgen sit utlendingane jamt over lenger i fengsel enn norske statsborgarar, fordi dei ofte begår meir alvorleg kriminalitet.

– Den absolutt største kriminalitetsgruppa blant dei utanlandske som sit her er grov narkotikakriminalitet. Dei fleste har smugla store mengder narkotika inn til Norge, seier fungerande direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel.

Av dei som sit på lange og alvorlege dommar i Ullersmo er sju av ti utanlandske statsborgarar:

Avdelingsleiar Jan Arve Sunde i Ullersmo fengsel starta i fengselsvesenet på starten av 80-tallet. Befolkinga i norske fengsel har endra seg markant sidan den gong.

Då Jan Arve Sunde starta å jobbe på Ullersmo på starten av 80-talet var det nesten ingen utanlandske innsette. No er utanlandske statsborgarar i stor overvekt.

– Den absolutt største kriminalitetsgruppa er grov narkotikakriminalitet. Dei aller fleste utanlandske som sit her har smugla store mengder narkotika inn til Norge, seier fungerande direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel.

Ifølgje Kriminalomsorgen sit utlendingane jamt over lenger i fengsel enn norske statsborgarar, fordi dei ofte begår meir alvorleg kriminalitet. Av dei som sit på lange og alvorlege dommar i Ullersmo er sju av ti utanlandske statsborgarar, fortel fengselsdirektør Bernt Nordhaug.

Ullersmo fengsel har såkalla «høyt sikkerhetsnivå» fordi dei fleste innsette her her dømde for svært alvorlege lovbrot. Alle som skal inn må tryggleiksklarerast på førehand. Mobilen må leggjast igjen på utsidan. Gjestar får ikkje ein gong ha med seg minnepennar inn i fengselet. Dei tek ingen sjansar. Fengselet skal ha kontroll. Dei må ta dei førehandsreglane dei kan. Alle som skal besøke fengselet må også kroppsvisiterast og alt utstyr må gjennom ein skanner, lik dei som er på flyplassane.

Dei seier at Norge er ei honningkrukke. At ein nesten bare kan komme og hente honninga her, eller pengane eller kva det måtte vere. Mange av dei innsatte seier det.

Avdelingsleiar Jan Arve Sunde i Ullersmo fengsel

Når avdelingsleiar Jan Arve Sunde spaserer bortover gangen høyrer ein lyden av nøklar som klirrar. Vi må gjennom fleire dører før vi kjem inn til området der dei innsette er.

– Her er luftegården. Fotballbana er der. Volleyballbana er der borte, seier han og peikar.

Sunde starta i fengselsvesenet på starten av 1980-talet, og har no rundt 30 års erfaring.

– Dette er avdeling A. Her er det tre nordmenn som sonar. Resten er utanlandske. Det er totalt 19 innsette på denne avdelinga, seier Sunde.

Ein fengselsbetjent og ein innsett sit og spelar sjakk i det vi kjem inn på avdelinga. Den innsette, ein ung afrikansk mann, er det dei kallar «ganggutt», men har no ein liten pause frå jobben.

– Dei innsette er på arbeid eller på skule i fengselet no. Dei har aktivitetsplikt. Det er kun ganggutane som er på avdelingane på dagtid. Dei har ansvar for vask og at det er orden. Dei har litt ekstra ansvar enn dei andre innsette.

Avdelingsleiar Jan Arve Sunde i Ullersmo fengsel

HONNINGKRUKKE: Avdelingsleiar Jan Arve Sunde i Ullersmo fengsel seier mange utanlandske innsette fortel at dei ser på Norge som ei honningkrukke, og at dei kjem hit fordi det er attraktivt.

Foto: Simon Solheim / NRK

Då Jan Arve Sunde starta som fengselsaspirant for rundt 30 år sidan var det nesten bare nordmenn som sat bak murane.

– Dei første utanlandske innsette eg kom i kontakt med var engelskmenn huskar eg. Etter kvart var det ein del nederlendarar i fengselet. På 90-talet var det albanske innsette som dominerte ein periodar. No er polakkane den største gruppa. No ser vi også at rumenarar er på full fart inn i fengselsvesenet, seier Sunde.

Opp gjennom åra har han gjennomført fleire samtalar med dei innsette, og han seier at mange av dei utanlandske som sonar her fortel at dei kjem til Norge fordi det er eit attraktivt land.

– Dei seier at Norge er ei honningkrukke. At ein nesten bare kan komme og hente honninga her, eller pengane eller kva det måtte vere. Mange av dei innsette seier det.

Hadde ikkje nordmenn brukt så mykje narkotika, hadde ikkje kriminelle komt hit. Ein må selge narkotikaen ein stad. Det er bedre å selge det i eit anna land enn i sitt eige.

«Tomasz» (31) frå Polen
Han sonar ein dom på fem års fengsel, mellom anna for kidnapping og grov vald.

Narko-Norge lokkar

«Lukas», som vart teken med nærare 21 kilo amfetamin, meiner han er uskuldig dømd, og hevdar han ikkje hadde noko med smuglinga å gjere. Men både tingretten og langmannsretten dømde han til fengsel. Dei festa ikkje lit til forklaringa hans.

For han er det vanskeleg å svare på kvifor mange kriminelle kjem til Norge:

– Norge er eit rikt land, men dei som vil vere kriminelle reiser til det landet dei vil, seier han.

«Tomasz» (31) frå Polen kom eigentleg til Norge for å jobbe som handverkar i 2008. Etter kvart kom han inn i eit kriminelt miljø, som var prega av tungt rusmisbruk.

– Ein dag våkna eg i arresten, seier han.

– Korleis var det?

– På ein måte var det godt å bli tatt, for det fekk meg til å slutte å vere med dei folka. Eg våkna eigentleg. Men det er også litt kjipt. Å sone ein dom på fem års fengsel er mykje.

Han fortel at det var mest nordmenn i hans miljø. Han vil ikkje prate så mykje om det han har gjort, men han seier dommen mot han er riktig. Han er mellom anna dømd grov vald og kidnapping.

– Eg var i eit veldig farleg miljø. Når ein er med slike menneske, gløymer ein alt. Eg tenkte kun på narkotika og pengar, og på å ruse meg. Det er ikkje bra, seier 31-åringen.

– Kvifor trur du mange polske og litauske kjem til Norge for å begå kriminalitet?

– Pengar... Ja, pengar. Money is the devil in the world. Kriminelle reiser til mange land, ikkje bare til Norge. Men Norge er attraktivt, kanskje det mest attraktive landet ein kan reise til.

– Kvifor det?

– Nordmenn brukar mykje narkotika. Det er lettare å selge narkotika her. Norge er eit ganske sinnsjukt land eigentleg. Midt i byen sit folk med sprøyter og brukar dop. Det ser ein ikkje i Polen eller Tyskland eller andre land. Første gong eg såg dette problemet var då eg kom til Norge. Det er eit stort problem.

Ullersmo fengsel - avdeling A

16 AV 19: På avdeling A i Ullersmo fengsel sit det kun tre nordmenn. Avdelinga har totalt 19 fangar. Mange av dei som sit på dei mest alvorlege dommane, sit her på Ullersmo. 121 av 190 innsette her er utanlandske statsborgarar.

Foto: Simon Solheim / NRK

Mindre kriminalitet blant busette

Eit stort fleirtal av dei utanlandske statsborgarane som blir fengsla, har liten eller ingen tilknytning til Norge, ifølgje Kriminalomsorgen. Tala viser at utlendingar med opphaldsløyve og bustad i Norge er i stort mindretal.

Ragnar Kristoffersen

Ragnar Kristoffersen, forskar ved Kriminalomsorgens utdanningssenter, skildrar auken i utanlandske innsette som dramatisk.

Av utanlandske statsborgarar som blei fengsla i fjor, var 7 av 10 oppført utan adresse, jobb eller pårørande i Norge.

– Det viser at det ikkje er utanlandske borgarar som er bosett i Norge som er årsaka til at det er så mange utlendingar i norske fengsel, seier Ragnar Kristoffersen, forskar ved Kriminalomsorgens utdanningssenter.

Han stadfestar biletet NRK presenterer. Han har i fleire år forska på utanlandske innsette i norske fengsel.

– Det er ganske udiskudabelt at det har vore ein dramatisk auke i talet på utanlandske innsette, medan talet på norske statsborgarar har vore ganske stabilt dei siste ti åra, seier Kristoffersen.

– Kva er årsaka til auken?

– Det er vanskeleg å gi eit konkret svar på det, men vi fekk ein ganske stor auke etter 2007. Då gjekk åtte aust-europeiske land inn i Schengen-samarbeidet. Etter det fekk vi ein dramatisk auke i utanlandske innsette. Det blei då lettare å krysse landegrensene.

Han seier Norge er eit attraktivt land for organiserte utanlandske kriminelle.

– Det gjeld spesielt for dei som driv med vinningskriminalitet og smugling av narkotika. Vi ser at det er mange profesjonelle utanlandske kriminelle som driv denne formen for kriminalitet som blir fengsla i Norge. Det er mykje rikdom her og det er lett å stjele. Profittmotivet står sentralt. Det er heilt åpenbart.