Anne Slåtten

BLEI DREPEN: 6. juni 2004 blei Anne Slåtten funnen drepen i Førde. Ein mann frå Sunnfjord blei dømt til 15 års fengsel for drapet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det siste bildet

Bildet av Anne Slåtten vil aldri endre seg. For ti år sidan blei ho brutalt overfalt og drepen på veg til jobb i Førde. Nyleg slapp drapsmannen ut av fengsel, men for foreldra er sorga livsvarig.

DRAP

BLOMAR PÅ FUNNSTADEN: I timane og dagane etter drapet kom mange og la ned blomar og helsingar på fortauet, rett ved der Anne blei funne.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Førde, søndag 6. juni 2004: Sjukepleiarstudenten Anne Slåtten er på veg til jobb på sjukeheimen i Førde. Nokre hundre meter frå arbeidsplassen blir ho overfalt og drepen. Dagen etter blir ho funnen i eit kratt av ein tilfeldig forbipasserande. Først fire månader seinare blir ein mann pågripen, og seinare dømd til 15 års fengsel for ugjeringa.

Randøy i Ryfylke, august 2014: Marta Bjelland Slåtten (61) og ektemannen Gudmund Slåtten (67) sit stille i stova og ser først på kvarandre og smiler forsiktig, før ho skjenkar i kaffikoppane ho har henta fram. På veggen heng bilder av barn og barnebarn. På ei hylle står ein engel og eit tent lys, ved sidan av eit bilete av dottera Anne.

– Dei andre får vi jo nye bilder av, men av Anne har vi jo berre det siste bildet. Ho forandrar seg jo ikkje, seier Marta og tørkar vekk ei usynleg tåre frå augekroken.

Den skjebnesvangre søndagen i juni 2004 er ho på fylkesårsmøte i sanitetslaget. Det er hektisk, men Marta er glad. Det einaste ho agar seg for er at ho ikkje har fått snakka med dottera Anne i løpet av helga.

Marta Bjelland Slåtten (61) og ektemannen Gudmund Slåtten (67)

FRAMLEIS I SORG: Marta og Gudmund heime i stova på Randa. Bildet av Anne vil stå der til for alltid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– På veg heim så var det første eg tenkte på at eg måtte ringe til Anne. Eg hadde ikkje snakka med ho heile helga, og det var litt uvanleg. Eg snakka med ho på telefon mange gonger i veka. Men eg kom ikkje så langt. Då eg kom heim fekk eg telefon at Anne var sakna, og at ho ikkje var komen heim frå jobb.

– Kva tenkte du då?

– Då tenkte eg med ein gong at det måtte vere noko som hadde skjedd. For det var heilt uvanleg av Anne å ikkje gje beskjed. Ho var pliktoppfyllande. Det hadde aldri hendt verken heime eller på skule at ho ikkje hadde gjeve beskjed.

– Kva gjorde de då?

– Vi ringde kjærasten hennar. Han hadde også prøvd å ringe ho. Men utan å få svar. Han hadde i grunn trøysta seg litt med at ho ofte var spontan, og ofte drog

Atle Dyregrov

ETTERLYSER MEIR TIL SORG: Psykolog Atle Dyregrov meiner at det har vore forska for lite på seinverknadene av dramatiske hendingar.

Foto: arkiv / NTB scanpix

heim for å overraske han. Han hadde slege seg til ro med det. Når han høyrde at vi ikkje hadde hatt kontakt, så byrja han også å bli uroa.

Marta Bjelland Slåtten og Gudmund Slåtten

LYS I MØRKERET: Marta Bjelland Slåtten og Gudmund Slåtten heime på Randa i Ryfylke. Det har gått 10 år sidan dottera deira vart drepen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Førde, måndag 7. juni 2004:

Eg tykkjer vi i stor grad og med rette har løyvd mykje midlar til traumefeltet, men sorgfeltet er eit stebarn

Psykolog Atle Dyregrov

Saman med kjærasten til Anne, Kjartan, kjem Marta og Gudmund med fly til Førde. Dei blir henta av politiet og blir køyrt rett opp til høgskulen der Anne er student. Ikkje lenge etter så kjem ein politimann til dei og fortel at Anne er funnen død. Drepen av ein ukjend gjerningsmann. Den 22 år gamle jenta er frårøva livet. Sjokket er enormt og hendinga ufatteleg.

Marta, Gudmund og Anne sine to systrer kjenner seg etter ei stund heilt åleine om sorga. Men aleine er dei likevel ikkje. Kvart år blir nye familiar råka av drap der gjerningspersonen ikkje blir funne med ein gong. Nokon får aldri svar på kven eller kvifor.

Sidan 1988 har det vore 28 drap i Norge der drapsmannen, eller kvinna, aldri har blitt tekne. Drap som har festa seg i det norske folk sitt minne, som drapet på ni år gamle Therese Johannessen i Drammen i 1988, eller drapet på 21 år gamle Trude Espås i Geiranger i 1996. Andre igjen opplever drap der gjerningsmannen blir teken, men først etter lang tid.

Dei andre får vi jo nye bilder av, men av Anne har vi jo berre det siste bildet. Ho forandrar seg jo ikkje.

Marta Bjelland Slåtten

Men når ein ikkje står heilt nær, vil minna sakte forsvinne. For foreldre, søsken, barn og dei næraste er tankane og sorga like sterk i månadane og åra etter.

– Det å få nokon nære drepne, er noko av det vanskelegaste å takle. Særleg om ein mister eit barn, så er det ei livslang sorg. Sorga behøver ikkje vere slik at du ikkje kan fungere ved sidan av, men dei pårørande ber dette med seg. Det kan særleg vere smertefullt når ein passerer årsdagar og høgtider. Nokon slit også mykje fordi omgjevnadane gløymer så fort.

Marta Bjelland Slåtten

TILGJEV ALDRI: Marta Bjelland Slåtten er framleis sint på mannen som tok livet av dottera hennar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det seier ein av dei som kan mest om kriser og sorg her i landet, psykolog Atle Dyregrov. Nær dagleg møter han pårørande som aldri kan og aldri vil gløyme det som skjedde då ein av deira næraste brått vart riven bort.

– Reaksjonane til å byrje med er prega av at ein er beskytta av sjokket rundt det som har skjedd. Etter kvart som månadane og åra går, så tek ein meir innover seg det som har skjedd, samstundes som folk rundt deg hevar augebrynene og undrar seg over at du tenkjer på det framleis. Det er ei einsam sorg, seier Dyregrov.

Laster innhold, vennligst vent..

Førde, torsdag 7. oktober 2004:

Ei massiv DNA-testing av menn i Sunnfjord blir sett i verk, og etter fire månader får politiet brått treff. Ein 42 år gamal mann frå Gaular blir pågripen og sett i varetekt. Etter fire månader intens jakt meiner politiet at dei har teke mannen som drap Anne Slåtten. Mannen nektar for å ha noko med forsvinninga å gjere. På Anne sin BH er mannen sin DNA.

Aldri tidlegare har det vore ei så omfattande politietterforsking i Sogn og Fjordane. Politiet i Førde har i stor grad jobba med småkriminalitet. Lensmann Kjell Fonn anar uråd då han søndag 6. juni 2004 får inn meldinga om at sjukepleiestudenten Anne Slåtten er sakna.

Eg trur eg blei meir reflektert og tenkjer meir over livet og korleis det brått kan endre seg.

Tidlegare lensmann Kjell Fonn

– Då vi fekk meldinga sette vi i gang etterforsking, for å finne ut mest mogleg om vedkomande. Etter kvart som vi jobba med det, så såg vi at dette var ei veldig ordentleg jente som var oppteken av studia sine. Etter kvart som dette skreid fram, og det ikkje kom noko livsteikn frå henne, så byrja vi å ane at det kunne ha skjedd noko alvorleg, seier Fonn i dag.

Kjell Fonn

GLØYMER ALDRI: Pensjonert lensmann i Førde, Kjell Fonn. Drapet på Anne Slåtten er den saka han aldri kjem til å gløyme frå si tid i politiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Og svaret kom alt dagen etter. I Angedalsvegen, like ved storstova Førdehuset, såg ein tilfeldig forbipasserande at det låg noko inne i buskaset.

DRAP

PREGA: Lensmann Kjell Fonn på pressekonferansen i Førde to dagar etter drapet på Anne Slåtten.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Då vi fekk den meldinga, så tenkte eg at det kunne vere den som var sakna. Så eg sende bort eit par mann, ikkje lenge etter ringde dei til meg og sa at dei hadde gjort funn av ein sakna person. Då forstod eg med ein gong at det måtte vere Anne Slåtten som låg der.

Han er no pensjonist, men drapet på Anne Slåtten kjem han aldri til å gløyme. Saman med KRIPOS gjennomførte det lokale politiet svært mange avhøyr, og mange menn vart kalla inn for å avgje DNA-prøver. Berre eit fåtal nekta. Etter fire månader kom svaret Fonn og kollegaene venta på. Dei hadde fått treff, og kunne gå til pågriping av den 42 år gamle sagbruksarbeidaren frå nabokommunen.

– Det var jo veldig spesielt. Dette var jo gjerne slikt ein les om at skjer andre stader. Så brått skjer det i eige distrikt, og det var jo ei veldig alvorleg sak som ein då stod midt oppe i.

– Forandra det deg som person?

– Det er kanskje vanskeleg å seie, men eg trur eg blei meir reflektert og tenkjer meir over livet og korleis det brått kan endre seg.

Marta Slåtten skjenker i meir kaffi. Gjennom vindauga i stova ser dei seinsommarskola skine over ein blåblå fjord. Randøy i Hjelmeland kommune er ingen stor stad. Og her ute på Randa er dei nær aleine. Kvar dag blir ho og mannen minna om dottera Anne som blei drepen.

– Anne er med meg heile vegen. Det er ikkje likt kvar dag. Det er jo tunge dagar og nedturar i ulike samanhengar. Som når det er familieselskap, når det er spesielle datoar. Då er det ekstra kjensler.

Etter nokre få dagar i Førde då Anne vart funnen drepen drog dei heim til den vesle grenda og garden i Ryfylke.

– Vi kom heim og naboar kom og dei kom med kaker. Vi fekk veldig mykje besøk. Det er jo slik at alle kjem i starten og ein hugsar knapt kven som har vore der. Vi fekk enormt med blomar, kort og brev frå folk som knapt kjende. Det varma jo veldig. Dei andre jentene våre kom jo også heim. Så det gjekk ei god stund før vi var heilt aleine. Det var ein vanskeleg dag, då vi brått sat der heilt aleine.

Marta og Gudmund blir stille. Det er vanskeleg å snakke om det verste som har skjedd dei og den einsemda dei kjenner på kvar dag. Men i september skal dei få snakke med andre i same situasjon. Kvart år dreg dei til Grimstad på seminar i regi av Stine Sofie-stiftelsen. Der møtes pårørande til drapsoffer. Dei har alle noko felles som knapt ingen andre kan forstå.

– Det er ei knalltøff helg, men samstundes så er det godt å kome saman med andre i akkurat den same situasjonen. Det har vi valt å reise på kvart år, og det er stadig nokre nye som er der, dessverre.

I etterforskinga etter drapet på Anne Slåtten måtte politiet bruke lang tid og syne stort tolmod jakta på drapsmannen. TV, radio og aviser var fulle av stoff om drapet. I alt blei det publisert 4220 artiklar om drapet i 2004, og nær 2000 i 2005. Lensmann Kjell Fonn vart brått den alle ville snakke med, og han stod fjellstøtt som pressetalsmann for det lokale politiet då merksemda var størst.

– Eg følte det ikkje som eit veldig sterkt press. Men det er klart at publikum forventa at no måtte politiet finne ut kven som hadde utført denne gjerninga. Det følte vi sterkt på, men vi var nøydde til å vere tolmodige og grundige.

KIRKE BEGRAVELSE ANNE SLÅTTEN

GRAVFERDA: 15. juni 2004 blir Anne Slåtten ført til den siste kvilestaden. I dag ligg ho gravlagd den vesle gravplassen på Randøy.

Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix

Bergen fengsel, våren 2014:

Ein mann i 50-åra pakkar saman sakene sine, takkar for seg og set kursen mot ei lita bygd i Sunnfjord. Han har heile tida nekta for at det var han som drap Anne Slåtten søndag morgon den 6. juni 2004. Men bevisa mot han var meir enn sterke nok til at han blei dømd i Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett. Han anka til Høgsterett, men dei avviste anken.

Mindre enn ti år etter at han blei dømd er sunnfjordingen i dag ein fri mann, men er stadig under oppsyn frå kriminalomsorga. Han blei dømd til 15 års fengsel, men søkte om å få sleppe ut då han hadde sona 2/3 av straffa. Marta og Gudmund Slåtten fekk vite dette då dei fekk eit brev i posten.

– Det er jo ein dag eg har tenkt forferdeleg mykje på, og korleis eg kom til å reagere på det. Sjølv om ein har gått og venta på den dagen, og ein veit at den dagen kjem. Likevel når ein får brevet om at han er ute, så blei det tøft, seier Marta.

– Har de hevntankar?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Eg blei ikkje ein bitter person uansett, men det gjer vondt. Det er så mykje som følgjer med. Du ser meir bakover enn framover og motivasjonen forsvinn. Eg har alltid hatt mykje positivt å sjå tilbake på i livet mitt, men dette tærer, seier Gudmund.

Psykolog Atle Dyregrov er overtydd om at både sorg, sinne og djup frustrasjon er naturleg for pårørande etter drap. Og dette er kjensler som må vere der for å kome gjennom ikkje berre den første fasen, men resten av livet. Men Dyregrov etterlyser eit langt større fokus på sorgarbeid, ikkje minst i eit langtidsperspektiv.

– Eg tykkjer vi i stor grad og med rette har løyvd mykje midlar til traumefeltet, men sorgfeltet er eit stebarn. Vi må også ha eit hjelpeapparat som kanskje ein gong i året forstår at ein må ha samtalar med ein familie om sorg, sjølv om det kanskje har gått mange år. For dei er kanskje dette det viktigaste og vanskelegaste som har skjedd i deira liv.

Ti år er gått sidan det siste bildet av Anne Slåtten blei teke. Ti år er gått sidan ein mann tok livet hennar på ein brutal måte. Ti år i sorg for familie og vener, men også ti år med ein gjerningsmann som aldri har tilstått.

Marta Bjelland Slåtten ser ut av vindauga. Seinsommarsola skin på Randøy denne dagen, uvitande om at dei varme strålane aldri blir sterkare enn skuggane av sorg i hennar sinn.

– Håpar du at han tilstår ein dag?

– Ja, det håpar eg at han gjer. Eg tykkjer det manglar litt når han ikkje har gjort det. Alle seier jo at det er så sterke bevis at eg ikkje treng å tvile på at det er han. Men likvel så føler eg at det hadde vore annleis om han hadde tilstått og synt litt anger. Eg er sint på han, han tok jo det kjæraste vi hadde. Eg klarer ikkje å tilgje han.