Hopp til innhold

«Bileta på åstaden er skremmande like staden der Anne vart funnen»

Drapssaka i Ålesund vekkjer svært vonde minne for Marta Slåtten (60). For ni år sidan vart dottera hennar Anne overfallen, drepen og forsøkt valdteken i Førde.

Anne Slåtten-drapet

KREVJANDE: Martha Slåtten (60) miste dottera si Anne Slåtten i 2004, då ho vart overfallen og drepen i Førde. Saka i Ålesund vekkjer vonde minner.

Foto: Ole-André Lagmandokk/NRK / NRK

– Eg har hatt mange nedturar, men dette er ein av dei verste. Bileta frå

åstaden i Ålesund er skremmande like staden der Anne vart funnen. Skogen, krattet og området er nesten heilt identisk. Eg følte at det var nyheitene om Anne eg såg. Det vart ei svært tøff helg, seier Slåtten til VG.

Kvinna er tydeleg prega av situasjonen.

Den 22 år gamle Anne Slåtten frå Hjelmeland i Rogaland var på veg til jobb ved Førde helsetun, då ho 6. juni 2004 vart brutalt overfallen i Angedalsvegen i Førde.

Kvinna vart etter knapt eit døgns leiting funnen drepen i eit skogkratt like ved Førdehuset.

Tenkjer på dei pårørande

Trass i at det er vondt å sjå på, har Slåtten følgt med på mediedekkinga av drapet på Anja Weløy Aarseth (21) i Ålesund.

– Det er så mange likskapstrekk. Begge tok sine forholdsreglar og var i område der det var folksamt og det var lyst ute. Anne gjekk langs ein hovudveg, og Anja var på joggetur. Likevel kan noko slikt skje, seier Slåtten til avisa.

Slåtten har tidlegare fortalt til NRK at drapet på dottera er noko ho ikkje kjem over, og at det framleis pregar heile familien sterkt. Ho veit kva som ligg framfor familien til den drepne kvinna i Ålesund.

– Eg veit kva som møter dei, og kor tøft dei har det. Det er ein lang prosess, og ei uuthaldeleg lang ventetid på å finne ut kva som har skjedd, og få teke gjerningsmannen. Uvissa er forferdeleg, så eg håpar for familien si skuld at politiet klarar å løyse saka så fort som råd, seier Slåtten.

Fekk match på DNA

Obduksjonen av Anne Slåtten synte at kvinna hadde døydd av kveling. Det var mellom anna teke fleire tusen DNA-prøvar av personar som hadde vore i området på det gitte tidspunktet, og det var også det som gjorde at politiet til slutt fekk hol på drapssaka.

Vel fire månader etter hendinga, fekk politiet eit DNA-treff, og ein 42 år gammal mann frå Bygstad i Gaular vart pågripen.

Politiet i Ålesund er i gang med DNA-prøvetaking frå alle menn som har vore i området rundt funnstaden på byfjellet Aksla i Ålesund der studenten Anja Weløy Aarseth vart funnen drepen laurdag.

Slåtten er framleis sterkt prega av drapet der ho miste den eine dottera si.

– Eg slit framleis, og det er ein del nedturar. Det er spesielt vanskeleg rundt datoen då drapet skjedde, seier Slåtten til avisa.

Fekk til slutt 15 års fengsel

Gaulværingen som vart sikta for drapet på Anne Slåtten, nekta for drapet, og sa han ikkje hugsa noko frå drapsnatta. Mannen vart likevel i tingretten dømd for drapet, men han anka saka til Gulating lagmannsrett.

Det gjorde også aktor, då han meinte at 13 års straff ikkje var nok for det han kalla eit gruoppvekkjande brotsverk.

Gulating lagmannsrett auka straffa til 15 år for mannen. Bygstadmannen anka til Høgsterett, men dei forkasta anken.