I slutten av oktober gav regjeringa grønt lys for fylkesopplysning. Troms og Finnmark gjekk raskt inn for skilsmisse.
No kan Innlandet gå same veg.
Eit knapt fleirtal meiner fylkeskommunen skal gjennomføre ein såkalla rådgivande folkeavstemming om oppløysing av Innlandet før et endeleg vedtak i februar neste år. 29 representantar stemte for folkeavstemming, mens 28 stemte imot.
Dramatisk avstemming
For 14 dagar sidan gjekk representantskapet i Innlandet Arbeidarparti inn for eit rungande nei til å løyse opp storfylket. Dermed trudde dei fleste det var spikaren i kista og at det ikkje var nokon sjanse for fleirtal for forslaget i dag.
Men slik blei det ikkje. Støtta kom frå uventa hold.
Arbeidarpartiets Erik S. Winther gjekk onsdag imot gruppa og stemte for folkeavstemming.
Da partiets fylkestingsgruppe behandle saka i slutten av november var Winther den einaste som ikkje stemte for at Innlandet skal bestå.
Blei kasta ut av møtet
– Eg stemte for i dag fordi dette berre er ei rettleiande sak. Vi må tørre å høyre kva befolkninga meiner, seier Winther.
Som følge av å ha gått imot gruppa, vart Winther kasta ut frå gruppemøtet i etterkant av avstemminga.
– Møteleiar bad meg gå. Dei måtte diskutere ein annan strategi. Eg veit ikkje kva dei skal diskutere utan meg på laget.
Det er ein naturleg reaksjon å bli vist ut av møtet når ein i partiet frontar eit anna syn, meiner fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap).
– Eg synas det er dårleg stil å komme hit utan å ha meldt for oss at han skal bryte med representatsvedtaket. Vi skal ta det til etterretning, seier han.
Hagen vil ikkje kommentere om det vil føre til eksklusjon.
– Eg forventar at partiet tar tak i dette og tar stilling til korleis det skal handterast vidare. Men det er ikkje på mitt bord å handtere vidare, seier Hagen.
Arbeidd hardt for oppløysing
Fylkesvaraordførar i Innlandet, Aud Hove (Sp), var spent før avstemminga. Ho var klar over at det kunne komme til å bli berre ei stemme som ville avgjere
Det som samlar oss som parti er at vi ønsker folkeavstemming. Eg håpar verkeleg vi få til et fleirtal, sa Hove.
Som i mange av dei andre fylka som vart samanslått som ein del av regjeringa Solbergs kommune- og regionsreform i 2019 og 2020, var det store usemjer i Hedmark og Oppland då dei to fylka blei samla til Innlandet 1. januar 2020.
Både Senterpartiet og Ap som nå sit med makta saman i fylkestinget var imot det nye fylket.
Senterpartiet har arbeidd knallhardt for ei oppløysing, og har fremma ei folkeavstemming. MDG, Raudt, SV, Pensjonistpartiet og Frp hadde alle signalisert støtte til forslaget.