Hopp til innhold

Ber om nye utgreiingar av bybanetraseen

Byrådet ber fagetaten sjå på bybanetraseen gjennom Bergen sentrum på nytt.

Filip Rygg og Bybanen

Filip Rygg (KrF) vil ha meir kunnskap om kostnadane for bybanetraseen gjennom sentrum.

Foto: Bergen kommune

Det skriv Bergens Tidende i dag.

Avgjerda kjem etter at bystyregruppene til Høgre og Arbeidarpartiet kjem til å be om ei tunnelløysing for Bybanen sin veg gjennom sentrum til Eidsvåg og Åsane.

Det var i slutten av november at Høgre si bystyregruppe vraka alternativet framfor Bryggen med klar margin. Berre dagar etter valde altså bystyregruppa til Ap det same.

Ifølgje BT hadde plansjefen i kommunen allereie gjort ferdig ei anbefaling om å leggje traseen over Bryggen. No må byrådet få ein ny gjennomgang før dei legg fram sitt forslag for bystyrepolitikarane.

– Kva vil det kosta?

Det er eit av spørsmåla fleire har stilt seg etter at bystyregruppene til H og Ap gjekk inn for å leggje traseen i ein tunnel framfor å leggje den framfor Bryggen.

I utgreiinga skal ein finna ut kva den faktiske kostnaden blir om ein vel å byggja tre tunnelar i Bergen; ein forlenging av Fløyfjellstunnelen, Skansentunnelen og bybanetunnelen.

Kva det vil seia for bompengeringen er også ein av faktorane i dei nye utgreiingane som byrådet no har bestilt.

– Vi gjer dette for å imøtekomma dei partia i bystyret som ønskjer at vi gjer dette. Det skal ikkje bli noko dramatisk tidsbruk i forbindelse med dette, seier byutviklingsbyråd Filip Rygg (KrF) til BT.

Her er dei ulike alternativa: