Tidleg i førre veke blei bergenspolitiet kontakta av Politiets utlendingseining. Oppdraget Utlendingsseksjonen fekk, var å arrestere ein afghansk borgar.
Årsaka var at mannen i starten av 20-åra, som skulle opphalde seg på Arna mottakssenter i Bergen, skulle sendast ut av landet.
Men etter kvart fann politiet ut at afghanaren ikkje lenger oppheldt seg på mottaket. Etter fleire undersøkingar kjem dei over namnet til Rudi Bakken i eit dokument som fortel at Bakken har vore oppnemnd som verje for afghanaren.
Bakken har jobba 20 år på asylmottak, og har lenge engasjert seg for ein meir liberal asylpolitikk. I 2012 samarbeidde han med Margaret Olin om filmen «De andre», om norsk asylpolitikk. I år har han blitt kjend som leiar av støttegruppa til irakiske Taiman Agid Fatah, som i januar blei uttransportert etter 13 år i Noreg.
- LES OGSÅ:
Bakken seier han aldri har hatt negative røysler med politiet gjennom arbeidet sitt. Inntil fredag førre veke.
Fekk tre politibetjentar på døra
I jakta på afghanaren bestemmer bergenspolitiet seg for å oppsøke heimen til Bakken. Fredag føremiddag står tre sivile polititenestemenn på døra hans i Bergen.
– I utsendingssaker er ofte flybilletten bestilt på førehand, og ein har førebudd seg. Då er ikkje utsendinga noko som kan vente til neste veke – det skal helst skje der og då. Vi ønskjer kontakt med Bakken, som har dukka opp på ein fullmakt, fortel politiadvokat i bergenspolitiets utlendingsseksjon, Arne Fjellstad.
Det som skjer etter at døra blir opna, får Bakken til å reagere sterkt.
I ein kronikk publisert på nettstaden Radikal Portal, hevdar Bakken at politiets besøk heime hjå han «liknar ein type menneskejakt som pågår i land vi ikkje likar å samanlikne oss med».
– Det oppfattast som brutalt
Bakken var ikkje sjølv heime då politiet kom på døra, men hadde ein utanlandsk ven på besøk. Det var han som opna for dei tre betjentane.
– Politiet spurde kvar eg var, kvar eg jobba, om telefonnummer og så vidare, utan å oppgi nokon vidare grunn. Så ba dei om lov til å kome inn. Etter ei stund byrja ein av betjentane å sjå gjennom papirer eg hadde, før vennen min sa at «det der trur eg ikkje er lovleg». Då gav dei seg med det, seier Bakken.
Ifølge Bakken skal kameraten ha opplevd at politiet presset på for å bli sluppet inn i leiligheten. Han har også fått forklart at politiet gjekk inn i stua og på soverommet hans. Bakken reagerer sterkt på det han opplever som ei ransaking, og at han ikkje blei kontakta på førehand.
– Dei kunne ha kontakta meg via e-post, telefon, eller brev. Eg opplever den forma dei valde som særs dramatisk. Eg har ikkje gjort noko gale. Det kan ikkje ein gong vera grunn til mistanke om at eg har gjort noko ulovleg. Det oppfattast som brutalt å få besøk nærast i ransakingsform, seier Bakken.
- LES OGSÅ:
Politiet: – Vi blei invitert inn
Politiadvokat Arne Fjellstad i Utlendingsseksjonen forsvarar politiet sin framgangsmåte. Han har diskutert saka med to av dei tre betjentane som oppsøkte Bakken fredag.
– På adressa er det ein annan utlending som opnar døra. Mannen presenterer seg, og slik eg har fått det forklart frå politibetjenten som leidde dette, så blir ein invitert inn. Sidan det er ein utlending, sjekkar ein ID. Vi spør kvar Rudi Bakken er, for vi ønskjer å snakke med han, nettopp for å høyre om han har opplysningar som kan hjelpe oss til å finne ut kvar afghanaren er blitt av. Og så går dei derifrå, seier Fjellstad.
Ifølgje politiadvokaten fekk politiet like etter heimebesøket kontakt med Bakken på telefon.
– Kort tid etter har eg fått opplyst at Rudi Bakken og politibetjenten er i samtale. Ein får då opplysningar frå Bakken som gjer det lettere for oss å ha ein idé om kvar afghanaren har blitt av. Det kan synest som om han har forlatt Noreg i det det byrja å brenne litt under beina på han, seier Fjellstad.
– Kvifor ringte de ikkje Bakken før de dro heim til han?
– Fordi vi ville snakke med han. I vårt arbeid handlar det også om kommunikasjon. Kvifor tenestemennene gjekk opp der for å snakke med han, i staden for å ringe han og ikkje få tak i han, det veit eg ikkje. Han svarar ikkje på telefonen, vi får ikkje fatt i han, seier Fjellstad.
Etter å ha dobbeltsjekka med politibetjentane, seier Fjellstad at dei forsøkte å ringe Bakken før dei forlot politihuset.
– Kva gjorde politiet i leilegheita?
– Dei som var involvert seier at dei ikkje har sett i nokre dokument eller papirer. På eit tidspunkt forflytta ein av dei litt bort frå dei andre, men då var det for å snakka med Politiets utlendingseining i Oslo. Eg veit ikkje kvifor det blir sagt at politiet har gått rundt og leita etter ting i huset hans, seier Fjellstad.
- LES OGSÅ:
Jusprofessor: – Kan vera i strid med lova
Jusprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen meiner politiet har brote lova dersom dei ikkje har opplyst om kva dei ville før dei blei sleppt inn heime hjå Bakken.
– Viss dei sa at dei var der for å sjå etter utlendingen som skulle uttransporterast, og fekk lov til det, er det i samsvar med straffeprosesslova. Men viss dei ikkje gir beskjed om kvifor dei er der, og i tillegg byrjar å rote etter andre ting, så er det ei ransaking i strid med lova, slik eg vurderer det, seier Einarsen.
Bakken reagerer også på at han ikkje blei kontakta av politiet på førehand. Einarsen påpeiker at det ikkje er naudsynt å varsle om ei ransaking.
– Det ligg jo litt i saka si natur at man då kan kome overraskande. Men det må jo vere ein reell grunn til den ransakinga. Ein kan ikkje gå og fiske etter bevis utan å ha mistanke og vedtak frå retten, fastslår jusprofessoren.
- LES OGSÅ:
– Berre bonus om afghanaren var der
– Eg reknar med at dei kom for å pågripe afghanaren eg var oppført som verje for, i og med at dei var tre betjentar, seier Bakken.
– Vi jobbar ofte i flokk. At vi er tre her, er nok tilfeldig. Det handlar ikkje om kva vi forventar å finne der. Det primære var å få snakke med Rudi Bakken, og viss den afghanaren hadde vore der, så hadde det vore ein bonus. Då hadde vi arrestert han, noko som var målet vårt, seier Fjellstad.
– Forstår du at Bakken opplever dette som mistenkeleggjering?
– Nei, det forstår eg for så vidt ikkje. Viss han føler det slik, er han i full rett til det. Men det har ikkje vore nokon intensjon, og han har jo svart og hjelpt oss veldig i denne saka. Så det at dette er hans reaksjon no, stemmer ikkje med dei signala han har gitt tidlegare, seier Fjellstad.
Bakken seier han etter politiets svar framleis oppfattar situasjonen som ulovlig inntrenging i heimen hans.
– Politiet blei ikkje invitert inn av meg. Dei fekk opplyst at eg ikkje var heime, og dei må då sjølv vite at dei må ha heimel for å ta seg inn i leilegheita. Det ville vore noko anna dersom dei hadde ransakingsordre, seier Bakken.
Han vil no klage hendinga inn for politimeisteren.
– Eg ønskjer eit skikkeleg svar på dette, seier Bakken.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: