Hopp til innhold

Familien går til retten for å få Taiman heim

Denne veka fekk Taiman beskjed frå UNE om at den siste søknaden hans om å få kome tilbake til Noreg er avvist. No tek familien saka til retten.

Taiman på Trandum

AVVIST: Den siste søknaden til 27 år gamle Taiman Agid Fatah om å få kome tilbake til Noreg blei avvist av UNE. No tek familien saka til Oslo tingrett.

Foto: TIPSER.NO / Daniel D.Laabak

– Familien til Taiman syns vedtaket frå UNE urettferdig og urimeleg. Dei vil at ein domstol skal sjå på det som har skjedd, seier Taimans advokat, Asgeir Thomassen.

Tysdag denne veka kom brevet frå Utlendingsnemda (UNE). Der kom det fram at den siste søknaden til 27 år gamle Taiman Agid Fatah er blitt avvist.

Sidan februar i år har Taiman oppheldt seg i Irak etter at han blei utvist frå Norge. Utvisinga skjedde 13 år etter at han kom til Norge då Taiman var 14 år gamal. Resten av familien fekk opphald.

Etter at 27-åringen blei sendt ut av landet tidlegare i år blei det bestemt at saka skulle til retten. Dei planane blei derimot avblåst då UNE i april varsla at dei ville sjå på saka på nytt.

– Har tapt tid

– At den opprinnelge rettssaka blei utsett fordi UNE valte å behandle saka på nytt har gjort at Taiman og familien har tapt mykje tid, meiner advokat Thomassen.

– Det har gått nesten fire månader. Etter samråd med familien ber me no om at saka blir tatt opp igjen for tingretten.

Sidan avslaget frå UNE kom denne veka har advokaten gått gjennom det 27 sider lange vedtaket med familien.

– Dei bestemte seg med ein gong for å halde fram kampen og få Taiman heim, seier advokaten.

Har tru på nytt vedtak

noas

– REAGERER PÅ VEDTAKET: Ann-Magrit Austenå i Noas meiner det er eit godt grunnlag for å få ei anna avgjerd i

Foto: Bendiksby

Ann-Magrit Austenå, leiar i Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas), meiner det framleis er store sjansar for at Taiman får kome tilbake til Noreg.

– Eg forstår godt om dei går til retten. I utgangspunktet trur eg dei har eit godt grunnlag for å få ei anna avgjerd, seier ho.

Ho fortel at Noas reagerer sterkt på UNE sitt vedtak.

– Det er fullstendig urimeleg. Han var del av ein familie som fekk bli, og norske myndigheiter har hatt moglegheita til å la det vege tyngre. I tillegg har situasjonen i Nord-Irak eksplodert etter at han blei sendt ut, sa Austenå til NRK då vedtaket blei kjent.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med UNE, men kommunikasjonssjef Bjørn Lyster har tidlegare uttalt at UNE ikkje vil kommentere innhaldet i vedtaket før dei pårørande har gitt media tilgang på vedtaket og UNE har fått fritak frå teieplikta.

Stort engasjement

Taiman-saka har vakt stort engasjement både i Bergen og nasjonalt. Mellom anna trekte eitt av UNE-medlemmene seg i protest mot at Taiman vart sendt ut.

Thomassen meiner det framleis er håp for å få Taiman tilbake til Noreg.

– Han har rett på familiegjenforeining, me satsar alt på at han skal få kome tilbake. Forhåpentlegvis ser tingretten at UNE har gjort ein feil.

– Dette har vore ei enorm belastning for familien. Eit mareritt rett og slett, seier advokaten.

Taiman

MASSIV STØTTE: Mange har engasjert seg i saka til Taiman Agid Fatah. Baywar Nader Akid (biletet) var ein av fleire hundre møtte opp ein av demonstrasjonane på Torgallmenningen i Bergen på eit støttearrangement for 27-åringen.

Foto: Jon Bolstad