Hopp til innhold

Dobbeltmoral frå Donald Duck

Donald Duck har fått i oppdrag å lære norske skuleelevar å kildesortere. Men kor djupt stikk eigentleg miljøbodskapen til Donald? Årleg spyr han ut millionar av plastleikar gjennom bladet sitt.

Donald Duck, særnummer om kildesortering og miljø
Foto: Jane Rasmussen / NRK

 

Eit spesialnummer av Donald Duck, trykt på resirkulert papir, skal i løpet av året delast ut til 100 000 norske skuleelvar. Bak bestillinga står retursamarbeidet LOOP og organisasjonen Avfall Norge. Dei har som mål å redusere avfallet og lære oss kildesortering.

Plastleker fra Donald-bladene.
Foto: Jane Rasmussen / NRK

 - Det er viktig å kunne kombinere eit nyttig bodskap med humor, seier leiar i Norsk Naturvernforbund Lars Haltbrekken og får full støtte av Nancy Sand frå LOOP. Begge jubla høgt under lanseringa av den nye miljøkrigaren på utestaden Latter i Oslo tidlegare i vinter.

Det dei to derimot ikkje visste var at vi hadde samla saman plastleikar frå Donald Duck-blada dei to siste åra. Når vi la den halvfulle plastsekken på bordet var dei ikkje like stolte av den nye støttespelaren sin.

- Dette er vel ei side av Donald Duck vi ikkje likar, sa Haltbrekken.

Stor kontrast

Miljøutgåva av Donald er spesialbestilt på resirkulert papir. Ein heller stor kontrast til slik vi kjenner bladet frå bladhyllene. Innpakka i glansa plast med ein plastleike innpakka i enda meir plast.

Lars Haltbrekken.
Foto: Sara Marie Vollset / NRK

Med eit trykkopplag på rundt 160 000 årleg spyr Donald Duck ut over åtte millionar plastleikar årleg.

- Sånne plastleikar kan ikkje resirkulerast gjennom dei ordningane vi har i dag og går rett i restavfallet, konkluderar Torbjørn Steensrud, avdelingsdirektør i renovasjonsetaten i Oslo kommune. Han vedgår at dette ikkje akkurat er så veldig heldig for miljøet.

Stian Stensland er forskar ved Institutt for naturforvaltning ved Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, og er svært oppteken av miljøspørsmål.

- Dette blir som å skite i eige reir, konkluderar han.

Han meiner eigaren, Egmont Serieforlaget, umiddelbart bør slutte med å legge ved ubrukelege plastleikar viss dei meiner alvor med Donald Duck som miljøprofil.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)