Hopp til innhold
Kronikk

Verda sett frå kjøkkenvindauga

Det er ikkje lenge sidan heile landet var bønder. Korleis kan ein gløyma so fort kvar ein kjem ifrå?

Jon Eikemo

'Er det nokon som i seinare tid har sett havreåkrar eller potetåkrar fylle Karl Johan? Ei nydeleg og herleg gate, men vi kan ikkje lage Karl Johan over heile landet, sett på spissen,' skriv Jon Eikemo.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det er ikkje nødvendigvis dei som sit på toppane i private statlege konsern som tener best «berekraftig utvikling», det uttrykket som vår kvinnelege statsminister i tre periodar ynda å bruke.

Kva er så berekraftig utvikling, er det dansen kring gullkalven? Kvifor er det berre dei som har talent for å tena pengar som skal prisast so høgt, med paraplyar og fallskjermar og ei fast løn på mange millionar? Er det riktig framferd? Når dyktige fagarbeidarar, nesten kunstnarar i sitt fag, berre kan oppnå fire- kanskje fem hundre tusen. Det er noko som skurrar!

Buksene til gamle stortingsmenn

Eg misunner ingen som tener rimeleg godt med pengar, men det er vel måte på. Det skal seiast at nemnde statsminister gjorde ei berekraftig handling då ho var døropnar for kvinnelege statsrådar og kvinner i høge stillingar. Dei må berre hugse å ikkje ta på seg buksene til gamle stortingsmenn. Det er ikkje so dumt å sjå verda frå kjøkkenvindauga i staden for dei store kongressalane, der flosklar og politiske termar fyller lufta.

Kvifor er det berre dei som har talent for å tena pengar som skal prisast so høgt?

Jon Eikemo

Men så til det eg hadde tenkt å lufta for dykk; kva er så det viktigaste vi tek oss til i vårt jordeliv, ja nettopp jordeliv. Er det ikkje det kyrkja predikar ved kvar einaste jordeferd? «Av jord er du komen og til jord skal du bli og av jord skal du atter oppstå». Ja, altså moll. Det er det det dreiar seg om; det er jorda si mold vi må gjera berekraftig, utan at vi odlar den etter beste evne blir det smalhans.

Potetåkrar på Karl Johan

Er det nokon som i seinare tid har sett havreåkrar eller potetåkrar fylle Karl Johan? Ei nydeleg og herleg gate, men vi kan ikkje lage Karl Johan over heile landet, sett på spissen. Var det ikkje ordkunstnaren Henrik Groth som sa at det er når ein set ting på spissen at dei synest best?

Det er ikkje so dumt å sjå verda frå kjøkkenvindauga i staden for dei store kongressalane, der flosklar og politiske termar fyller lufta.

Jon Eikemo

I Kina er det enorme område med dyrka jord som er blitt harde som stein, og mange andre stader i verda må det dyrkast på ny, grunna tørke. Millionar av menneske, kanskje særlig barn, svelt.

Ta vare på småbruk

Tidlegare president i USA, Bill Clinton, har brukt mykje av si tid etter at han slutta i sitt embete i Amerika til å fronta landbruket verda over. Han vil få oss til å forstå at vi må ta vare på småbruk, alle småbruk. Høyrer du dette, Sylvi Listhaug?

Alle småbruk, også i Norge, må haldast ved like. Du hadde kanskje gitt norsk landbruk større hjelp om du reiste heim og hjelpte foreldra dine på heimgarden din. Men du er sjølvsagt infisert av partiet ditt, Frp, som viss dei hadde fått det til, hadde nedlagt norsk landbruk.

Trur du at ei mor i Frankrike eller Tyskland som sit med to-tre små barn på fanget og ikkje har mat til dei, ville sendt ein nesten avspist svinekotelett til Norge? (sett på spissen, ja, takk Henrik Groth).

Småbrukaranes døtrer og søner

Eg har sjølv vore i Skåne for om lag 25 år sidan og sett på fabrikk-gardane der, og fekk vita at humusen i jorda held på å bli øydelagt, lagt aude på grunn av altfor tunge landbruksmaskiner og ei uvitug kunstgjødsling. Eg trur ikkje kunstgjødning er gale å bruka, men med måte – og sjølvsagt må ein bruka naturgjødsel. Det bestandige i moll er humus. Basta.

Vi kan ikkje tukle med våre primærnæringar, det er i alle fall ikkje berekraftig (uttrykket er godt, fru Brundtland, men det må følgjast opp med innsikt). Det kan ikkje vera vanskeleg å forstå kvifor det vert så mange småbruk nedlagde.

Døtrer og søner til småbrukarar ser at med ei god utdanning kan dei tene tre til fire gonger så mykje som foreldra i året i andre yrker. Altså må ein ha eit arbeid ved sida av jordbruket. Dette må det leggjast til rette for. Dette kan ein med velvilje og innsikt – og fantasi, gjera.

Hudpleiesalongar og skobutikkar

Det er tallause eksempel der god, stor dyrka mark er øydelagt. Hadde det enda blitt brukt til produksjon av eit eller anna slag som vi har bruk for, men kva sit ein att med? Jo: matvarekjeder, frisørsalongar, møbelforretningar, klesbutikkar, hudpleiesalongar, skobutikkar, optikkbutikkar, etcetera, etcetera.

Mykje av dette har vi sjølvsagt bruk for og meir til, men må det leggjast på dyrka mark i eit land som har meir utmark enn dei fleste?

Det kan ikkje vera vanskeleg å forstå kvifor det vert så mange småbruk nedlagde.

Jon Eikemo

Vi høyrer jamt om unge par som vil realisere og leve ut draumen om å bli bonde, og det er hyggjeleg å høyra, men dei må vera klar over kva dei gjev seg inn på. Skal dei drive med dyr, skal dei fòrast og melkast. Gløym feriar – du er bunden opp til garden, òg når det er jul, påske og helgedagar. Det er heilt noko anna enn å drive i finans, og i tillegg må du helst væra elektrikar, røyrleggjar, kunna rekneskap og vere litt veterinær.

Følg debatten: Ytring på Facebook

Vi kjem alle frå landet

Det er underleg å tenkja på at det er ikkje uminnelege tider sidan heile landet var bønder, og særlig dei siste mannsaldrar eller kvinnealdrar. Korleis kan ein gløyma so fort kvar ein kjem ifrå?

La meg seie med ein gong, eg har budd her i byen, ja, altså Oslo, i snart 60 år. Eg har likt meg usedvanleg godt her, vennlege folk alle saman, men so er dei jo frå landet alle i hop – det må vi ikkje gløyma.

Korleis kan ein gløyma so fort kvar ein kjem ifrå?

Jon Eikemo

Som Ivar Medaas sa: «by og land, hand i hand». Vi har bruk for både byar og land, men alle må bli tatt vare på.

Byråkraten og tørkestativet

Dette blir vel eit litt sånn «tunga ut av vindauget»-kåseri. Det er jo so mykje å ta tak i. Men når du møter byråkratane rundt i norske kommunar, som har rigide reglar å styre etter, opptrer dei som småkongar. All makt ligg hjå dei.

Litt skjønn og bondevit burde kunne utvisast.

Jon Eikemo

Eg høyrde om ein kar som ville setje opp eit tørkestativ, det var ein til to kilometer til nærmaste nabo, han måtte søkje kommunen om lov til å setta opp dette stativet. Litt skjønn og bondevit burde kunne utvisast.

Eg trudde byråkratar skulle vere med på å gjera livet lettare for folk og setja foten ned for eit dårleg regelverk. Maktsjuka er ikkje bra for nokon av oss.

Takk for meg og god jul. Eventuelt: Du skal ikkje sova bort sumarnatta.

Les også: