NRK Meny
Replikk

Ja til eit mangfaldig landbruk

Økologisk jordbruk har fungert i 4000 år. Det er svaret på svoltproblemet -ikkje industrilandbruket åleine.

15445338

'FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) hevdar at vi med den måten vi bygger ned jorda på i dag – ved å dyrke i monokultur og gjødsle plantene i staden for jorda - berre kan rekne med å ha ho i 60 til 100 år til,' skriv Siri Helle

Foto: Frank May / NTB scanpix

Denne replikken følgjer opp kronikken «Ja til industrielt landbruk», red.anm.

Øystein Heggdal får det til å høyrast ut som om å halde fram med industriell storskalaproduksjon er den einaste måten vi kan unngå å svelte i hel på. Det er ei ganske naiv tiltru til ei driftsform som nyttar 70 prosent av jordbruksarealet i verda til å produsere 30 prosent av maten.

Skal vi klare å produsere mat til stadig fleire menneske i framtida, må alle bidra.

Siri Helle, journalist, agronom og forfatter

Det industrielle landbruket har gjort ein god jobb i å gjere matproduksjonen for komplisert til at folk flest kan engasjere seg i den. Skal vi klare å produsere mat til stadig fleire menneske i framtida, må alle bidra. Skal vi kome fram til korleis vi gjer det på ein berekraftig måte, må alle vere med i debatten. Dei som produserer maten – om dei er store eller små, økologiske eller konvensjonelle - dei som sel den, vi som kjøper den og dei som ser dei helsemessige konsekvensane det får at vi et den.

God agronomi er samspel

Vi skal med andre ord ikkje kvitte oss med industrilandbruket – men vi skal slutte å sjå på det som det einaste saleggjerande, den einaste vegen til salt i grauten og mett i magen. Det, om noko, kjem til å køyre oss utfor stupet.

Det er mildt sagt overraskande at Heggdal snakkar om god agronomi samstundes som han gjer narr av samspelet i naturen som noko som «holder hender og synger kum ba yah». God agronomi er jo nettopp å forstå at ein er avhengig av dette samspelet.

Økologisk drift kan framleis mette verda.

Siri Helle, journalist, agronom og forfatter

Eit ekstremt døme er mandelproduksjonen i California, ein av dei meir ekstreme monokulturane i verda (80 prosent av mandlane i verda kjem herfrå). For å pollinere alle desse trea, som blomar samstundes, må ein hente bier frå heile USA. Ein genial måte å spreie sjukdommar på, og ein av årsakene – saman med plantevernmiddelrestar – til den omfattande biedøden ein ser i USA for tida. Forsvinn biene, forsvinn kring to tredjedelar av matplantene våre. Då kan vi byrje å snakke om svoltproblem.

Økologisk kan mette verda

Vi skal heller ikkje legge om all jord til økologisk drift i dag – eller i morgon. Men vi skal ha bredt nok blikk til å innsjå at det at økologisk jordbruk har fungert i 4000 år, ikkje tyder at det er utdatert. Det tyder at det er godt fundert. Økologisk drift kan framleis mette verda.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Hjå Rodale Institute i USA har dei i 30 år dyrka soya, mais og korn økologisk og konvensjonelt. Dei finn at konvensjonelle variantar produserer best i år med godt og stabilt vêr. I år der vêret er meir ustabilt, enten det er for tørt eller for vått, er det dei økologiske kulturane som gjer det best.

Det er ganske logisk: I økologisk drift gjev ein både plantene og jorda mindre gratis. Dei må kjempe meir for tilværet. Det gjev kanskje lågare utteljing dersom det stadig bles medvind, men desto betre i storm og stille. Og kva for eit vêr var det vi skulle få meir av framover, sa du?

Det er ganske logisk: I økologisk drift gjev ein både plantene og jorda mindre gratis.

Siri Helle, journalist, agronom og forfatter

Stadig fleire forskingsresultat syner òg at gapet mellom økologisk og konvensjonell produksjon er mindre enn ein trur. Forskarar frå Berkeley og Florida State University presenterte i fjor resultat frå ei samanstilling av 115 studiar med til saman over 1000 observasjonar. Dei finn at alt i alt ligg økologiske avlingar 19,5 prosent under dei konvensjonelle. God agronomi reduserer gapet til åtte prosent. For belgvekstar finn dei samsvar i avlingsmengde.

Forsking virkar

Forsking er eit viktig poeng i seg sjølv: Det verkar. Produserer resultat, bokstavleg tala. Og kor har forskingsmidla hamna dei siste 70 åra? I den konvensjonelle produksjonen. Om vi vågar å satse på forsking på eit mangfaldig, krinslaupsbasert jordbruk, vil vi få resultat både økologiske og konvensjonelle bønder kan dra nytte av.

Kanskje var den grøne revolusjonen på sin plass i ei tid då verda stod ovanfor ei global svoltkatastrofe. Ei verd som kastar mellom ein tredjedel og halvparten av all maten dei produserer, kan ikkje kategoriserast slik. Utfordringane har endra seg – altså må løysingane gjere det same.

Vi skal med andre ord ikkje kvitte oss med industrilandbruket – men vi skal slutte å sjå på det som det einaste saleggjerande, den einaste vegen til salt i grauten og mett i magen.

Siri Helle, journalist, agronom og forfatter

Utfordringa no er å halde oppe produksjonen på ein berekraftig måte. Ein kan ikkje måle krafta i jordbruket berre etter avlingsmengde i dag. Dei avlingsmengdene føreset at jorda presterer som ein sprintar. Samstundes er vi avhengige av at den same matjorda held ut som ein maratonløpar. Dei to går ikkje i hop.

Alle må med

Den viktigaste jobben vi gjer no, er å sørgje for at matjorda kan produsere òg i morgon. FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) hevdar at vi med den måten vi bygger ned jorda på i dag – ved å dyrke i monokultur og gjødsle plantane i staden for jorda - berre kan rekne med å ha ho i 60 til 100 år til.

Den viktigaste jobben vi gjer no, er å sørgje for at matjorda kan produsere òg i morgon.

Siri Helle, journalist, agronom og forfatter

Vi må sørge for at mindre menneskemat går gjennom eit fordøyingssystem (med andre ord mindre kraftfôrbasert kjøt- og fiskeproduksjon), vi må kaste mindre mat, gå attende til å gjødsle jorda i staden for plantene, og engasjere fleire folk i matproduksjonen. Kokkar, journalistar, førskulelærarar, statsministrar, pastoralistar, gourmetar og sofapoteter: Alle som et mat har rett til – ja, kanskje til og med eit ansvar for – å engasjere seg i kor den kjem frå.