Hopp til innhold
Replikk

Klimabudsjettet til Ap går ikkje opp

Arbeidarpartiet har mange ord om klima, men ingen av dei gir svar på korleis dei skal nå klimamålet.

Sveinung Rotevatn

Verda har allereie oppdaga meir olje og gass enn det er rom for. Venstres politikk vil gjere det mogleg å nå dei norske klimamåla, skriv Sveinung Rotevatn.

Foto: Torstein Bøe / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er mange ord i Espen Barth Eides ytring om klima. «Klima- og naturkrisen er eksistensiell», skriv han, til dømes.

Eg er samd. Men det som betyr noko for klima, er ikkje ord. Det er tal – talet på kor mange tonn CO₂ vi slepp ut i atmosfæren.

Regjeringa har lagt fram ein klimaplan som syner korleis vi skal nå målet for 2030 og samstundes skape nye jobbar. Den seier kor mange tonn CO₂ vi skal sleppe ut det neste tiåret slik at vi når klimamålet.

Arbeidarpartiet har gått mot fleire av tiltaka i den planen. Dei vil frita bilistar frå opptrappinga av CO₂-avgift og dei vil frita avfallsforbrenning for CO₂-avgift. Slike fritak får konsekvensar.

Det som betyr noko for klima, er ikkje ord. Det er tal.

Konsekvensen er at Aps politikk vil kutte færre tonn CO₂ enn Venstres politikk. Skal dei framleis nå klimamålet, som dei seier dei vil, må dei finne dei tonna ein annan stad. Men dei har enno ikkje gitt eit svar på korleis. Da går ikkje reknestykket opp.

Espen Barth Eides kronikk er ikkje ein klimaplan, men ein forsvarstale for kvifor han vil ha fullt køyr i olje- og gassnæringa i Noreg. Det er vanskeleg å skjøne korleis han kan skrive det i same kronikk som han skriv at «Karbonbudsjettet vi har igjen før vi har varmet opp kloden til over 1,5 grader, er svært begrenset».

Dette er tida for å runde av oljealderen med stil.

Ja, karbonbudsjettet er avgrensa. Det er berre ei viss mengde CO₂ verda kan sleppa ut før vi passerer 1,5 graders oppvarming. Det er ei anna sanning som Eide ikkje nemner: Verda har allereie oppdaga meir olje og gass enn det er rom for i karbonbudsjettet.

Igjen går ikkje Ap sitt reknestykke opp. På den eine sida vil dei at verda skal klare 1,5 gradersmålet. På den andre sida vil dei leite etter meir olje og gass enn det er rom for dersom vi klarer det målet.

Dette er tida for å runde av oljealderen med stil, ikkje bruke store ressursar på å leite etter ny olje og gass stadig lenger til havs, til utvinning i ei stadig fjernare framtid.

Ap sitt reknestykke går ikkje opp.

Venstre ønsker ein klimapolitikk som fungerer. Der forureinar betalar for utsleppa sine. Der vi omstiller Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Der vi faktisk når det norske klimamålet og held temperaturauka under 1,5 grader.

Vårt reknestykke går opp.

Les kronikken: