Hopp til innhold
Kronikk

Ikkje drep ungdomsengasjementet!

Ungdomspolitikken er ikkje lenger for kven som helst. Det er du som skriv i kommentarfelta sin feil.

Elias Eide

Ungdommar blir hetsa ut av politikken. Det er eit demokratisk problem, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Jorgen Hveding

Eg skal ta deg med inn i eit lite, klamt møterom. På bordet står det pizza og brus. På veggane heng det plakatar med valkampslagord i tillegg til partileiarar i fullformat. Rundt bordet sit det ungdommar som er på sitt første møte, andre har vore med tallause gongar før.

Engasjementet boblar over. Nokre har meldt seg inn grunna skulepolitikken, nokre på grunn av klimasaka og andre fordi dei er opptatt av økonomi og handel. Felles for dei alle er at dei vil endre verda til det betre.

Slik startar den politiske karrieren for veldig mange unge engasjerte. Dei som sit rundt bordet har alle teke eit aktivt val – dei har meldt seg inn i eit parti. Nokre av dei kjem truleg til å bli ordførarar, fylkestingsrepresentantar eller kanskje hamne på Stortinget.

Litt for mange finn ut at politikken ikkje er noko for dei. Det er eit demokratisk problem.

Eg har dei siste åra hatt gleda av å leie ein fylkesungdomsorganisasjon. Sjølv ein pandemi har ikkje kunna stoppa oss frå å delta på medlemsmøte, bedriftsbesøk, landsmøte og hytteturar.

Litt for mange finn ut at politikken ikkje er noko for dei.

Det å sjå medlemmar som møter sine beste venner og kanskje til og med sin første kjæraste i politikken er minner som sit i. Det å reise rundt på skuledebattar, drive valkamp og oppleve vaksen-partiet sine årsmøte er også gode opplevingar vi seint gløymer.

Men det er ikkje berre oppturar. Sjå for deg at du har skrive ditt første lesarinnlegg eller gjort ditt første intervju med lokalavisa om ei sak du brenn for.

Du er spent på korleis bodskapet vil bli tatt i mot.

Tenk deg om ein ekstra gong før du publiserer neste kommentar.

Kort tid etter publisering tikkar dei første meldingane inn: «Du har mykje att å lære», «Uvitande ungdom», «Idiot!!» og «Ingen vil høyre frå slike broilerar». Etter kvart er det hundrevis av dei.

Slik er det første møtet med offentlegheita for nesten alle ungdomspolitikarar i dag.

Slik blir unge røyster jaga ut av politikken. Kommentarfelta får dei til å tie.

Den siste tida har ikkje vore god for folkestyret vårt og tilliten til dei folkevalde. Likevel må ikkje dei vaksne sine feil gå ut over dei unge, sprudlande og framstormande røystene.

Difor håpar eg framtidige leiarar i ungdomsparti slepp å få telefonar frå nye medlem som gret etter å ha blitt hetsa på nett.

Eg håpar dei slepp å melde hets og drapstrugslar til politiet. Eg håpar folk som melder seg inn i ungdomsparti kan bruke tida si på å forme nye politiske forslag, lære om samfunnet og finne seg venner for livet. For det er ungdomspolitikk på sitt beste.

Kommentarfelta får dei til å tie.

Sett pris på ungdommeleg engasjement, og tenk deg om ein ekstra gong før du publiserer neste kommentar på sosiale media.

Slik tek vi vare på demokratiet vårt.