Hopp til innhold

Vil finne kong Alfred den store

Funnet av Rikard III har gitt meirsmak, no er britiske arkeologar på jakt etter ein ny engelsk konge.

Hovudskallen til Rikard III og Kong Alfred

Suksessfunnet av skjelettet til Kong Rikard gir håp om at arkeologar også kan finne grava til Kong Alfred den store (her representert ved statue av han i Winchester).

Foto: University of Leicester/ Odejea, Wikimedia Commons/ montasje NRK

Britiske arkeologar ved University of Leicester kunne denne veka stadfeste funnet av leivningane til Kong Rikard III på ein parkeringsplass i Leicester.

Ifølgje the Times er eit anna team av arkeologar no på jakt etter å avsløre kvilestaden til ein annan engelsk konge, kong Alfred den store.

Kongen, som er den einaste engelske kongen som har fått tilnamnet den store, skal vere gravlagt i ein umerka grav i Winchester.

– Viss dette er Alfred, og vi veit at det er eit stor viss, vil dette vere eit stort funn, seier Cliff Bannister, styraren av St. Bartholomew-kyrkja der kongen skal ligge gravlagt.

Kjempa mot vikingar

Alfred var konge av Wessex i Sør-England, og er kjent for å ha klart å forsvare riket sitt mot vikingars gjentekne forsøk på erobring.

Arkeologar søker no om å få grave i ei umerka grav i St. Bartholomew-kyrkja i Winchester der det skal vere fem skallar og ein del bein.

Teamet meiner dei sit på papirdokument som viser med større sikkerheit enn det Kong Rikard III-arkeologane hadde før sine utgravingar at leivningane tilhøyrer Kong Alfred.

Men mens arkeologane ved Leicester kunne presentere DNA-bevis for at skjelettet dei hadde funne verkeleg tilhøyrte den engelske Kong Rikard, vil dette bli svært mykje vanskelegare for teamet som leiter etter Alfred.

– Problemet er kvar vi skulle få ein prøve å samanlikne med? Det er svært mykje lenger å gå tilbake i tid for å finne ein levande etterkommar, seier arkeolog Katie Tucker ved Winchester University til the Times.

Teamet vil dermed innleiingsvis måtte nøye seg med å gjere karbondateringar av beina. Bortsett frå dei kongelege var dei einaste andre som var gravlagt i klosteret munkar, og dei skal ha komme dit på 1200-talet. Karbondateringar vil dermed kunne gi gode indikasjonar om beina tilhøyrer Kong Alfred som døydde i år 899.

– Sensasjonsjag

Arkeolog Ian Reed i Norsk institutt for kulturminneforskning synest leitinga etter kong Alfreds grav smakar av sensasjonsjag, og trur dette handlar om å skape blest.

– I arkeologien skal ein vere svært nøye med sitt kjeldemateriale, og det er ikkje eit gyldig mål berre at det er ei kongegrav. Dersom han ligg der ligg han trygt, seier Reed til NRK.no.

Han har også sine tvil til om arkeologar kan klare å avgjere om skjelettet verkeleg tilhøyrer kongen.

I mangel av fysiske kjenneteikn som Kong Rikard III si lett attkjennande skeive ryggrad, samt gjenlevande etterkommarar trur han at dette blir svært vanskeleg.

Arkeolog Øystein Ekroll ved NTNU synest derimot at ei kongegrav er nok til å rettferdiggjere ei utgraving, og viser til at engelske arkeologar også har vurdert det slik i utgravinga av grava til Rikard III.

Ekroll skulle gjerne sett at også norske kongar vart lokaliserte og gravne opp for å sikre minnet etter dei.

– I England har dei bevart alle kongane frå 1000-talet og fram til i dag. I Noreg har vi nesten ingen. Det er nesten ein heilt omvendt situasjon frå England, seier Ekroll.