Hopp til innhold

Norske romforskarar vil avsløre atmosfærens mysterium

– Det neste tiåret blir frykteleg spennande, seier fysikar og romforskar.

Akupunktur i rommet

Norske romforskarar vil måle forstyrringar høgt oppe i atmosfæren med hjelp av norskutvikla teknologi. Her viser professor Jøran Moen fram ein probe for å måle elektron i atmosfæren.

Foto: NRK/ESA/montasje

Mens Noregs romforskarar er samla på Andøya for å feire 50-år for norsk romfart, er dei også opptatt av å sjå framover.

– Det neste tiåret blir frykteleg spennande, seier fysikkprofessor Jøran Moen ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

3D-målingar i rommet

Probe for måling av turbulensfenomen i atmosfæren

Akupunktur i rommet. Med denne vesle proben som er utvikla ved Universitetet i Oslo vil forskarane måle turbulens i atmosfæren.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– Det er i ferd med å skje eit paradigmeskifte i måten vi gjer ting på. Ny elektronikk og ny instrumentering blir så smått at det gjer oss i stand til å kartleggje fenomen som ikkje tidlegare har blitt kartlagt, seier Moen.

Eitt av fenomena forskarane enno ikkje har forstått er virveldanningar, turbulens, av elektrisk ladde partiklar i atmosfæren, som forstyrrar GPS og radiosignal.

Forskarane vil forstå den romlige strukturen til turbulensen, og måle den i 3D.

Viss vi kan forstå desse prosessane, kan vi også bli i stand til å seie når forstyrringar vil oppstå.

– Det er svært viktig å kunne seie om vi har navigasjonssignal, og kor presise dei vil vere, seier Moen.

Svermar av satellittar

Moen samanliknar situasjoen med å sjå på virvlane som blir danna bak ein båt. Når vi står og ser på virvlane har vi eit avansert verkty for å observere turbulensen, nemlig auget vårt. For ein rakett som flyg gjennom elektriske virvelstraumar i atmosfæren er ingenting synleg, og ein har berre eitt målepunkt.

– Viss vi har ei sky av målepunkt, er det som om vi har fleire pikslar i biletet. Då får vi meir struktur. Men vi må ha svært mange målepunkt for å forstå kartlagt fenomenet, fortel fysikaren og romforskaren.

Det blir mogleg ved oppskyting av rakettar som slepp ut svermar av minisatellittar, såkalla døtrer, som kan samle inn eit stort tal målingar.

– I 2016 skal vi få ut tre døtrer, men i løpet av ti år er vi kanskje oppe i tjue døtrer. Har du mange slike blir det komplekst, fortel Moen og nemner utfordringar som å få på plass signal og kommunikasjon mellom morsatellitt og dottersatellittar.

– Dette blir ei krevjande oppgåve, som passar for Noreg som kunnskapsnasjon, seier Moen.

Norsk astronaut?

Forskingssjef i Norsk Romsenter, Terje Wahl, skulle Wahl gjerne likt å sjå ein norsk astronaut i rommet i framtida:

– Ein kunne tenkt seg at Noreg som var først på sørpolen her på jorda burde vere først på sørpolen på andre klodar også, men det har ikkje vore offisiell norsk rompolitikk førebels, seier Wahl.

– Norsk romverksemd er meir jordnær og praktisk orientert enn det, seier Wahl.

Forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter

Forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter skulle likt å sjå ein norsk astronaut på ein framand klode, men trur Noregs innsats i rommet vil halde seg jordnær også i framtida.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Han fortel at norske forskarar er involvert i mange spennande internasjonale romprosjekt. Blant anna er vi med på å utvikle ein europeisk rover som skal til Mars og bore i bakken.

Og ved Universitetet i Bergen byggjer forskarar måleutstyr som skal til den internasjonale romstasjonen for å måle gammastrålar som blir skapt i torevêrsskyer.

– Dette eit fenomen som inntil nyleg har vore ukjend, og som forskarane i Bergen vil prøve å forstå, fortel Wahl.

– Har gjort stor innsats

AISSat-1 under montering på den indiske bæreraketten

Noregs første satellitt, AISSat-1 under montering på den indiske bereraketten PSLV før oppskyting.

Foto: Space Flight Laboratory/UTIAS

– Der Noreg har gjort ein stor innsats som liten nasjon er innan jordovervaking frå satellittar, men også innan solforsking og kosmologi, studien av universets opphav, fortel Wahl.

Norske forskarar var dei første i verda som oppdaga at isen i polhavet minska.

Både på solsatellittane til ESA og på satellittane som ser så langt ut som det går an i universet, sit norske forskarar sentralt i dei vitskaplege teama og er langt framme i å analysere resultata.

– Desse nisjane vil vere satsingsområda våre også i framtida, saman med satsinga på små satellittar som er viktige for vår maritime verksemd, fortel Wahl.

Vår første nasjonale satellitt, havovervakingssatellitten AISSat-1, feira nyleg to år i rommet, og ein ny AISSat er under planleggjing.

Cryosat

Jordovervaking med hjelp av satellittar som ESAs Cryosat er blant Noregs nisjer i romforskinga.

Foto: ESA - K. Büchler

Romturisme frå Noreg?

– Noreg kjem også til å satse hardt på oppsynet med jorda, både følgje med på klimaendringar og global oppvarming, samt medverke til større forståing, seier Wahl.

Når Wahl ser i krystallkula og skodar 50 år fram i tid er han også sikker på at romturisme er ein etablert business, og han ser ikkje bort i frå at noko av den verksemda føregår på våre trakter.

– Kanskje vil vi sjå nordlysturisme frå rommet, kopla med kvalsafari frå Andøya. Det er fullt tenkeleg, trur Wahl.