Hopp til innhold

Ta klimatesten her

Klimaengel eller miljøsvin? Sjekk kvar på klimaskalaen du ligg.

Klimatest

Bustad, transport, forbruk og mat utgjer dei største utsleppspostane for personleg CO2-utslepp.

Foto: Illustrasjon: Tuva Tagseth

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Denne kalkulatoren er flere år gammel, og kan inneholde utdaterte råd og informasjon.

Oppgi personlege forbruk, med unntak av postar der vi spør om totalforbruk for hushaldninga. Dette gjeld straumforbruk, køyrde kilometer med bil, samt forbruk. Dette er for å gjere det enklare å utføre testen. Testen gir din del av utsleppa for desse postane ved å dele på tal personar i hushaldninga, der barn blir vekta som 0,5.

Laster innhold, vennligst vent..

Sånn laga vi testen

Lurer du på korleis vi har berekna ditt CO2-utslepp? Her kan du lese litt om tala som ligg til grunn. Alle utsleppa er oppgitt i CO2-ekvivalentar, som inkluderer andre klimagassar som er rekna om til tilsvarande mengder CO2. Testen vil ikkje gi 100 prosent riktig utsleppstal, men kan gi ein peikepinn på kva for område som utgjer dine største utsleppspostar.


Kalkulatoren er utvikla i samarbeid med stipendiat Kjartan Steen-Olsen og professor Edgar Hertwich ved Program for industriell økologi ved NTNU.

Straumforbruk:

Sjølv om vi i Noreg reknar med at vi har rein vasskraft i stikkontakten, er vi likevel ein del av ein større straummarknad. Vi har her derfor lagt til grunn nordisk straummiks, som har eit utslepp tilsvarande 200 gram CO2-ekvivalentar per kilowattime.

Norsk miks har til samanlikning ein utsleppsfaktor på 50 gram CO2-ekvivalentar per kilowattime, mens europeisk miks svarar til 542 gram per kilowattime.

Vedfyring:

Sjølv om vedfyring ikkje har nokon effekt på lang sikt, tyder ny forsking på at det har ein oppvarmande effekt på kortare sikt, sidan det kan ta mange år før skog veks til og tar opp att karbonet. Vi har derfor her lagt til grunn dei siste utsleppstala for vedfyring, som gir eit utslepp på 261 gram CO2-ekvivalentar per kilowattime energi produsert.

Likevel understrekar forskarane at det er ein vesentleg skilnad på å tilføre fossilt karbon til atmosfæren, og å tilføre CO2 frå biomasse til atmosfæren. I eit tusenårsperspektiv har ikkje CO2 frå vedfyring nokon effekt.

Transport:

Merk at du må trykke på knappen "Legg til transportmiddel" for å få lagt til valte køyretøy og fylle ut tal på køyrde kilometer. For bil som går på diesel og bensin blir det rekna med eit utslepp på 2,9 kilo CO2-ekvivalentar per liter drivstoff brukt.

For elbil blir det rekna med ein utsleppsfaktor på 121 gram CO2 per kilometer inkludert utslepp frå ladestraum. For hybridbil er talet 160 gram per kilometer.

Når det gjeld flyreiser er det viktig å vere klar over at testen spør om enkeltreiser. Til dømes vil ein ferie til Thailand frå Oslo med mellomlanding i Amsterdam vere 2 flygingar til Europa pluss to til verda.

Merk at jobbreiser ikkje tel med her, då det er snakk om privatforbruk.

Mat:

Ein typisk kjøtmiddag har eit utslepp på 3,2 kilo CO2-ekvivalentar, mens ein fiskemiddag står for 1,8 kilo CO2-ekvivalentar.

Vegetarmiddagen har minst utslepp, men gir likevel eit utslepp på 1,5 kilo CO2-ekvivalentar. I tillegg har vi lagt til eit gjennomsnittleg forbruk på 670 kg CO2-ekvivalentar kvart år for dei andre måltida.

Forbruk:

Varer vi kjøper har blitt produsert ein stad, og produksjonen har også ført til CO2-utslepp. Forbruk av tenester medfører òg både energibruk og produksjon oppstraums i produksjonskjeda, som igjen inneber utslepp.

Her er det nytta eit gjennomsnitt på 40 gram CO2-ekvivalentar per krone generelt forbruk. Analysar viser at det er ein tett samanheng mellom inntekt og forbruk.

Vil du prøve andre klimakalkulatorar?

Klimakalkulatoren.no

Klimatesten - Grønn hverdag

Sjå Schrödingers katt: Katastrofen vi kan unngå, i nett-TV eller på NRK 1 kl. 19.45.