Hopp til innhold

Sola viser skjult side i bilete tatt av amatørastronom

Amatørastronomen Alan Friedman sine bilete viser sola slik du aldri har sett ho før.

Raud sol

Ved å leggje et filter framfor kameraet, har fotografen Alan Friedman klart å få fram biletet av kromosfæren.

Foto: © Alan Friedman / avertedimagination.com

I bakgården til heimen sin i Buffalo i USA, tar fotografen og amatørastronomen Alan Friedman bilete av himmelekamer som månen, stjerner, planetar.

På heimesida si skriv Friedman at plasseringa av observatoriet hans langt ifrå er ideell, i og med at det ligg midt i ein by.

I dei nyaste bileta Friedman har tatt viser sola fram ei vakker raud og bølgjande overflate.

Det vi ser i biletet er solas kromosfære, eit tynt lag av solas atmosfære som vanlegvis berre er synleg for oss ein kort augneblink før og etter ei total solformørking.

Raudfargen skriv seg frå hydrogenatom i kromosfæren som absorberer energi frå den underliggjande fotosfæren, og sender energien ut igjen som raudt lys.

Friedman har klart å få fram biletet av kromosfæren ved å leggje eit filter framfor kameraet som filtrerer bort det kvite lyset frå fotosfæren.

Solflekker og gasskyer

To nærbilete viser endå fleire detaljar på overflata av sola.

Dei mørke flekkene er solflekker, medan dei lyse "skyene" som er synleg langs kanten av sola er såkalla solprotuberans, glødande gassmasser som blir slyngt ut frå sola.

Nærbilete av filament på Sola

Nærbilete av solproturbans, gassmasser som blir slyngt ut frå sola.

Foto: © Alan Friedman / avertedimagination.com

Nærbilete av sola

Utsnitt som viser ein solflekk. Den mørke fargen skuldast at flekken er kaldare enn områda omkring.

Foto: © Alan Friedman / avertedimagination.com