Hopp til innhold

Har du ei smart oppfinning på barnerommet vil Google snakke med deg

Google lanserer global vitskapskonkurranse på nett der
ungdommar mellom 13 og 18 kan delta.

C008/0549

Er du mellom 13 og 18 år og har ein lys idé som til dømes kan medverke til å løyse verdas energiproblem bør du melde prosjektet ditt på Google Science Fair.

Foto: Science Photo Library

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ungdommar mellom 13 og 18 med ein forskar i magen har no moglegheit til å delta i ei global konkurranse om å bli verdas mest lovande unge forskar.

Konkurransen er i regi av Google, som i dag lanserte den global vitskapskonkurransen Google Science Fair på nett der unge forskarspirar kan vise kva dei er gode for.

Du blir deltakar gjennom å melde på eit forskingsprosjekt som i følgje nettsidene til Google Science Fail bør vere spennande, kreativt og relevant for verda i dag.

Sjå presentasjonsvideoen for vitskapskonkurransen her:

Vitskapsmessa er eit samarbeid mellom Google og institusjonar som Den europeiske organisasjon for kjernefysisk forsking (CERN), Lego, National Geographic og Scientic American.

60 globale finalistar


Konkurransen er open for påmelding fram til 4. april 2011.

60 globale semifinalistar vil bli presentert på nett saman med sine prosjekt i byrjinga av mai.

Av desse 60 vil ein jury plukke ut 15 finalistar som vil presentere prosjekta sine ved Google sitt hovudkvarter i California 11 juli 2011, og det vil til slutt bli kåra ein vinnar innan kvar av alderskategoriane 13-14, 15-16 og 17-18 år.

Publikum verda over vil også få moglegheit til å stemme fram sin vinnar blant dei 60 semifinalistane.


Tur til Galapagos og 300 000 kroner


Hovudvinnaren blant dei tre vinnarane vil få ein ekspedisjonstur til Galapagosøyane om bord på National Geographic sitt skip Endeavour.

I tillegg vil hovudvinnaren få eit godt tilskot til studiane med ein premie på 50 000 dollar, noko som tilsvarer ca 300 000 norske kroner.


Dei to andre vinnarane får 25 000 dollar, eller 150 000 kroner i utdanningsstipend.

Ei oppleving for livet hos ein av partnarorganisasjonane i Google Science Fair, er også ein del av premien.

Men vi må altså vente til byrjinga av mai for å sjå om norske forskarspirer når opp blant dei 60 semifinalistane.