Hopp til innhold

Sjå opp for desse julefarane

Gløgg, fyrverkeri og blanding av vaskemiddel er på lista over forgiftingar som er typiske for jule- og nyttårstida.

Gløgg

Julegløgg varma på feil måte kan føre til koparforgifting.

Foto: Astrid Hals, Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt

Jula er tida for god mat, kos og familieselskap, men også for uhell som ikkje skjer så ofte elles i året.

Seniorrådgivar Lise Ringstad i Giftinformasjonen gir ei oversikt over kva for forgiftingar nordmenn kan komme ut for i samband med jul og nyttår.

– Vit kva juleplante du har

Julerose

Julerose.

Foto: Picasa / NRK

Juleplantar fører til ein god del førespurnader i jula. Ungar smakar på giftige blomster heile året, fortel Ringstad, men når huset plutseleg blir dratt fullt av juleblomster som snørose, asalea og svibel så kan det føre til forgiftingar.

Ringstad synest likevel ikkje folk skal slutte å kjøpe vakre juleplantar, men ho rår folk til å vite kva plantar ein tar inn i huset.

– Viss uhellet skulle vere ute er det enklare for oss å gi råd når vi veit kva som er spist, seier ho.

– Og viss ein veit at ein har eit barn som er fæl til å smake på alt, treng ein kanskje ikkje å dra inn den giftigaste planten i stova.

Salmiakk og klorin

Vaskemidler

Julevasken kan også føre til forgiftingar.

Foto: ScanStockPhoto

Julevasken fører også til oppringingar til Giftinformasjonen, eller i verste fall sjukehusinnlegging. Mange vil gjere julevasken ekstra grundig, og blandar derfor sterke vaskemiddel, som salmiakk og Klorin, som absolutt ikkje bør blandast.

– Ammoniakk, som er verkemiddelet i salmiakk, er ein irriterande gass i seg sjølv. Men saman med klorin blir det danna ulike kloraminar, som verkar svært irriterande på lungene, fortel Ringstad.

Som oftast vil ein berre hoste litt og få såre auge, noko som blir betre med frisk luft og kvile. Men ved vedvarande hoste eller tung pust anbefaler Giftinformasjonen at ein oppsøker lege eller sjukehus då det er fare for alvorleg lungepåvirkning, som for eksempel lungeødem.

Grundig vask av steikeomnen før juleribba skal inn kan også skape problem. Omnsrens-produkt kan bestå av sterkt etsande stoff, og viss ein får ein sprut på auget er det fare for etseskade.

Dersom ein får sprut på auget bør ein skylje auget så raskt som mogleg med temperert vatn. Det kan redusere faren for skade.

Gløggforgifting

Julegløggen kan også gi forgiftingar, men då under spesielle omstende, fortel Ringstad.

– Viss du har kopar i vatnet kan det danne seg eit belegg i kasseroller som er brukt til å koke vatn. Dersom du bruker ei slik kasserolle til å varme gløgg i, kan den sure gløggen løyse opp koparet, fortel gifteksperten.

Dette kan også skje dersom ein varmar gløggen i ei koparkasserolle eller i ein vasskokar med koparrøyr.

– Symptom på koparforgifting er kvalme og oppkast, og desse symptoma kan melde seg ganske raskt, innan ti minutt, fortel Ringstad.

– Det har skjedd at heile juleselskap har opplevd å bli forgifta av gløgg, fortel Ringstad.

Fyrverkeri-forgifting

Stjerneskudd

Stjerneskot inneheld stoffet bariumnitrat som kan gi alvorlege forgiftingar.

Foto: Erik Waage / NRK

Av dei forgiftingane som kan vere verkeleg farlege, er forgifting frå fyrverkeri.
Mens barna står og ventar på at stjerneskotet skal bli tent av ein vaksen, hender det nemleg at nokre tar ein smak.

– Å ete inntil to centimeter av stjerneskotet går bra, men meir enn dette kan gi alvorlege forgiftingar, fortel Ringstad.

Viss eit barn et bitar av stjerneskotet må det derfor på sjukehus med ein gong.

– Det er bariumnitrat i fyrverkeriet som er problemet, dette er eit giftig salt som kan føre til alvorleg forgifting med symptom som for eksemplar prikkar i huda, krampar og lammingar, seier Ringstad.

– Heldigvis er det sjeldan det skjer, men kvart år har vi spørsmål i samband med stjerneskot, seier ho.

Førebyggingsråd

Her er Ringstad sine generelle råd for å førebyggje forgiftingar:

  • Les på flaska før du brukar eit kjemikalium
  • Følg bruksanvisingar.
  • Har ein barn i huset bør ein bør ein sette på korken og sette bort flasker med vaskemiddel og kjemikaliar med ein gong for å sikre at dei ikkje får tak i det.

Og om uhellet skulle vere ute og barnet får i seg noko som ikkje er meint å ete kan ein gi litt å drikke.

– Det er det same om det er vatn, mjølk eller saft, det viktigaste er at ein får skylt bort litt og tynner ut litt i magen, seier Ringstad.

Skulle du ha behov for råd ved forgiftingar, er Giftinformasjonen døgnopen året rundt.