Hopp til innhold

Ti på topp Roar-eksplosjonar

Sjå bursdagskake-eksplosjonen som Ikke gjør dette hjemme gløymde å ta med, og nyt ti eksplosive videoar med den populære skytebasen.

Ikkje gjør dette hjemme-gjengen feirer sprengebas Roar med bløtkake-ekplosjon.

–Æ trur vi må bruk sprængstoff! Med denne replikken har skytebasen Roar Krosby sprengt seg inn i hjartet til mange Ikke gjør dette hjemme-sjåarar.

Æ villa brukt sprængstoff

Ein fans har laga dette memet av skytebas Roar.

Med sin sjarmerande stil og eit svært avslappa forhold til sprengstoff har Roar stått i spissen for nokre av dei mest hasardiøse eksperimenta i serien som testar ut ting ingen andre bør prøve heime.

Derfor falt det naturleg for programleiardueoen Alvestad og Nilson å feire bursdagen til programmets faste sprengingsekspert med ein skikkeleg kake-eksplosjon (sjå klippet over).

–Roar er jo blitt eit ikon, han er sjølve manifestasjonen av Ikke gjør dette hjemme. Når han kjem inn og føreslår at han vil bruke sprengstoff, då veit du at det blir ein fin dag på jobben, seier Per Olav Alvestad.

–Han har jo vakse med jobben og blitt meir eller mindre som ein av programleiarane å rekne. I ein sketsj som gjekk over tida, og der Rune og eg måtte dra tok Roar avslutninga rett i kamera. Og eg trur ingen sakna verken Rune eller meg, så det er jo berre heilt supert.

Berre koseleg

Roar er litt overraska over populariteten han har opplevd i denne sesongen, men det synest han berre er koseleg, seier han til NRK.no.

Skytebasen har full støtte frå jobben når han sprenger på si for NRK.

–Heile anleggsbransjen er veldig interessert i programmet, og dei heier godt på meg, seier han.

Ambolten som går gjennom taket er hans favoritteksperiment, saman med sprenging av bildør og pianoflytting som gav alle ei overrasking.

–Det er artigast for meg når eg kan bruke litt mykje sprengstoff, seier han.

Her har vi plukka ut 10 minneverdige eksplosjons-eksperiment med Roar frå dei tre sesongane av Ikke gjør dette hjemme:

1. Pianoflytting med sprengstoff:

Korleis flytte eit piano og spare ryggen samtidig?

2. Lagar takvindauge med ambolt:

Den enkle måten å få sollys inn på det mørke loftet involverer sjølvsagt dynamitt.

Lager takvindu med ambolt

3. Malar rommet med dynamitt:

Sånn kan ein male rommet på 1-2-3.

4. Lagar peis med dynamitt:

Finst det ein annan måte å lage eldstad i huset utan å bruke dyre handverkarar?

5. Sånn malar Roar møne på hus:

Redd for å stå i stige? Her er Ikke gjør dette hjemme si løysing på korleis ein får malt det vanskelege husmønet.

Fra Ikke gjør dette hjemme.

6. Med dynamitt som boksopnar:

Trøbbel med å få opna hermetikken? Roar viser korleis ein kan ordne det.

Fra Ikke gjør dette hjemme, sesong tre.

7. Heimebrentapparat i campingvogn:

Kva skjer når ein koplar sprengstoff og ei campingvogn full av sprittdamp?

8. nbsp;Dynamittering av champagneflaske

Per Olav og Rune prøver nye og utradisjonelle måtar å opne champagneflaska på.

Ikke gjør dette hjemme

9. Sånn tørkar du klede – med dynamitt

Synest du det er kjedeleg å henge opp klede? Roar har løysinga.

Fra Ikke gjør dette hjemme

10. Pipekanon

Roar veit råd når fotballen set seg fast i pipa.

Fra Ikke gjør dette hjemme