Hopp til innhold
Quiz

Sjekk kor god du er i rekning

toppbilde ny

Er du god i hovudrekning, eller er kalkulatoren din beste ven? 📱

Her er eit knippe oppgåver for elevar på femte trinn. Dei er basert på årets nasjonale prøvar som er laga av Matematikksenteret ved NTNU, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Oppgåvene har blitt vidareutvikla og «julifisert» av NRK.

Det tek omtrent to år å utvikla ein nasjonal prøve i rekning. Alle oppgåvene blir testa på mange tusen elevar, og svaralternativa kjem frå elevane sjølve.

Så, er du like smart som ein femteklassing? Test deg sjølv! 🤔

1/9 Tur til Månetoppen

Tur til Månetoppen 2
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Familien til Inga skal gå frå Bygda til Månetoppen. Sjå kartet. Inga og mamma skal gå den lengste løypa via Blåfjell. Storebror Brage og pappa skal gå den kortaste løypa via Skomakergata. Kor mykje lenger vil Inga gå enn storebror Brage?

2/9 Julebrus

Julebrus til nasjonale prøver
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Wictor og Kim skal dele ½ liter julebrus likt. Kor mange liter får kvar av dei?

3/9 Peparkake

Pepperkaker til quiz om nasjonale prøver
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Kirsti sel peparkaker for skøyteklubben. Ho sel kvar kakeboks for 50 kr. Skøyteklubben har betalt 20 kr for kvar boks. Kor mykje tener skøyteklubben om Kirsti sel 10 boksar?

4/9 Brus

Brus 2 (ny) til quiz om nasjonale prøver
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Petter skal handle inn brus til 12 kollegaar. Kvar kollega skal få ½ liter brus. Ei flaske inneheld 1 ½ liter. Kor mange flasker brus må Petter kjøpe?

5/9 Lommepengar

Penger til sak om nasjonale prøver
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Tre sysken fekk 300 kr i lommepengar. Dei fordelte pengane på følgjande måte: Lars fekk 1/3, Kari fekk halva av pengane og Sølvi fekk resten. Kor mange kroner fekk kvar av dei?

6/9 Vitaminbjørnar

Vitaminer nasjonale prøver nynorsk
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Familien til Jeanette et vitaminbjørnar kvar dag. Mamma og pappa et to kvar. Jeanette og veslesyster Julie et ein kvar. Ein boks inneheld 60 vitaminbjørnar. Kor mange dagar varar ein boks med vitaminbjørnar?

7/9 60-meteren

Friidrett
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Den øvste tabellen visar nokre krav for å få friidrettsmerket i gull, sølv og bronse. Fire elevar sprang 60-meteren i gymtimen. Tabellane under viser tidene dei fekk. Kven av elevane greidde kravet til gull?

8/9 Temperatur

Termometer for quiz om nasjonale prøver
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Eirin ser på to temperaturmålarar at det er 21 °C inne og -14 °C ute. Kor stor er temperaturskilnaden?

9/9 Hundemat

Hund til nasjonale prøver på nynorsk
Grafikk: Kristin Rydland / NRK

Øystein har ein aktiv hund som er 20 kg. Hunden får to måltid kvar dag. Kor mange gram mat skal hunden ha til kvart måltid?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.