Hopp til innhold

Spektakulære nye bilete frå Mars

Nyleg frigitte bilete frå NASA viser detaljerte bilete av sanddyner, vulkanar og krater på overflata av den raude naboplaneten vår.

NASA har nyleg frigitt 238 nye detaljerte bilete frå overflata av Mars. Bileta er tatt av NASA sitt høgoppløysingskamera HiRISE mellom 8 og 31 juli i år.

Mars Reconnaissance Orbiter

Mars Reconnaissance Orbiter vart skoten opp frå Cape Canaveral i 2005. Om bord i sonden er kameraet HiRISE som kan ta bilete av objekt på storleiken med eit bord på overflata av Mars. Oppdraget til sonden er å finne vatn på planeten.

Foto: NASA/JPL-Caltech

HiRISE (High Resolution Imaging Science Experiment) har gått i bane rundt Mars i fire år om bord i Mars Reconnaissance Orbiter.

Kameraet kan fokusere på objekt på storleik med ein badeball 300 000 kilometer borte.

Dei nye bileta dekker planeten praktisk talt frå pol til pol.

Publikum bestemmer

Sidan 1 januar i år har NASA også latt publikum vere med og bestemme kva kameraet skal ta bilete av.

Er det eit område av Mars du gjerne skulle sett nærare på, kan du merke av staden på kartet gjennom HiWish.