Hopp til innhold

Nasen hans er forsikra for eit ukjent beløp

Richard Juhlin har ein av verdas beste luktesansar. Slik kan du trene hjernen til ein betre luktesans.

Richard Juhlin

Richard Juhlin er ein av verdas fremste champagneekspertar og lever i dag av nasen sin.

Foto: NRK

Svenske Richard Juhlin går for å ha verdas beste nase. Han er ein av verdas fremste champagneekspertar, og hevdar å kunne skilje mellom 5000 ulike champagnetypar.

At Juhlin hadde ein ekstremt god luktesans vart klart alt frå han var svært liten. Som 8-åring var Juhlin med foreldra på vinsmaking i Frankrike, og då klarte han utan problem å plassere riktig vin til riktig opphavsstad, noko dei vaksne ikkje klarte.

Juhlins ekstreme luktesans er eitt av temaa i kveldens Hjernekamp på NRK1 kl.19.45.

– Det kan vere to ting som skil ekspertar som Juhlin frå normale "sniffarar". Det kan vere genar som hjelper dei til å lukte meir effektivt, eller det kan vere ein skilnad i kva dei har lært, fortel Kei Igarashi. Han er forskar ved Kavliinstituttet i Trondheim saman med dei ferske norske Nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser.

La oss ta genar først.

Richard Juhlin som barn

Allereie som barn hadde Richard Juhlin ein ekstraordinært sensitiv nase.

Foto: Privat

350 ulike genar for luktereseptorar

– Luktesansen er den av sansane våre som er minst forstått, fortel Bente Gudveig Berg ved Institutt for psykologi ved NTNU. Ho er forskingsleiar i ei gruppe som forskar på luktesystemet gjennom å studere luktebananen i ein nattsvermarhjerne.

I slimhinnene i nasen vår sit det nerveceller som registrerer luktmolekyl, luktenevron. Mens vi menneske berre har fire ulike synsreseptorar, har vi ekstremt mange fleire luktereseptorar:

– Menneske har om lag 350 ulike gen som kodar for luktreseptorer, fortel ho.

Her er det med andre ord eit visst rom for individuelle variasjonar.

Frå nasen går det nervebanar inn i hjernens luktelapp. Herifra går lukteinformasjonen direkte inn i utviklingsmessig gamle område av temporrallappen, blant anna område som er kopla til hukommelse og kjensler.

Og hukommelse er nettopp stikkordet for korleis vi med eit vanleg snyteskaft kan trene oss til betre luktesans:

Kople ord til lukt

Kei Igarashi

Hjerneforskar Kei Igarashi ved Kavliinstituttet.

Foto: Kavliinstituttet

– Vi kan definitivt trene luktesansen, og måten å gjere det på er slik parfymemakarar og profesjonelle vinsmakarar gjer det, seier hjerneforskar Kei Igarashi.

– Det gjeld å memorere basisdufter og kople dei til metaforiske uttrykk, som jord, rose, sjampinjong eller liknande.

– Ved å bruke ord kan vi lettare få til assosiativ læring der nye koplingar blir danna mellom nerveceller. Frå nevrovitskapen er det kjent spesielle koplingskrinsar i hippocampus og den delen av hjerneborken der minne om lukt blir lagra.

– Slik trening kan lage svært verksame minne i hjernen, seier Igarashi.