Hopp til innhold

Milliardpiksel-bilete frå Mars

Curiosity sender det mest detaljerte biletet over Marsoverflata til no.

Lågoppløysingsversjon av milliardpikselbilete tatt av Curiosity.

Lågoppløyseleg versjon av milliardpikselbilete tatt av Curiosity.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Det nye bilete av Mars-overflata er ein mosaikk som er sett saman av nesten 900 bilete tatt av kamera om bord på roveren Curiosity. Dette melder NASA.

– Fotoet gir sjåaren eit bilete av korleis staden ser ut, og viser også kva kameraa er i stand til å levere, seier Bob Deen ved Multi-Mission Image Processing Laboratory ved NASAs Jet Propulsion Laboratory.

–Du kan sjå bakgrunnen, men også zoome inn på små detaljar, seier Deen.

Har du lyst til å utforske overflata på den raude planeten nøyare, kan du både panorere og zoome inn på steinar og fjerne fjell i imponerande detalj i eit interaktivt bilete på NASA sine sider.

Hol etter laserstrålar

I august i år feirar det rullande laboratoriet Curiosity eitt år på overflata av Mars. Sidan landinga 6. august 2012 har roveren ikkje ligge på latsida, men vore i arbeid for NASA-forskarar.

I mosaikkbiletet kan vi sjå nokre av spora roveren har sett frå seg på naboplaneten vår, samt viktige landemerke som Mount Sharp.

I tillegg til hjulspora etter dei åtte hjula, ser vi også dei runde hola etter laserstrålane frå Curiositys ChemCam, og ein stein som er brekt i to etter å ha blitt overkøyrd over av roveren.

Vi ser også lyse vrakobjekt frå landinga som skil seg ut i den raude sanden.

Laserhol på Mars laga med Curiositys Chem Cam-instrument

Hol i bakken der Curiosity har fyrt av laserstråler frå sitt Chem Cam-instrument.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Vindblåst

Curiosity har tatt fotoa over ein periode på litt over ein månad, frå 5. oktober 2012 til 16. november 2012, på ein vindblåst flekk av Marsoverflata kalla Rocknest.

På denne staden tok Curiosity sine første spadetak av Mars-jord i oktober i fjor tok.

Bileta er sett saman av foto frå Curiosity sitt Mast Camera, samt 21 bilete frå eit vidvinkelkamera og 25 svart-kvite bilete frå Navigation Camera. Dei siste bileta viser i all hovudsak roveren sjølv.

Sidan bileta er tatt over eit stort tidsrom, og på ulike tider på døgnet, speglar mosaikken mange ulike lysforhold. Bileta viser også atmosfæren med varierande mengde støv etter korleis marsvêret har vore den aktuelle dagen.

Alle råbilete Curiosity tar blir lagt ut fortløpande på NASA sine nettsider. Sjå dei siste bileta frå Mars her.