NRK Meny
Normal

Meiner europeisk supernett må på plass for å nå fornybar-mål i EU

–Og det er moglegheit for at norsk vasskraft kan gi stabilitet til det europeiske supernettet, trur Statnett.

Jan Ove Gjerde i Statnett held foredrag under ISES 2013

Forskingsdirektør Jan Ove Gjerde i Statnett på studentenergikonferansen ISES 2013.

Foto: ISES

EU har sett seg ambisiøse mål om å kutte klimagassutslepp med 80-95 prosent innan 2050, og at to tredelar av energien innan den tid skal komme frå fornybare energikjelder.

– For at EU skal kunne nå dette målet, er det absolutt nødvendig at elektrisitetsnettet i Europa koplast saman i eit supernett, seier administrerande direktør Ana Aguado i organisasjonen Friends of the supergrid på energikonferansen ISES 2013.

Friends of the supergrid er ei samanslutning av internasjonale bedrifter og organisasjonar som har felles interesse i å leggje til rette for ei samankopling av Europas elektrisitetsnett.

Fornybar energi som vindkraft, solkraft og vasskraft er meir variable enn karbonbasert energi som kol, gass og olje. Derfor er det nødvendig å kunne kople energinettet saman slik at ein alltid kan ha tilgang på kraft.

Skisse for europeisk supernett

Skisse som viser korleis europas elektrisitetsnett kan bli kopla saman i framtida.

Foto: Friends of the supergrid

Norsk vasskraft kan gi stabilitet

Forskingsdirektør Jan Ove Gjerde i Statnett ser moglegheita for at norsk vasskraft i framtida kan medverke med meir stabilitet, eit grønt batteri, til det europeiske supernettet.

– Men då treng vi eit høgspenning likestraum-overføringssystem, noko vi planlegg å innføre, seier Gjerde.

– Problemet er at den regulerande marknaden enno ikkje er her, og vi veit ikkje kor mykje vi skal investere. Vi må også hugse på at vårt system er avhengig av regn. Når reservoara er tomme, er vi ikkje lenger noko grønt batteri, seier Gjerde.

Friends of the supergrid ønsker å knytte saman nettverket i fleire land i gongen, og har blant anna berekna kostnaden på å binde saman Noreg, Storbritannia, Tyskland og Belgia til 28 milliardar euro.

– Framover frå i dag vil vi sjå stadig fleire samankoplingar mellom land via høgspenning likestraum-overføringssystem, men frå 2020 håpar vi at supernettet verkeleg vil skyte fart, seier Aguado til NRK.no.

Elektrisitetsøyer

– Europa har per i dag ikkje lukkast med å skape ein felles elektrisitetsmarknad. Noko av grunnen til dette er mangel på investeringar i infrastruktur, meiner Aguado.

Resultatet er at Europa enno har mange elektrisitetsøyer som ikkje er kopla med andre land. Dette gjeld til dømes den iberiske halvøya, fleire land i sør-Europa, og Baltikum, fortel Aguado.

Samankoplinga mellom land tar i dag svært lang tid, blant anna tok det heile 17 år å få på plass kraftlinja mellom Noreg og Nederland. Den nye fransk-spanske samankoplinga som føregår no har tatt heile 30 år å få på plass.

– Når det kan ta opptil 30 år for å knyte saman elektrisitetsnettet mellom to land, må det gjerast noko. Politisk støtte er viktig, seier Aguado.

Ideen til eit supernett er ikkje ny, den er meir enn ti år gammal, men først no er all nødvendig lovgiving på plass.

– All teknologi er ikkje klar no, men den vil bli det. Vårt syn er at teknologiutviklinga aldri vil vere stopparen, seier Aguado.