Google overgår tobakkselskapa i lobbyverksemd

Berre i løpet av dei tre første månadene har Google brukt 30 millionar kroner på lobbyverksemd i USA. Det er meir enn heile tobakksindustrien til saman.

Google-logoen bak Googles Android-robot

Google har kapra større og større segment av teknologimarknaden dei siste åra. Her poserer Google sin Android-robot saman med logoen.

Foto: Mark Lennihan / Ap

Internettgiganten brukt 240 prosent meir pengar på å påverke politikarane i Washington, DC enn i løpet av heile fjoråret.

Dersom selskapet brukar like mykje pengar på lobbyverksemd i heile 2012 vil dei gå forbi summen dei tre største Wall Street-bankane brukar, eller heile tobakksindustrien samla.

Til samanlikning brukte Apple tre millionar og Microsoft ti millionar kroner på lobbyverksemd i tilsvarande periode.

Auka etterforsking

Lobbyverksemda til Google kan sjåast i samanheng med at dei den siste tida har vore gjenstand for mykje reguleringar og etterforsking av styresmaktene.

Google fekk nyleg ein bot for å ha hindra ein etterforsking på at dei gjennom Street View-fotograferinga har henta passord og anna personleg informasjon gjennom opne nettverk.

Nyleg var Google også i hardt vêr etter å ha infiltrert Apple sine tryggingsinnstillingar i Safari for å loggføre brukarane sin internetthistorikk utan at dei visste om det.

– Det er mange teknologisaker som blir debattert i Washington. Dette er viktige saker, og det er naturleg at me vil at folk skal forstå forretninga vår, seier ein talsperson i Google til New York Times.

Fare for at omdømmet vert svekkja

Google, som lenge har marknadsført seg for å drive ein positiv form for kapitalisme, ser no at omdømmet er i ferd med å svekkje seg grunna lobbyverksemda.

– Google sitt motto er «Don't be evil» (ikkje ver vond), men det store pengebeløpet dei strør rundt seg demonstrerer ein veldig kynisme, seier John M. Simpson i ein amerikansk forbrukarorganisasjon.

Mange vil nok likevel rose Google for å ha ha bidratt til at dei kontroversielle lovane SOPA og PIPA vart nedstemt. Desse lovane ville avgrense kva brukarane kunne gjere på nettet for å kjempe mot piratverksemd. Etter massiv motstand frå mange teknologiselskap vart lovforslaga forkasta i vinter.

Murdoch om SOPA og Google

Mediemogulen Robert Murdoch reagerte slik på at Google jobba for å hindre SOPA-loven i januar: – Google leiar piratverksemda ved å streame filmar gratis. Det er ikkje rart at dei brukar millionar på lobbyverksemd.

Foto: Skjermdump fra Twitter
Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)