NRK Meny
Normal

Unike data frå spelekort skal gi forskarane svar

Detaljar om automatspelarar skal gi svar på kva som triggar meir intensiv speling. – Dette er ganske unik informasjon å ha tilgang til, seier forskar i spelavhengigheit.

Forskar i spelavhengigheit Rune Mentzoni, spelkort frå Norsk Tipping

Forskar på spelavhengigheit, Rune Mentzoni skal finne ut kva som triggar spelavhengigheit med hjelp av Norsk Tippings spelkort.

Foto: Universitetet i Bergen/ Norsk Tipping/ montasje, NRK

Forskarar i pengespelavhengigheit ved Universitetet i Bergen har fått tilgang til detaljerte opplysingar om automatspelinga til deg og meg gjennom data i Norsk tippings spelkort.

Informasjonen skal dei blant anna nytte til å til å studere kva faktorar som får folk til å bli hekta på speling.

– Dette er ganske unik informasjon å ha tilgang til, seier forskar Rune Mentzoni ved psykologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han leiar det nye forskingsprosjektet saman med kollega Daniel Hanss.

Negative gevinstar

Blant fenomena forskarane er interessert i å studere er såkalla negative gevinstar og korleis dei verkar inn på speleatferd.

Mentzoni fortel at negative gevinstar er dei tilfella der ein satsar pengar på eit spel og vinn, men der gevinsten er mindre enn innsatsen slik at ein i realiteten har tapt pengar.

– Når dette skjer vil automaten signalisere til spelaren at ein har vunne ved å spele av fanfarer og blinke med lys på festlig og oppmuntrande vis, sjølv om ein altså har tapt pengar, seier Mentzoni.

– For oss er det interessant å kunne samanlikne ei gruppe spelarar som har opplevd mange slike negative gevinstar med spelarar som ikkje har hatt den same erfaringa.

– Er det slik at denne typen hendingar oppmuntrar til vidare spel og meir intens speling ved å signaliserer forekomsten av gevinstar? Informasjonen vi no får tilgang til kan medverke til å svare på slike spørsmål, seier Mentzoni.

Som del av forskingsprosjektet vil forskarane også utføre ei stor undersøking av pengespelavhengigheit hos 3000 unge vaksne, frå dei er 17 ½ år og tre år fram i tid, samt at dei vil utføre eksperiment med pengespel med deltakarar i laboratorium ved Universitetet i Bergen.

– Kan følgje spelhistorikk til minste detalj

Spelekort frå Norsk Tipping

Spelekort frå Norsk Tipping.

Foto: Sverre Houmb, Norsk Tipping

– Datamateriale frå Norsk Tipping er unikt på grunn av det unike spelerkortet vårt som sikrar registrert spel. Dermed er det mogleg å følgje kundens spelhistorikk og spelmønster ned til minste detalj, fortel Kjersti Veum som er forretningsutviklar i Norsk Tipping.

I spelkorta til Norsk Tipping blir det registrert kjønn og alder på spelarane, samt kor hyppig ein speler, kva for type spel ein satsar på, kor mykje ein satsar, samt talet og storleiken på gevinstar.

Veum understreker at alle data er 100% anonymisert både med tanke på spelar og spelestad.

Ifølgje Norsk Tipping er spelkorta i Noreg også unike i verdssamanheng.

– Vi er opptatte av forsking på området, og vi sit på ei unik database i verdssamanheng fordi vi er det einaste landet der alle må registrere spelinga si på slike spelekort, seier Veum.

– I forskingssamanheng opnar denne typen informasjon for undersøkingar av korleis folk faktisk speler, på ein måte som tidlegare ikkje har vore mogleg, seier Mentzoni.

– Ei form for besettelse

Ved ein av speleautomatane på Valentinlystsenteret i Trondheim finn vi Robert Pedersen. Han er her ikkje kvar dag, men fortel at han speler på automat av og til med småpremiar som har samla seg på tippekortet.

Pedersen trur gevinstane har stor innverknad på spelarar og kor mykje dei satsar.

– Eg trur det er slik, ja.

Robert Pedersen

Robert Pedersen trur gevinstar har stor innverknad på spelar.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Men Pedersen trur ikkje det ville hjelpt å tone ned fanfarene ved gevinst.
– Om det så hadde vore lydlaust så trur eg ikkje det ville spelt noko rolle, seier han.

– Om folk vinn ein storgevinst, så slutter dei ikkje å spele, dei held fram. Eg såg eit eksempel på han som stod ved automaten ved sidan av meg når eg kom. Han hadde ein gevinst på rundt 1200 kroner. Han heldt jo fram å spele, og til slutt var han nede på null.

– Det er ei form for besettelse, seier Pedersen.