Normal

Derfor er dei færraste heltar

Når det er mange rundt oss, nøler dei fleste av oss med å gripe inn. Evolusjonsmessig er det smart, fordi det kan spare oss for energi.

Mann faller om

Fell ein person om på gata er det større sjanse for å få hjelp dersom det er få vitne til stade enn dersom det er mange. Illustrasjonbilete.

Foto: Erwin Wodicka / Colourbox

Har du vore ute for situasjonar der nokon trong hjelp, og du lot vere å gripe inn fordi det var andre tilstade? Då har du erfart den såkalla tilskodareffekten (sjå faktaboks).

Effekten gjer seg gjeldande i dei fleste situasjonar der vi må handle, men der det er mange rundt oss som også kan gjere det.

Det vere seg ein potensielt livstruande situasjon som ein person som held på å bli kvelt av ein matbit, eller vi blir vitne til eit overfall på gata, til små og uskyldige situasjonar som at det blir pinlig stille på foreldremøtet når det blir spurd om frivillige.

– Ibuande menneskelege trekk

Foreldremøte på Nationaltheatret

Foreldremøter er ein arena der ein ofte kan observere tilskodareffekten. Her illustrert ved eit bilete frå teaterstykket Foreldremøte på Nationaltheatret.

Foto: Nasjonalgalleriet / NRK

– Det typiske er at alle blir ståande og sjå på, og ingen trår til, fortel evolusjonspsykolog Leif Edward Ottesen Kennair.

– Det er mange ulike teoriar for kvifor det er slik, men det handlar om ibuande menneskelege trekk. Til og med overfor dei vi er aller mest glade i, som kjærasten vår, reagerer vi fort dersom vi synest noko blir urettferdig, og vi må gjere meir enn den andre, fortel Kennair.

Ifølgje Kennair handlar det om å spare energi, enten om det er i form av ein ekstra oppvask i heimen til dei ekstreme situasjonar der vi risikere å bli drepne.

– Vi har ikkje lyst til å gjere meir enn det vi må, fordi vi er redd for at det kan koste oss noko. Viss vi berre held litt igjen, så kan vi jo hauste fordelane samtidig som vi unngår å gjere noko, seier han.

Sjansen for at vi skal gripe inn, handlar også om personen som treng hjelp er i same gruppe som oss sjølv. Vi er meir tilbøyelege til å hjelpe nokon som er like oss sjølv enn menneske i naud som er svært ulike oss sjølv.

Kennair har eit eksempel på tilskodareffekten der han sjølv var den som trong hjelp:

Under ein lunsj med ei gruppe legar,sette han fast ein kjøtbit i halsen. Han vart raskt blå i ansiktet. Sjølv om alle rundt bordet er legar, var det først ingen som reiser seg og handlar.

Etter ei tid grip først ein lege i ein leiarposisjon inn, men denne er for låg til å få det til. Heldigvis reagerer då lege nummer to. Ved hjelp av eit vel utført heimlichmanøver, blir psykologen endelig fridd for kjøtbiten og kan puste igjen.

– Dei sat nok og tenkte at «andre kan meir om dette enn meg», tenkjer Kennair.

Polarhelt redusert til tilskodar

Fridtjof Nansen

Polarhelt Fridtjof Nansen vart tilskodar til at ein person fall i sjøen i Liverpool i 1897.

Foto: Henry van der Weyde (George Grantham Bain Collection - Library of Congress), Wikimedia Commons

Effekten gjeld altså også sjølv om ein er lege og i utgangspunktet trena for å redde liv. Til og med ein nasjonal polarhelt som Fridtjof Nansen har skildra ei oppleving der han vart redusert til ein nølande tilskodar, ifølgje biografien «Nansen, oppdageren», av Harald Dag Jølle.

Etter at han hadde gått om bord i amerikabåten i hamna i Liverpool, vart Nansen vitne til at ein mann fall i sjøen og flaut tilsynelatande livlaus i vatnet.

Polarhelten såg korleis folk flokka seg til nede på bryggja, men ingen hoppa uti for å redde vedkommande.

«Hvorfor i himelens navn hopper ingen fra brygga», spurde han seg sjølv.

Nansen vurderte fleire gongar å hoppe, og syntest situasjonen var frykteleg vanskeleg, men «blufærdigheden kryper seg», og han vart ståande på dekk til ein matros endeleg tok ansvar og hoppa i sjøen med redningsbøye og tau, og fekk opp den livlause personen.

Leiarskikkelsar handlar

Sjølv om det typiske er at vi vegrar oss for å ta på oss ekstra oppgåver eller grip inn i situasjonar vi blir vitne til, er det heldigvis alltid dei som er villige til å ta på seg helterolla, også i situasjonar der det kan vere direkte farleg å gripe inn.

– Dei som tar på seg å handle er som oftast leiarskikkelsar som er meir spontane og utovervende enn gjennomsnittet, og som ikkje er redde for å få fokus på seg sjølv, ifølgje Kennair.

Skal vi vanlege handle, er det større sjanse for at vi gjer det dersom vi er åleine, dersom det skjer spontant, eller dersom det er barn involvert.

Vi har også lettare for å gripe inn dersom nokon nokre peiker på oss personleg.

Den pinlege stillheita på foreldremøtet blir for eksempel ofte løyst først når læraren spør ein av foreldra om å stille.

– Etterkommarar av luringar

Leif Edward Ottesen Kennair

Psykolog Leif Edward Ottesen Kennair.

Foto: Nils Heldal / NTNU SVT

– Er vi slik fordi vi er etterkommarar etter feigingar som tente på å vente til andre greip inn?

Nei da, så ille er det ikkje, meiner evolusjonspsykologen:

– Vi er etterkommarar av luringar som står og ventar og ser om andre trår til. Men vi er også etterkommarar av dei som trødde til. Helteverksemd finst i stor grad i samfunnet vårt, det bør vi få med oss, seier Kennair.

Sjå Schrödingers katt teste tilskodareffekten på NRK1 torsdag kl. 19.45.