Hopp til innhold

– Regjeringa utset folk for stor helserisiko

Fleire døyr av byluft enn i trafikkulykker, men Klima- og miljøministeren vil ikkje sette strengare grenseverdiar for svevestøv. – Uakseptabelt, seier Rasmus Hansson.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Graf - Luftforurensing (PM10) siste 7 dager» i nytt vindu

Kvart år dør mellom 1000 og 2000 personar i Noreg for tidleg av sjukdommar som er forårsaka av svevestøv. Like før jul slo ein rapport også fast at fleire Oslo-buarar dør i dagane etter høge utslepp, enn elles i året.

Sjå svevestøvnivået der du bur i grafen over. Vi har lagt inn ei linje på 30 mikrogram per kubikkmeter luft, basert på Folkehelseinstituttets anbefaling om at snittet i løpet av eit døgn ikkje bør overskride dette.

Miljødirektoratet har tilrådd nye og strengare grenser for svevestøv frå 2015, basert på ny forsking som viser negative helseeffektar ved langt lågare konsentrasjonar enn dagens grenseverdiar. (Sjå faktaboks).

Tine Sundtoft

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Men Klima- og miljøministeren har enno ikkje tatt initiativ til å få på plass nye grenser:

– Regjeringa er oppteken av at dagens grenseverdiar blir følgde. Det er per i dag ikkje tatt stilling til ytterlegare innskjerping, seier Klima- og miljøminister Tine Sundtoft til NRK.

– Helse er ein viktig faktor ved fastsetting av miljøkrav, men vi må også ta omsyn til kva som er rimeleg å innføre ut frå andre samfunnsomsyn. Her er det mange vurderingar som må gjerast. Men ambisjonane er at alle på sikt skal ha ein luftkvalitet som ikkje inneber miljø- og helsefare, seier statsråden.

– Uakseptabelt

Leder og stortingsrepresentant Rasmus Hansson i Miljøpartiet de Grønne.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grønne.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er heilt uakseptabelt at regjeringa ikkje følgjer opp svært alvorlege åtvaringar frå sine eigne fagfolk, særleg når åtvaringane gjeld helsa til ein stor del av Noregs befolkning, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grønne til NRK.

– Regjeringa kan ikkje halde fram med å utsette folk for stor helserisiko i årevis etter at forskarane har slått alarm, seier Hansson.

Og ifølgje forskarar er heller ikkje dei nye grenseverdiane trygge.

Sjå animasjon som viser korleis byluft drep:

Animasjon som viser hvordan farlig byluft trenger inn i kroppen og tar livet av deg.

– Finst ikkje trygge konsentrasjonar

Alle konsentrasjonar av svevestøv har helseeffekt, det finst ikkje noko trygt nivå. Derfor anbefaler WHO å halde konsentrasjonane i luft så låge som mogleg, fortel seniorforskar Cristina Guerreiro i Norsk institutt for luftforskning, NILU.

Dei minste svevestøvpartiklane, PM2,5, er dei farlegaste.

– I Oslo er bidraget frå vedfyring til PM2,5-konsentrasjonane meir enn dobbelt så stort som det frå trafikk, fortel Cristina Guerreiro.

Luftforureining er tema i Schrödingers katt på NRK1 torsdag 15. januar kl. 19.45.