Tone Larsen
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Klimakamp i soveposen

Tone Larsen droppar hotellrom og slår opp teltet på jobbreiser. Ho vil overforbruket til livs. Men det er ikkje første gong ho avrusar seg.

Snøra som festar teltpluggen til teltet har frose. Låge solstrålar trenger gjennom glipa mellom to fjell og til teltplassen, men det hjelper ikkje, for vinden er kald, han er isande.

Men teltet skal ned. Då må pluggane opp.

Det hjelper å legge snøret i neven, så det tinar. Likevel bit det godt i neglene når dei frosne snøra skal pirkast opp.

Sovepose og liggeunderlag ligg samanrulla. Dei siste restane av leirplassen i Sogndalsdalen er rydda vekk.

Arbeidsdagen startar snart. Tone Larsen har kledd seg godt for turen dit. Solid turbukse, varm jakke. Ei rosa lue som stenger vinden ute.

Ho lempar den svære sekken opp på ryggen og legg i veg nedover fjellsida.

Det er ikkje berre ein tilfeldig tur, eit eingongstilfelle.

Gjennom heile vinteren skal alle jobbreiser gå føre seg på denne måten.

Tone Larsen

KLAR FOR KONTORET: Tone Larsen er klar for jobb på Høgskulen nede i Sogndal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ho er forskar og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og reiser mykje i jobben. Mest til Sogndal, men også til Bergen, Stavanger, Voss.

Når ho ikkje er på reise, bur 49-åringen komfortabelt heime i huset i Sunnfjord saman med barnet sitt.

Men når ho pendlar til jobb skal ho trasse vêr, vind og tidspress, og bu utandørs i telt eller i enkle hytter.

Prosjektet er utropsteiknet i ei livslang setning.

Målet er stort og tydeleg. Ho vil leve med minst mogleg klimaavtrykk.

Det handlar om å velje brukt framfor nytt, ha solceller på taket, dyrke eigne grønsaker og forbruke mindre, mindre, stadig mindre.

Ofte inneber det å velje vekk den enklaste løysinga til fordel for eit helsikes bask.

Så er det heller ikkje første gong Tone Larsen snur opp ned på livet sitt.

Ut av gamle mønster

Det er ein ny morgon i prosjektet. Tone er i gang med å pakke ned teltet. Denne gongen er det ved ein fjord i utkanten av Stavanger ho har sove.

Tone Larsen ligger i telt i forbindelse med utdeling av doktorgrad ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er ein av dei største og viktigaste dagane i yrkeskarrieren.

Ho har gått ein lang veg. Teke opp att fag frå vidaregåande, utdanna seg til sosionom. Studert vidare, jobba på.

No skal ho få beviset på alt ho har oppnådd.

Men sjølv på ein dag som denne viker ho ikkje frå prosjektet sitt.

Lua og turbuksa pakkar ho ned i sekken. I dag skal ho pynte seg. Det er ein festdag ved Universitetet i Stavanger.

Saman med fleire andre står Tone på podiet kledd i blå, skinande kappe.

Alle har gjennomført år med studiar og forsking. No står dei med doktorgradsbeviset handa. Doktorgradsavhandlinga handlar om samarbeid mellom brukarar og tilsette i rusbehandling.

Arbeidet blir feira med ein flott seremoni, musikk, ein god middag.

Tone Larsen mottar doktorgrad ved Universitetet i Stavanger.

DOKTOR: Tone Larsen får blomar og doktordiplom som synleg bevis på doktorgraden ho har teke. Overnattinga før festen føregjekk i telt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kanskje var det ikkje heilt gitt at det var ho som skulle stå her.

Frå Tone Larsen var 19 til ho var 27 år, var rus ein stor del av livet.

Ho kjem frå Slemmestad, men flytta mykje rundt. Til Gol og Oslo. Seinare til Høyanger, der faren budde.

Ho fullførte ikkje vidaregåande, jobba på pub, gatekjøkken, i butikk.

I starten var alkoholen ein effektiv kur mot sosiale hemningar. Ho ville vere med dei kule folka, dei som stod litt på utsida. Det var lettare å forstå og bli forstått der.

Ho brukte hasj i periodar, testa amfetamin. Alkohol og fest kunne gå på kostnad av skule og jobb og styre vala ho tok i livet.

Det kom til punktet der det var nok. Ho ville noko anna, noko meir.

Tone Larsen som 28-åring

RUSFRI: 28 år gamal og rusfri i snart to år.

Foto: privat

Tone Larsen kjem sjølv frå ein familie med rusproblem og ville vere til hjelp for andre med slike utfordringar.

Mor hennar hadde alltid meint at ho var smart, at ho var ei som kunne få seg høgare utdanning.

Det var drivkrafta.

Å faktisk få til ei endring, handla om å røske tak i gamle mønster.

Framfor å dekke over vanskelege kjensler med rus, gå på ein sjekkeapp eller kjøpe den nye kåpa, måtte ho kjenne etter.

Ho trekte seg vekk frå puben og det gamle miljøet. Stegvis, mens ho framleis dreiv med rus, tok ho val som sende henne i rett retning.

Ho tok jobbar i barnehage og på barneskule, arbeid som gav henne meining.

Las aviser dagleg og skjønte at jo, det kunne gå, ho hadde evna til å konsentrere seg.

Om ho gjorde feil og tilbakesteg før, ville ho kanskje døyvd skamma med rus.

No lærte ho seg å stoppe når motstanden melde seg. Reflektere over feilen. Ta lærdom til neste gong. Fortsette framover.

Når ho no endrar livet på ny, bruker ho erfaringane frå den gong.

Tone Larsen mottar doktorgrad ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Når tida blir ei utfordring

Før kunne skumle typar ho hadde sett på film, stå bak trea når ho var på veg til leirplassen. No er det lenge sidan skrekkfilmkarakterar frå 1980-talet har funne vegen til vestlandske skogar.

Tone Larsen i Åsane

Ho har kunna kjenne på redselen for mørket, men likevel halde fram djupare inn i skogen.

Tone Larsen

Frå ho starta utandørslivet, har frykt forsvunne.

Tone Larsen i Åsane

Ho veit ho kan slå opp eit telt i djup snø og kor ho må slå opp teltet for å unngå å bli teken av snøras.

Ho har fått testa grenser og veit at ho klarer seg.

Det er tida som har vist seg å vere den store bøygen i berekraftsprosjektet. Å leve så berekraftig som Tone Larsen gjerne vil, er ein kamp med klokka.

Ho er mor og akademikar i meir enn full jobb.

Det tek tid å pakke, undersøke seg fram til teltplassar på ukjende stader, ringe venner og kjende, leite på kartet.

Uansett korleis natta har vore, må ho rekke jobben tidleg morgonen etter. Gå etappen til elbilen, køyre til jobb, kome ut av turkleda, dusje og rekke første møte.

Klokka går fortare når ho skal bakse seg gjennom tung snø ein mørk vinterdag etter jobb enn då ho gjekk rett til ein varm hybel.

Prioriteringane har vorte hardare.

Ideal som ein gong har vore viktige, må også takast opp til vurdering.

Når ho treng ei ny turjakke, veit ho godt at det berre er å svinge ein kjapp tur innom næraste sportsbutikk. Raude, gule, grøne. Nye stoff, eit snitt som passar i 2022. Tusenlapp på tusenlapp ryk med for eit slikt vedunder.

I skapet heime heng ei blå Gore-Tex-jakke frå den gong ho budde i Finnmark på 2000-talet.

Ikkje like fiks, men ho varmar.

Når det er seks minusgrader og lynladaren til elbilen slett ikkje er noko lyn, er det ikkje fritt for at det går ei kule varmt.

Somme gonger slår livet sjølv til og stikk kjeppar i hjula for dei optimale klimavala.

Men denne våren blir klimaengasjementet til Tone for alvor sett på prøve.

Framtida til Førdefjorden står på spel, og miljøvernarar veit at dei må bruke sterke verkemiddel for å bli høyrt.

Det skal Tone kome til å bli straffa for.

Tone Larsen demonstrerer i Vevring, og politiet kjem
Foto: privat

Engasjementet blir testa

Ho står ved eit anleggsområde i Vevring.

«La fjorden leve». Ropa kan høyrast over heile området.

Demonstrantane er mange og held opp plakatar med slagord.

Når Tone høyrer om aksjonistane i Vevring, bestemmer ho seg med det same.

Ho har telta i mange månader allereie og har teke klimaengasjementet eit steg lenger. Ho har vorte med i Naturvernforbundet. No vil ho aksjonere for Førdefjorden.

Tone Larsen i Vevring
Foto: Bård Siem / NRK

Like ved ligg Engebøfjellet proppfullt av mineralet rutil. Det vil eit gruveselskap vinne ut. Drifta vil gi arbeidsplassar og inntekter til kommunen og bygda.

Men planane inneber òg å lage eit sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden.

Fleire miljøorganisasjonar meiner det vil skade fjorden og fisken og er sterkt imot.

Tone har vore i Vevring fleire gonger før i vinter. Saman med dei andre aksjonistane har ho hengt opp banner og øvd på korleis dei skal oppføre seg om dei må ty til sivil ulydnad.

Denne aprildagen får ho bruk for det ho har trent på.

Når aksjonistane lenkar seg til anleggsmaskinene i Vevring, er Tone blant dei. Ho blir henta av politiet og får eit førelegg på 10.000 kroner, som ho nektar godta. Ho meiner det ikkje skal vere kriminelt å beskytte naturen.

Tone Larsen demonstrerer mot Vevring-gruva

GATELANGS MOT GRUVEDRIFT: Tone og andre aksjonistar demonstrerte mot utbygginga i Vevring. Her frå ein demonstrasjon i Førde sentrum.

Foto: privat

Endring må kome innanfrå

Det kostar henne å bryte opp i gamle vanar, sende tankane over i baner dei ikkje har gått i før.

Det kostar oss alle.

For å gjere det same igjen og igjen, gir oss tryggleik. Kanskje først når vi vil leve annleis, merkar vi kor godt vanane sit i oss.

Å gjere verkeleg store endringar, er nesten som å velje eit nytt liv, fortel professor i klinisk psykologi Christian Moltu.

Ønsket om å endre seg har gjerne utspring i at måten vi lever på, ikkje held i lengda. For nokon handlar det om matvanar eller trening, for andre kan det vere klimaval.

Dei som lukkast med store livsendringar, har noko til felles. Dei vil leve etter eigne verdiar.

For endring er stress. Skal du bryte ut av dei trygge mønstera dine og stå i stresset til nye mønster er etablerte, drivkrafta kome innanfrå.

Sjarmøretappen

Det er i Sogndal Tone har gjennomført flest overnattingar gjennom vinteren.

No er ho tilbake. Det nærmar seg sommar.

Naturen har samla krefter gjennom vinteren og no trenger dei seg på overalt. Det bognar på kvar ei grein, og fuglane syng vårsongar over stien der ho går.

Det er siste overnattingsdøgn i prosjekt berekraft.

Elbilen er parkert ved Barsnesfjorden. Det er nokre få hundre meter å gå til teltplassen. Det er veg dit, til og med.

Men kartutsnittet er lite og terrenget stort. Nokre lokalkjende peiker henne tilbake til ein stad ho allereie har vore innom. Til slutt finn ho det vesle platået der grunneigar har gitt løyve til å setje opp telt.

Forholdet til naturen har vorte enda tettare dei siste månadene. Behovet for å ta vare på han, sterkare.

Tone har alltid meint at innsatsen kvar og ein gjer, speler ei rolle. No har ho fått enda sterkare tru på at handlingane ho og andre gjer, har noko å bety for kloden.

Ho har lært at den optimale berekraftige livsstilen somme gonger krasjar i møte med livet. At det er lov å justere på krava, men likevel fortsette i same retning.

Det har vorte 48 teltovernattingar i all slags vêr og vind. I tillegg fem hytteovernattingar og nokre netter der ho har sove ut for å teste utstyr. Ikkje ei hotellkvittering er å oppdrive på ti månader.

No sit det langt inne å besøke bookingsider på nett.

Ho vil halde fram i Naturvernforbundet. Via Instagram fortel ho om prosjektet og spreier kunnskapen ho opparbeider seg.

Kor mykje teltovernattingane hennar har spart klimaet for utslepp veit ho ikkje, men er viss på at alle stega ho tek samla sender henne i rett retning.

Ho vil ho halde fram med å overnatte utandørs på jobbreiser så ofte ho kan. Og ho vil halde på nye vanar, køyre elbil, ha solceller på taket, kjøpe brukt, forbruke mindre.

Den store livsomveltinga ho gjorde då ho slutta med rus, har gitt henne sjølvtillit på at ho kan skifte kurs på ny.

Somme gonger treng vi å endre oss. Kanskje handlar det om klima, kanskje handlar det om noko heilt anna.

– Det stikk heilt inn i mergen, seier Tone om kvifor ho har greidd å gjennomføre prosjektet sitt. Verdiane og motivasjonen kjem innanfrå.

Den siste maikvelden går over i juninatt.

Snart er det ein ny dag.

Tone Larsen i Sogndal mai 2022
Foto: Benedikte Grov / NRK

Hei!

Veldig kjekt at du har lese heilt hit! Gi meg gjerne ei tilbakemelding på kva du synest om reportasjen. Om du har tips eller idear til andre reportasjar, så set eg pris på om du tek kontakt.

Om du har lyst til å lese andre saker eg har skrive, kan kanskje desse vere av interesse: