Sunnfjord-skiltet på veg opp i Våtedalen

NY TID: Frå nyttår blir Jølster, Gaular, Naustdal og Førde samla i Sunnfjord kommune. Her set Lars-Ove Sæthre og Alf-Otto Førde i Mesta skiltet på plass i Våtedalen mellom kommunane Gloppen og Sunnfjord.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Her reiser dei eit nytt stykke Noreg

JØLSTER (NRK): Ved årsskiftet går 109 norske kommunar over i historia. Kva skjer med identiteten til dei som bur der då?

– Det er uvant å sjå, seier Alf-Otto Førde.

Han er vegmeister i Mesta og jølstring.

Eit krafttak må til før skiltet med «Sunnfjord kommune» står stødig på jernstenger i Våtedalen. Det gamle kommuneskiltet blir lagt i ein tilhengar og teke med vekk.

I ein hotellsal nokre kilometer unna ler og pludrar babyar på trygge foreldrearmar. Dei veit lite om at dei er fødde inn i ein historisk overgang.

– Det er litt kjekt at det blir sett pris på at det blir fødd nye ungar, seier Heidi Karin Hylderås.

På fanget har ho Tiril Natalie, som er tre månader gammal.

For siste gong skal ordføraren i Jølster dele ut smykket Liljekrossen til jølstringar som er fødde i året som er gått.

Motivet kjem frå Audun Hugleiksson (1240-1302), jølstringen som bar tittelen baron og som bygde eit slott i heimbygda. Før han hamna på kant med kongen og vart dømd til døden, blir det sagt at han rakk å gøyme unna eit sølvbord i Jølstravatnet.

Verken bord eller slott finst no, men det gjer liljesymbolet han bar på våpena sine.

No blenkjer den same lilja rundt halsen til Tiril Natalie.

Etter 182 år som eigen kommune går Jølster over i historia. Kva slags skjoldmerke skal jølstringane då bere?

Og kva for historier skal dei no fortelje kvarandre?

Heidi Karin Hylderås og dottera Tiril Natalie

MOR OG DOTTER: – Å vere jølstring er fridom til å gå på fjellet, bade i Jølstravatnet. Eg kjenner meg trygg her, seier Heidi Karin Hylderås. Dottera Tiril Natalie er i det siste kullet Jølster-barn som får smykket Liljekrossen.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Krangel

Over heile landet skjer det same. Kontor blir tømde, kommuneskilt blir skrudde ned.

422 norske kommunar blir til 356. Kvalsund i Finnmark forsvinn. Det gjer også Sauherad i Telemark, Rennesøy i Rogaland, og Jølster i Sogn og Fjordane.

Friluftskommunen med brear, vatn og fjell, området som har fostra kunstnarar som Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Der folk kranglar om idrettshallar og bygdestriden aldri heilt tek fred.

No skal denne vakre, bråkete veslebroren inn i Sunnfjord kommune.

Alvor

I biblioteket i kommunehuset har politikarane delt ut ungdomsstipend og pengar til museet Astruptunet. Den aller siste saka på sakskartet blir sendt til behandling i den nye kommunen. Eit alvor har senka seg.

Så går ordførar Oddmund Klakegg (Sp) på talarstolen for siste gong i Jølster kommune si historie. På ti minutt samanfattar han den 182 år lange historia til kommunen, frå Formannskapslovene til i dag.

– Vi har ikkje alltid vore einige i kva rolle kommunen skulle ha som samfunnsutviklar, men i sum har vi levert mykje bra til beste for innbyggjarane våre her i Jølster, seier han.

Han løftar klubba.

– Det er eit lodd som er lagt på meg, eit alvor som er lagt på meg, at eg skal avslutte Jølster kommune. Og med dette klubbar eg Jølster kommune og Jølster kommunestyre for siste gong, og opphevar Jølster kommune.

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg, siste kommunestyremøte i Jølster

TAKK: Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) takkar av kommunestyrerepresentantane i det siste møtet i Jølster kommunestyre 12. desember 2019.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Vilje

«Jǫlmstar». Det var slik ein skreiv namnet Jølster i norrøn tid. Opphavleg kan det ha vore namnet på Jølstravatnet eller elva Jølstra. Namnet kan også ha noko med norrøne «jalmr» å gjere, eit ord som betyr «brak».

– Jølster vil vi nok alltid heite, og vi vil høyre til i denne bygda rundt Jølstravatnet, seier Oddmund Klakegg.

Då han var fersk ordførar for åtte år sidan, feia uvêret Dagmar inn over Jølster. I sommar, på tampen av ordførarperioden, skjedde det igjen. Kommunen blei hardt råka av ekstremnedbør, flaum og ras.

Då stilte jølstringane opp for kvarandre. Dei fekk ut båtar til å evakuere folk som sat fast mellom ras. Samfunnshuset blei omgjort til eit evakueringssenter. Og frivillige skaffa teppe, klede og noko å varme seg på. Straumen mangla, så kaffien blei kokt på primus.

– Det fortel kanskje om styrken vår, seier Klakegg.

Initiativet, dugnadsånda og viljen som er i Jølster gjer at ordføraren ikkje er så altfor bekymra.

Men kommunen Jølster har vore god mot innbyggjarane sine, seier Klakegg. Han hadde helst sett at han hadde fått halde fram med det.

– Men slik er det blitt. Vi er nøydde til å tilpasse oss denne gong òg, på ein god måte.

Så nær det kan bli

– Det er eit oppryddingstruga kontor, smiler kulturskulerektor Anja Gulbrandsen.

Ho står med ein lys gul elgitar i neven. Ho ryddar. Instrument, notar, kostyme, minne, alt skal ut.

Det er ikkje mange vekene att før kulturskulen i Jølster blir del av den nye storkommunen. Berre seks tilsette skal jobbe på det gamle kommunehuset etter nyttår.

Frå kontorvindauget kan ho sjå rett opp på snødekte toppar. Der nokre ser berg og knausar, ser ho eit jølsterliv.

– Fjell, seier ho. Det å vere jølstring handlar om å vere i fjellet, gjerne aleine.

I 21 år har dei kome til henne, dei unge jølstringane. Dei har strekt fingrane så langt det går over svarte og kvite tangentar, dei har teke sine første dansesteg, sunge så klart dei greier. Gylne augneblikk, kallar ho det.

Gulbrandsen dreg fingrane over eit klokkespel på hylla så det gir frå seg sine små pling. Til liks med alt anna skal det ut frå varmen på kulturskulerektorens kontor.

– Eg trur det er lurt å vere ein litt større kommune, og trur mange kjem til å trivast med det etter kvart, seier ho.

På eit lager i gangen ligg bunkar med teksthefta «Jølster, mi regnbogebygd», laga av skuleelevar i Jølster. I diktet «Jølster» står det:

eg elskar Jølster
det er så
nær
så nær det kan bli

Anja Gulbrandsen, rektor Jølster kulturskule

MINNE: Etter 21 år som kulturskulerektor ryddar Anja Gulbrandsen ut Michael Jackson-hattar og anna utstyr frå kommunehuset på Skei. No blir ho driftskoordinator i kulturskulen i Sunnfjord kommune.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Robust?

– Ei stund i 2016 såg det ut til å rakne litt, seier Yngve Flo, som er førsteamanuensis ved Universitet i Bergen.

For snart seks år sidan starta kommunereforma. Større og sterkare kommunar skal gi betre velferdstenester, ei meir berekraftig samfunnsutvikling og eit sterkare lokalt sjølvstyre, skreiv regjeringa.

Store kommunereformer har vore gjennomført tidlegare, ikkje minst på 1950-og 1960-talet. Dagens reform er mindre omveltande, seier Flo.

Resultatet er likevel at vi står vi att med 17 prosent færre kommunar. Men etter 2020 vil det framleis vere meir enn 120 kommunar i Noreg med færre enn 3.000 innbyggjarar.

Var det vellukka?

– Målet var ein meir robust kommunestruktur. Det har ein eigentleg ikkje fått til, seier Flo.

På 1970-talet skjedde det at kommunar som var slått saman i tiåra før, blei løyste opp att. Felles for dei var «kulturforskjellar» og stor indre misnøye.

Glede

– Eg har tenkt framover på mine barn og barnebarn. Kva skal til for at dei framleis skal bu i Sunnfjord?

Judith Kapstad er Venstre-politikar og har ivra etter samanslåing «frå dag éin».

Når ho ein desemberdag tek plass i kommunestyresalen for aller siste gong, kjenner ho på glede og lette.

Judith Kapstad

GLEDE: Judith Kapstad har ivra for kommunesamanslåing. Her under det siste kommunestyremøtet i Jølster.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det nye kommuneskiltet til Sunnfjord kommune viser fire elvar som går saman til ei større elv.

Kapstad tenkjer på same måte om kva som er ein god kommune. Der fleire slår seg i lag, gir det betre moglegheit til å skape eit mangfald av arbeidsplassar og tenester med høg kvalitet.

Og kommunegrense og identitet er ikke det same, seier ho. Det å høyre til er ofte knytt til lokalsamunnet, meiner ho.

– Det er det heilt nære som gir deg identitet, fellesfølelse og tryggleik.

Forståing

«Det blir bra». Kan hende er det ingen som no skal fronte den tanken meir enn han som sit på rådhuset i Førde og skal samle det heile.

Etter lengre forhandlingar blei det klart at Førde-ordførar Olve Grotle (H) blir den første ordføraren i Sunnfjord.

Han har forståing for dei som har kjent og kjenner på uro, men opplever at motviljen har vore liten når det først vart fastsett at det blei ny kommune.

– Eg meiner vi har grunnlag for å seie at vi har hatt ein av dei beste prosessane i landet, seier han.

Nær 22.000 innbyggjarar gjer Sunnfjord til den største og mest folkerike kommunen i gamle Sogn og Fjordane. Utgangspunktet for ei samling er godt, meiner ordføraren.

– Folk i dei fire kommunane er alle knytte til naturen, dei har felles erfaringar og felles tenkemåte, seier Grotle.

Håp

Klirrande kaffikoppar og kake kjem på bordet i hotellsalen på Skei.

18 liljekrossar er delte ut. 2019-generasjonen jølsterbarn og foreldra deira blir samla og fotograferte.

– Sunnfjordingane og jølstringane er litt sånn at dei likar å halde på det som har vore. Det som er nytt er skremmande, seier Heidi Karin Hylderås.

Smykket Liljekrossen, eit symbol på Jølster

SYMBOL: Smykket Liljekrossen har i mange år blitt delt ut til nye jølstringar. Dette er dei siste smykka som blei delte ut.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Hylderås er oppvaksen på Vassenden. No bur ho og familien på Eikås.

Dei har vore jølstringar i regionen Sunnfjord. Blir dei no sunnfjordingar i Sunnfjord kommune, i Vestland fylke på Vestlandet?

– Vi har snakka mykje om "kva skal du seie no?" Men så blir eg likevel ein jølstring, seier ho.

Hylderås trur enkelte er redde for kommuneøkonomien og korleis innbyggjarane blir teke vare på i den nye storkommunen. På den andre sida er dei ikkje like sårbare som del av ein større kommune, meiner ho.

Dottera Tiril Natalie har smilt seg gjennom festen, men no kriblar det i den vesle kroppen. Ho er lei av å sitje i ro.

Sjølv med det synlege beviset rundt halsen, kjem ho ikkje til å hugse noko anna enn Sunnfjord kommune når ho veks opp.

– Ein må sjå framover med opne auge, og tenkje at det blir bra. Det er litt kva ein sjølv gjer det til, seier mora.

– Eg trur ho får det bra.