Aud Skjærbusdal Bye

TOK SEG SAMAN: - Eg viste at med fjernsynskamera på tunet, så måtte eg ta meg saman, fortel Aud Bye.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Aud stilte opp på tv for å tvinga lyset inn att i livet

Aud Bye (61) hadde mista sonen sin og var midt i ei djup sorg då «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» ville ha ho med i programmet.

Frå kjøkenglaset ser ho bort i kjøkenhagen sin. Den vart etter kvart ståande som eit bilete på eit liv der ingenting skjedde. Der ting forfall utan at det hadde noko å seia. Det var ingen som såg det likevel. Berre Aud som gjekk der åleine.

– Eg hadde gått i ni månader og gitt blaffen i alt. Det var ingenting som betydde noko. Korkje meg sjølv, heimen min eller tinga rundt, fortel Aud Bye.

Det er desember 2019. Jula nærmar seg. Den blir ikkje som jula i fjor. Då var sonen Petter der, forloveden hans og barnebornet Odin på Herøya. Petter kjem ikkje i år, for Petter er borte. Han blei borte på våren, akkurat då ho skulle få orden på hagen att etter førre vinter. Det vart ikkje gjort.

Petter Axel Bye, Aud Skjærbusdal Bye og Odin

NÆRT FORHOLD: Aud skulle vera forlovar då sonen Petter skulle gifta seg førre sommar. I staden følgde Aud og barnebornet Petter til grava.

Foto: Privat

For ho er stort sett heilt åleine vinteren gjennom. Det var jo difor me i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» tok kontakt med ho. Hit flytta ho for vel ti år sidan. Braut opp frå det ho no kallar eit overflatisk liv i Trondheim, skaffa seg sauer, fekk garden godkjent for økologisk produksjon og byrja med grønsaker.

Ho skildrar det som eit eventyr med fred og ro i rikeleg monn, nok selskap i barn, barneborn på besøk og til og med ein kjærast etter kvart.

Klesbutikken ho dreiv, huset ho budde i på ei av Trondheim sine penaste adresser, Øvre Singsaker. Ho berre la alt bak seg.

Her ute er Herøya. Ei lita øy aust for Hitra og Frøya sør i Trøndelag, der ho har budd åleine i ti år. Ti gode år.

KART: Herøya i Hitra kommune, Trøndelag

- Du skal vite at eg er knust

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er som ei lita familiebedrift i det store NRK, og denne gongen var det altså sambuaren min, eg er forresten regissør i programmet, som fann ein lokalavisartikkel om Aud som budde for seg sjølv på ei øy. Det var ikkje eit tvilstilfelle. Aud var innanfor programkonseptet.

Men då kjeldearbeidaren ringde, viste det seg at det hadde skjedd ting sidan artikkelen vart skriven. Vonde ting han ikkje visste om.

– Du skal vita at eg er knust av sorg, sa Aud.

Så spurte ho når me ville koma, kor lenge me skulle bli og kva slags mat me likte. Var nokon allergiske mot noko? Så fort går det sjeldan når me ringer og spør om folk vil vera med i dette programmet. Aldri, eigentleg. Dette var nesten for enkelt, men me let den vesle tvilen koma ho til gode.

Sonen Peter skulle gifta seg den sommaren, med mora som forlovar. Han treivst i jobben, var blitt far og så fall han på ein sti på veg heim frå lønningspils med nokre kollegaer, vart liggjande og fraus i hel. Han vart 37 år.

Aud styrte med gravferd og hjelpte til med formalitetane. Trøysta og gret, før ho trekte seg tilbake til heimen på Herøya og gjorde ingenting. Lenge.

Sundet som skil øya hennar frå den vegfaste Fjellværsøya, kan berre kryssast i båt, og i godt vêr. Så fred fekk ho nok av utover hausten. Sauer og høns fekk det dei måtte ha. Resten gav ho blaffen i.

Aud Bye sjekkar fortøyingane i uveret

SJEKKAR FORTØYINGANE: Uvêr er på veg. Då må båten, livslinja til fastlandet, vere ekstra godt festa.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det å vera for seg sjølv, og det å gje blanke, er to veldig ulike ting. Å vera for seg sjølv set eg pris på enno. Å kunne gråta når eg vil, vera sint når eg vil og tykkje at livet er urettferdig i fred, er ein god ting, fortel Aud.

Einebuarlivet på ei øy kan vera godt når du sørgjer. Inntil eit visst punkt. Det kan bli for mykje privatliv.

– Det er noko anna å ikkje bry seg om ting. Å tenke at eg ikkje treng å dyrke i grønsakåkeren, fordi eg får jo kjøpt grønsaker på butikken. Det er ikkje meg.

– Ved juletider såg eg at her måtte det ei forandring til. Elles ville eg gå til grunne. Eg måtte ha ein ting eg var nøydd til å ta meg saman for, og det fekk eg jo, seier ho. Med eit lite fnis i stemma.

Det vart ein kort samtale

For det fekk ho i form av ein litt uforvarande kjeldearbeidar frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Han som hadde budd seg på ein lang samtale, der han la fram forslaget om å laga program. Så skulle han kanskje vente ei veke medan Aud tenkte seg om. I staden var samtalen over på under fem minuttar, og planane var i boks.

Herøya, Hitra kommune. Dronefoto.

HEILT FOR SEG SJØLV: På Herøya har Aud berre hyttenaboar. Om vinteren er ho stort sett åleine på øya.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

For ho tenkte med ein gong at dette var sjansen hennar. Det var ni månader sidan Petter døydde, og ho visste dette bar feil veg.

– Då måtte eg ha noko å jobba mot over tid, forklarar ho sjølv.

– Så du ville bruka oss litt?

– Ja. Eg ville bruka dykk for alt de var verdt, ler ho.

Ho la på telefonen, såg på rotet i huset og den lurvete hagen. Visste at no måtte ho få ting på stell. For første gong på lenge gav perfeksjonisten i ho seg til kjenne. No kom det fjernsynskamera på tunet, og då kunne det ikkje sjå slik ut.

Det er ein naturleg, menneskelg refleks. For ingen vil bli hengande i sorga. Det er berre ei myte at nokre ynskjer det, fortel psykologispesialist Atle Dyregrov.

– Det høyrest ut som ho var komen til ein sanningsaugeblink, seier han.

Dyregrov er spesialist i klinisk psykologi, professor ved Universitetet i Bergen og jobbar med oppfølging av familiar som har mista born. Han har sett mange slags sorg. Også denne sorten.

Atle Dyregrov

PROFESSOR: Atle Dyregrov er spesialist i klinisk psykologi.

Foto: Klinikk for krisepsykologi

– Det ho seier er at «her er eg nøydd til å gjera noko.» Samtidig greier ho å setja seg eit mål. Når du mister eit barn, uansett i kva alder, så mister du noko av meininga i tilværet, held han fram.

Han vedgår at han er imponert over kor klartenkt Aud har vore i ein så vanskeleg situasjon.

– Å følgje borna dine vidare er noko av det viktigaste me gjer som menneske. Når dei dør før oss, blir ting meiningstomme. Her har ho funne ein måte å gje meining til det meiningslause ved å formidle noko. Dette er eit godt fokus. Det fortel at ho har ei fleksibel meistringsevne, altså at ho tilpassar seg, seier Dyregrov.

Isolert med to mann frå NRK

Første opptak var i februar. Det var storm og høljande regnvêr. Uråd å kryssa sundet i båt. Aud var isolert på øya si med to NRK-medarbeidarar som filma dei daglege gjeremåla med høns, sauer og båthald. Me spør om oppbrotet frå Trondheim og valet av den aude øya vest for Hitra og Frøya. Om dramatiske episodar ute på havet og livet generelt. Men ikkje om det. Ikkje om sonen, dødsfallet og sorga.

Etter at opptaka var ferdige for kvelden kunne Aud tilsynelatande lett pensa inn på tapet av sonen der me sat rundt det store kjøkenbordet. Men me vart samde om å venta til våren med å snakka om Petter, og sorga framfor kamera.

Til våren kjende me kvarandre betre, og så kunne me jo ta det i kjøkenhagen. Ho skulle akkurat til å ta tak i den då han omkom. No var hagen grå og brakklagd. Til våren skulle han bogna av jordbær, squash, salat og urter att. Hagen kunne få stå som eit bilete på Aud som reiste seg og tok fatt på livet att.

Herøya, Hitra kommune

LÅG BRAKK: Då sonen døydde, blei den økologiske kjøkenhagen, der Aud har dyrka det meste ho et av bær og grønsaker, ikkje viktig lenger.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Så i starten av juni var me tilbake. Våren var sein, men no jobba både han og Aud på høggir. Ho hadde spart litt arbeid til me kom, men beda var stort sett fullplanta. Gamle saueskinn var lagt mellom radene for å halda ugraset unna. Aud var i godt slag.

I fjor gjekk eg inn grinda, såg at sauene hadde ete jordbærplantene og så gjekk eg berre ut att, fortel ho.

– Eg orka ikkje.

Og det er her eg som skriv dette stykket, regissøren av tv-programmet, tolkar situasjonen heilt feil.

Eg må nett forklare først: Om du nokon gong blir oppsøkt av eit fjernsynsteam som vil snakka deg om ein bestemt ting, vil du sannsynlegvis leggja merke til at før kamera går snakkar me stort sett om alt anna enn den bestemte tingen. Dette er fordi me vil ha levande, tenkjande menneske framfor kamera. Ikkje nokon som lirer av seg ein repetisjon.

Så difor, altså.

Tanken var å leie samtalen forsiktig inn på Petter, tapet og sorga, men inviterte ikkje Aud meg inn ved å snakka om sonen sin bortgang? Det var jo den som var grunnen til at hagen låg brakk.

Så eg spør.

I vinter fortalde du meg at du har ei stor sorg i livet ditt. Vil du fortelja kva den sorga går ut på?

Det er som all luft går ut av den til no så sprudlande kvinna. Ansiktet legg seg i faldar eg aldri har sett det i før. Ho er overrumpla, sett ut og knust. Eg bannar inni meg og tenkjer at «no har du øydelagt denne dagen». Både for ho og for tv-produksjonen.

Aud Skjærbusdal Bye

BRÅTT PÅ: Aud snakkar uanstrengt om sonen når ho får leie inn på det sjølv. Når tv-teamet brått spør, blir det mykje vanskelegare.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Skilnaden på terapi og journalistikk

– Det du gjorde der var å ta kontroll på samtalen. Tidlegare har ho leia inn på dette sjølv, men no leia du ho inn. Det er noko av skilnaden på det du driv med, og det eg driv med, seier Atle Dyregrov. Terapeuten.

Og skulle eg hamna i ein liknande situasjon igjen, har han nokre råd å gje. For om nokon har som ein del av jobben sin å gje ein dødsbodskap til pårørande i bergensområdet, er det ikkje usannsynleg at dei har vore på kurs med Dyregrov.

Han veit litt om korleis ein snakkar om det vanskelege. Det handlar om å førebu folk litt, men ikkje for mykje. Bodskapen blir konstruert i brokkar, slik at mottakaren får ei viss førebuing på det som skal koma.

«Det gjeld sonen din…»

Så held dei fram med nokre få, konkrete opplysningar om kva som har skjedd:

«Det var ei ulukke i dag. Ambulansepersonalet kom fort til staden og gjorde alt dei kunne…»

Så kjem det:

«Men livet hans stod ikkje til å redda.»

– Ein slik sekvens tek mindre enn eit minutt, men mottakaren er likevel mentalt budd når bodskapen kjem. Ditt tilfelle er jo ikkje heilt likt, men det finst måtar – sjølv om det kjem bardus på, å gje folk ei viss førebuing på, seier Dyregrov.

Når me skal ta opp noko alvorleg, har me ofte kort veg inn i terapien også. Me vil unngå at folk går og gruar seg for lenge, held han fram.

Aud fortel seinare at ho vart både sett ut og irritert. Men at dette nok var den einaste måten å gjera det på.

– Om eg hadde visst kva du skulle spørje om før vi gjekk bort i åkeren, hadde eg vore i full gråt før du hadde fått spurt om noko som helst, seier ho.

I staden blei det ikkje noko gråt. Ho stabla seg opp og svarte. Skjerpa seg, som ho ville sagt det sjølv. Samanhengande, nært og rørande om korleis ho hadde hatt det, og korleis ho hadde det der og då.

Med eitt merka ho fuglesongen

For ho har det betre. Ikkje bra støtt, men betre. Det låg ein plan bak å invitera ein tv-produksjon heim, å opne seg og svare på alt ho blei spurt om. Og planen verka.

Aud Bye og barneborna

MANGE MUNNAR Å METTA: Aud får ofte besøk av barneborna, og er vêret bra, serverer ho dei krabbe nede i fjøra.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Livet har vorte mykje lysare for meg. Eg har vorte nøydd til å gjera ting eg trudde var umogleg for eit år sidan. For eksempel å ordne opp i grønsakhagen.

Utpå våren la ho merke til at ho gledde seg over songen til svarttrosta. Den la ho ikkje merke til førre vår.

– Eg gler meg meir over dei små tinga. Eg blir glad om eg finn ein kantarell, om eg får krabbe blir eg glad. Det trudde eg var heilt umogleg for eit år sidan.  

For når kamera rullar og går ein seinsommarkveld i eit salig kaos av barn, bonusbarn og barnebarn, er det lett å sjå at Aud ikkje går rundt i mørker lenger. Når krabbene kjem rett frå teinene i sundet utanfor og opp i ei boblande gryte på svaberget. Når fire barneborn forlanger hjelp med krabbeklørne samtidig og sola er på veg ned i havet bak ho, er ho lukkeleg.

– Då de begynte å filma, starta hjartet mitt å lekja seg. Det er ein snål ting å seie, men det var slik. Sorga fekk ikkje feste, fordi eg måtte tenkje på noko anna. Eg måtte fokusere og ta meg saman. Ikkje berre gå i same tralten.

Men det finst sjølvsagt ikkje tv-produksjonar, barnebarn, krabbeklør eller solnedgangar nok i verda til å lækja hjarta hennar heilt. Sonen er borte. Slik er det med den saka. Men sorga har gått frå å vera noko som tyngjer og paralyserer, til å bli noko ho kan bera med seg rundt. Den skilnaden er stor.

– Framleis klarar eg ikkje tenkja på at eg aldri skal sjå han igjen. Samtidig kjenner eg at eg er meir glad. Og at eg det tek til å gå rett veg. Alt er ikkje fokusert rundt at eg mista Petter lenger. Det var som om eg hadde tannhjul med nåler som kverna inni brystet. Smerte i kvar einaste celle i kroppen.

– Tannhjula er der enno, men nålene er slipt ned.  

Aud Skjærbusdal Bye i grønsakhagen sin på Herøya.

SJÅ PROGRAMMET: I sommar stod den økologiske grønsakshagen fram endå meir bognande enn nokon gong før. Eit bevis på at planen til Aud lukkast.