Dag H. Nestegard
Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Skriv av seg heimlengsla

Dag lengtar så mykje heim at han må skrive om andre sunnfjordingar.

– Heimlengsla er noko som surrar og går litt sånn lavfrekvent heile tida.

Det seier forfattaren og skribenten Dag H. Nestegard. Han kjem opphavleg kjem frå Svelgen. No bur han på Ås i Akershus og har delt omsorg for to jenter. Då er det ikkje berre å bestille flyttebil med GPSen innstilt på Vestlandet.

– Dei første åra etter eg kom til Oslo så hadde eg konstant dårleg samvit fordi eg følte at det var forventa av meg at eg burde gjere ein innsats i Sogn og Fjordane og vere ein del av det samfunnet som eg kom frå, seier Nestegard.

Folk føler eit ansvar

Etter studia i Volda, har han hatt ei rekkje sentrale jobbar innan media og informasjon. Mellom anna ti år i NRK, redaktør for Bok & Samfunn og presserådgjevar i to departement. No er han i Jernbaneverket og verker etter å flytte heim.

– Eg saknar det å kunne gå ut og ta meg noko å drikke med kameratar, høyre på den ramsalte humoren frå heimbygda. Det er jo litt meir vikingkultur i Svelgen. Slik er det ikkje i Oslo-området, seier Nestegard og ler.

Cathnrine Ekehaug i Oslo

HOVUDSTADEN: Cathrine Ekehaug er ein av dei som lengtar heim. Førebels har til jobb og tilhald i Oslo, der ho jobbar for Fredskorpset.

Foto: Privat

At mange lengtar heim dit dei kom frå, anten dei har hatt oppveksten i by eller bygd, stadfestar forskinga, meiner bygdesosiolog Mariann Villa. Ho trur at mange vel å flytte heim – eller har ei dragning mot det – nettopp fordi dei føler eit ansvar for å føre tradisjonane, og i nokon tilfelle slekta vidare.

– Folk lengtar heim. Sjølv om dei færraste kan flytte tilbake til plassar der du verkeleg ikkje skulle tru at nokon kunne bu, rett og slett på grunn av mangel på veg, elektrisitet eller kva det måtte vere. Om ein føler tilknyting til ein stad og har moglegheita til å gjere det, så er det fullt forståeleg.

Tenker seg godt om

Men statistikken syner at berre ein av fire flyttar heim til den staden dei har det næraste forholdet til i løpet av livet.

– For mange handlar det om heimlengsel som dei må gjere noko med. Eg trur det har med røter å gjere. Om du verkeleg føler at du kjem frå ein plass, så er det naturleg å lengte heim dit, seier den anerkjende forskaren.

Mariann Villa, Norsk senter for bygdeforskning

FORSKAR: Mariann Villa er sosiolog ved Norsk senter for bygdeforsking i Trondheim.

Ho fann ut at det å flytte tilbake til bygda var noko dei fleste hadde tenkt på ei tid og at det var ikkje noko som kom ut av det blå. Mange av dei ho forska på fortalde også om verdien av å la ungane vekse opp i det same, trygge miljøet dei sjølv hadde opplevd som barn.

– Det handla om nærleik til familie, nærleik til nettverk som dei opplevde at dei hadde på heimplassen. Kjensla av trygge oppvekstvilkår, lettare og tryggare å vekse opp enn i ein større by. Alt var på ein måte enklare, mindre kø og mindre ureining.

Elskar å reise heim

Dette er påstandar Cathrine Ekehaug frå Bygstad kan seie seg heilt samd i. Tilbake i 2004 blei ho vald som leiar for Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Ei bestemt, ung dame den gongen. No nokre få år eldre, busett i Oslo, men framleis like klar i trua på heimfylket i vest.

– Eg og alle mine vener frå Sogn og Fjordane har ein enorm identitet knytt til heimfylket. Vi er så glade i Sogn og Fjordane. Det gjeld ikkje berre dei som var ungdomspolitikarar i lag med meg, det gjeld alle. Vi elskar å reise heim og vi snakkar om kor fint det er heime.

– Nokon snakkar om at dei vil heim for bli med på å styrke folketalet der dei kjem frå, også ved å få barn sjølv. Kva tenkjer du om det?

– Nei, det har eg ikkje tankar for i det heile tatt. Både fordi det er å behandle folk som fødemaskiner og ikkje som individ. Eg har også ein sambuar eg må ta omsyn til som ikkje naudsynleg ser for seg at han vil flytte til landleg idyll med ein gang. Ein kan ha dårleg samvit for mykje, men at eg ikkje skulle bidra til folkeveksten heime har eg faktisk ikkje dårleg samvit for.

Cathrine og Arve Ekehaug i Bygstad

HEIMEBØEN: Cathrine Ekehaug og broren Arve heime i Bygstad.

Foto: Privat

Stor utflytting

Nyleg passerte Sogn og Fjordane 110.000 innbyggjarar, men trass vekst er det svært mange som flyttar ut.Tal frå Statistisk sentralbyrå, syner at flyttestraumane i Norge framleis går frå dei små bygdene til dei større tettstadane, og ikkje minst hovudstaden:

  • I 2015 flytta 31560 personar til Oslo frå andre stader i Norge
  • Frå 1990 til 2013 flytta over 69.000 personar ut frå Finnmark
  • Frå 1990 til 2013 flytta over 58.000 personar ut frå Sogn og Fjordane

Fødselsoverskot og innvandring gjer at folketala i fylka likevel er stabile, og veks noko. Særleg skuldast det arbeidsinnvandring frå land som Polen og dei baltiske statane.

– Eg flytta jo først og fremst for å studere, og så skjer det jo ein serie av hendingar, blant anna at ein finn den mannen eg ville vere i lag med, eg fann ein jobb og så blei eg verande. Eg vi jo seie at om eg ikkje lengtar heim kvar dag, så i alle fall kvar veke, seier Cathrine Ekehaug.

Gjorde noko med heimlengsla

Det er vinter, surt og kaldt i fiskeværet Langfjordnes i Tanafjorden i Aust-Finnmark. Dei sju innbyggjarane bur seg på nok ein vinter utan anna samband til omverda enn skyssbåten som kjem innom med jamne mellomrom. Mellom sluddbyene kjem ei sprek dame joggande.

Etter 30 år i vekstbyen Alta fann Bente Aust (52) ho ut at ho måtte gjere noko med den evige heimlengsla.

– Eg var jo aldri heilt vekke. Eg har brukt alle feriane mine her, til plage for sønene mine når dei var i tenåra. Vi måtte hit kvar sommar. Eg har alltid sagt at ein gong skal eg bu på ei aude øy, og den aude øya skal vere Langfjordnes for her er det ikkje veg.

Då Bente vaks opp budde det om lag 60 menneske i det idylliske fiskeværet. I dag er det sju fastbuande. I den største byen i Finnmark, Alta, var Bente kjend for dei fleste som bartender, resepsjonist, vinkjennar og idéutviklar. No er det heimstaden ho utviklar.

For sjølv om Langfjordnes ikkje har veg, hotell eller vinmonopol, så er det så uendeleg mykje anna. Det er dramatiske landskap, høg himmel og vêrgudar som tidvis set tolmodet på prøve. Og så er det stille, tidvis uendeleg stille.

Bente Aust og Tore Wæraas på Langfjordnes

FLYTTA HEIM: Bente Aust og kjærasten Tore Wæraas skålar og nyt kvarandre og kongekrabba på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Hentar gourmetmaten sjølv

– Du må tole stillheita. Vi har jo hatt folk som her som har vore redd for stillheita, det var eg ikkje budd på. Sjølv elskar eg jo folk, med musikk og lydar og støy, og alle jobbane mine har vore i lag med masse folk. Men det er deilig å kome hit og ikkje høyre ein lyd, anna enn lyden av naturen. Det er fantastisk, seier Bente Aust.

I TV-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu får vi vere med på mange av dei opplevingane Bente etter kvart føler er daglegdagse, men som for andre nærast er eksotiske og framande. Anten det er rypejakt i småskogen eller for den del krabbefangst i Tanafjorden, opplevingar som ligg rett utanfor stovedøra til Bente.

– Eg tykkjer eg er kjempeheldig som har det så fint, fortel Bente før ho legg i veg opp bakkane for sjekke rypesnarene ho har sett opp. Det er ikkje alle stader ein kan hente gourmetmaten sin sjølv rett frå naturen.

Lengtar gjennom bøkene

Heimlengsla blir aldri mindre for forfattaren Dag H. Nestegard. Løysinga han fann var å skrive bøker om dei lokale heltane frå Sogn og Fjordane. Først flypioneren Thor Solberg og no nyleg den autoriserte biografien om samferdslepolitikaren Kjell Opseth.

– Eg trur det handlar om identitet. Når eg skriv desse bøkene mine så er eg mentalt i Sogn og Fjordane og særleg i Sunnfjord i mitt tilfelle. For meg gir det veldig mykje meining og det handlar djupast sett om kven du er og kor du kjem frå og høyrer til.

– Er det gitt for alle å ta det steget å flytte heim?

Nei, det trur eg ikkje. Jakob Sande lengta heim heile livet, og han kom vel ikkje heim før på slutten. Eg trur at alle har eit behov for å høyre til ein eller annan stad. Sjølv vil eg vere ein vestlending som er ærleg og ekte. Einar Førde snakka at narraktigheit var noko av det verste han visste. Eg vil vere det motsette og vere eit heilt menneske i den grad det er mogleg å vere det.