Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane
Foto: Håvard Nyhus

Noreg rundt på 80 dagar

Nesten ingen har vore lenger på toppen, men Erna vil ha meir.

«Landets lengstsitjande statsminister».

Det er korleis Erna Solberg blir introdusert før ho skal tale til eit hundretals byggingeniørar som er samla til seminar på Hotel Alexandra i Loen.

Erna smiler litt brydd bort på rådgivarane sine, men gjer ingen forsøk på å korrigere konferansieren, og, dessutan, kven veit?

Det kan jo gå troll i ord.

Sikkert er det at ho framleis har glansen til ein statsminister, om ikkje jobben.

«Sjå! Statsministeren!», roper 12-åringane når dei ser ho.

Slik mange nordmenn assosierer «telefon» med noko som har leidning, tenkjer desse på Erna når dei høyrer ordet statsminister.

Dette er krafta i eit hundretals pressekonferansar under ein pandemi. Dei skaper bilete som varer livet ut.

Men bileta treng næring og påfyll.

Og difor glir Høgre-leiaren frå berg til berg, og frå våg til våg.

For å minne omgjevnadane om det som var, og om det som igjen kan bli.

Slik er anden og tonen i Erna tour 2022: Ikkje så mykje ei signingsferd, som praktisk vedlikehaldsarbeid.

Etter prinsippet om å spare det beste til slutt, har bussen komme til det som tidlegare heitte Nordre Bergenhus amt, det nest siste fylket på turneen.

– Valdistrikt, korrigerer Jenny Clemet von Tetzschner.

Ho er Ernas rådgivar og sit i forsetet på minibussen, medan Sogn og Fjordane glir forbi: Bibliotek, ferjebillettørar, Joker-butikkar, grustak, merdar, bedehus, vindturbinar, gjengrodde setervegar og datasenter i nedlagde gruvesjakter.

Fylket slutta å eksistere for to år sidan, men elles er alt ved same: Sogn og Fjordane er framleis på toppen av statistikkar det er best å vere i toppen av; og framleis på botnen av statistikkar det er best å vere i botnen av.

Og overalt vatnet som renn, surklar og krafsar.

I fossar, bekker, oppdrettsanlegg og turbinar.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Draumen er å glid inn i ein våg. Om ikkje ein ny og ukjend våg, så ein ho saknar like mykje: statsministerjobben.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

«Landets lengstsittande statsminister». Ikkje heilt korrekt, men det er korleis Erna Solberg blir introdusert før ho går på scena i Loen.

fkKxgCtsa7U

Slik mange nordmenn assosierer «TV-program» med noko som har «sendetid», vil mange born tenkje på Erna når dei høyrer ordet statsminister.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

– Veldig bra maskinpark, seier Erna. – Ikkje at eg har så veldig god greie på det.

Første stopp er Fugleskjærskaia i Florø, der eit nytt glasbygg har reist seg.

Utanfor står ein liten lastebil parkert, med påskrifta «Jern Erna».

Erna har eit ambivalent forhold til tilnamnet ho fekk som kommunalminister på byrjinga av 2000-talet, men stiller villig opp framfor doningen.

– Veldig hyggjeleg. Veldig kjekt, seier ho.

Kor mange selfiar kan du stille opp på før du blir sprø?

Svaret på det er visst uavgrensa. Berre to gonger i karrieren har Erna takka nei til å vere med på ein selfie.

Den eine gongen var midt i ei intervalltrening då ho «ikkje heilt følte for det». Den andre gongen var eit utdrikkingslag som «ble litt mykje».

– Vi har laga ein plakat til deg: «Make torsk great again!», seier Beate Grønnevik, som jobbar med oppdrett og har vyar på torskens vegner.

– Kanskje det kan vere slagordet for neste valkamp? spør ho.

– Hæ hæ, ler Erna, med sin litt kneggete bergenslatter.

Like karakteristisk er sansen hennar for detaljar, og i neste augneblink er ho i gang med ei utlegging om differansekontraktar og om kjønnsmodninga til torskesmolten.

– Det er kjempespennande med torsk, seier ho.

– Den maritime næringa er ryggrada langs kysten, seier ho.

– Stasminister, seier ho (ho sluker t-en).

Fem presentasjonar seinare vil sistemann seie litt om forskjellen mellom grunnkvotar og strukturkvotar.

– Eg veit forskjellen på grunnkvotar og strukturkvotar, seier Erna, og foreslår at også ho tek ordet litt.

Erna-turneen starta på Liertoppen utanfor Oslo.

80 netter seinare har det vorte 40 overnattingar i si eiga seng.

I alt viser taksameteret 118 stopp fordelt på 67 kommunar.

Neste stopp: Steinvik Fiskefarm i Svelgen, ein times biltur unna.

– Kvifor er det eit poeng å utsetje puberteten til torskesmolten, spør denne reporteren.

– Har du hatt tenåringar i hus? spør Erna.

– Nei.

– Då ville du visst at kjønnsmodninga gjer at dei kastar vekk energi på andre ting enn å vekse.

Så fortel ho ei historie. Om då Hødd spelte cupfinale i 2012. På same tid skulle ein ny og svær fiskebåt i Ulsteinvik døypast, men sidan alle ulsteiningane var på fotballtur i hovudstaden, var det like greitt å slepe trålaren dit.

Vel framme stimla folk saman. Ikkje berre ulsteiningane, men også austlendingane. Noko slikt hadde dei aldri sett før.

– Det var lange køar, seier Erna.

– Kjempelange.

Det var ho som døypte skipet, og den dagen lærte ho ei viktig lekse: Kor framand den norske kyst- og fiskerikulturen kan førekomme for austlendingen før han bokstaveleg talt står på dørstokken deira.

Oppe i fjellsidene, blant vått lauv og sleipe steinar, har nokre obsternasige sauer stukke seg vekk. Skulle ikkje dei vore sanka inn for lengst?

Forteljinga om Erna er at ho er kjenslemessig flat og aldri lèt seg vippe av pinnen, verken av politiske motstandarar eller av livet i all sin velde.

Men i korte stunder kan eksistensielle spørsmål trengje seg på hos nokon ein kvar.

– Det er noko eige med hausten, seier ho plutseleg, mest til seg sjølv.

Før ho like fort smett ut av det.

– Det er favorittårstida di, hausten?

– Nei.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Erna Solberg har den siste tida vitja 80 stader, på like mange dager. Ikkje så mykje for å drive valkamp, som for å drive vedlikehaldsarbeid.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

– Det er kjempespennande med torsk, seier Erna, og fortel om kjønnsmodninga til torskesmolten.

Erna Solberg på Alti, Førde

«Sjå! Statsministeren!», roper 12-åringane når dei ser Erna på kjøpesenteret i Førde.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Erna har eit ambivalent forhold til tilnamnet ho fekk som kommunalminister på byrjinga av 2000-talet.

På mobilen byrjar dei første meldingane av boka til ektemannen, «Ved Ernas side», å tikke inn. Dei er jamt over ganske ille.

– Ganske fordomsfull den meldinga i VG, seier pressesjef i Høgre, Cato Husabø Fossen, som også er med på turen.

– Ja ja, seier Erna.

I neste augneblink kjem det eit pushvarsel om å følgje pressekonferansen til Liz Truss.

I fjøsen utanfor blir det rauta dove, men inne i bilen er det som om tida går litt fortare enn til vanleg.

Ein kjapp seanse seinare er det klart at Truss trekkjer seg, og at ho for alltid må finne seg i å vere det vanskelege kviss-svaret på kven som var britisk statsminister då Dronning Elizabeth døydde.

– Ja ja, seier Erna.

– Har du treft henne?

– Berre eit par gonger. Det var ikkje ... ja. Det var synd Theresa May ikkje fekk betre tid.

Deretter eit nytt pushvarsel på mobilen: Riksadvokaten meiner Viggo Kristiansen må frifinnast. «Ein stor tragedie», uttaler generalsekretær i Advokatforeningen.

– Det er jo det, seier jurist og stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle, som også er med i bussen.

Sist gong Erna var i Nordfjord, sprakk ein ballong så høgt at tryggingsvaktene kvapp til og trekte pistolen.

– Hugsar du sist gong du var her og den ballongen sprakk, spør Ove Bjørlo, som vil vise fram «Noregs grønaste smarthus», som førebels berre er ein grunnmur.

– Ja, eg hugsar det, seier Erna, og verkar litt lei av heile den ballonghistoria.

Så lovar ho Ove å vende tilbake når smarthuset står ferdig. «Ove fekk drøymesvar frå Erna», heiter det i lokalavisa dagen etter.

Deretter går turen til ein verkstad med det Erna omtaler som «ein veldig bra maskinpark», før ho legg til:

– Ikkje at eg har så veldig god greie på det.

Siste stopp i Nordfjordeid er scena i Operahuset, der Trygve Skaug og Henning Kvitnes skal opptre same kveld.

– Hugsar du den ballongen som sprakk, spør ein av scenearbeidarane.

– Ja, eg hugsar det, seier Erna.

– Vi byrjar å få litt dårleg tid, seier rådgivar Jenny.

– Veldig hyggjeleg. Veldig kjekt, seier Erna.

Neste stopp er Stryn og møte med reiselivsnæringa, transportarbeidarar, lokale Høgre-folk og demensavdelinga på omsorgssenteret.

«Menneske, ikkje milliardar» er tittelen på ei bok Erna Solberg har skrive, og ho tek seg tid til å helse på alle bebuarane. I alt sikkert tretti stykk.

– Er dette nærare kjernen i engasjementet ditt, enn skatte- og rammevilkåra i havbruksnæringa? spør denne reporteren.

– Begge delar handlar om menneske, svarer Erna.

Så bryt demensavdelinga ut i felles song, og senterleiaren fortel at ingenting kan måle seg med den gamle songboka når det gjeld å aktivisere dei eldre. Songen er gneisten og det siste som døyr.

Eit par av dei tilsette prøvene på diskré vis å knipse eit bilete av Erna utan å forstyrre for mykje.

– Kanskje de vil ta ein selfie med Erna, spør Grotle.

– Mange er for blyge til å spørje, så eg liker å hjelpe til litt, seier han etterpå.

I Loen, der det til tider er fleire tilreisande enn bygda og dovognene klarer å «absorbere», står turistskatt på plakaten.

– Ein ting som har irritert meg er at det ikkje er meir samarbeid mellom turistnæringa og kulturlivet, seier Erna.

Richard Grov er femte generasjon i Grov-slekta som har drive Alexandra hotell sidan 1884.

– Det er ikkje cruisenæringa som skal fortelje deg og meg kor mykje dei vil betale. Det er vi som skal fortelje dei kva det kostar, seier han.

– Men det er det ikkje alle som har ballar til å seie.

Fordi han har ballar til det, var han blant initiativtakarane til gondolbanen Loen Skylift som går like opp til toppen av fjellet Hoven, 1011 meter over fjorden.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

– Det er noko eige med hausten, seier Erna. – Det er favorittårstida di, hausten? – Nei.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

I idrettsverda blir det sagt at det vanskelegare å vinne gull nummer to enn gull nummer éin. Men det er ein dårleg analogi, meiner Erna.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Erna ser på at Liz Truss trekker seg. – Har du treft henne? – Berre eit par gonger. Det var ikkje ... ja. Det var synd Theresa May ikkje fekk betre tid.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Beinstillinga til Erna Solberg kan minne litt om oppstillinga til Cristiano Ronaldo når han skal ta frispark.

– Far min sa i 1964 at om vi skal måle bilane, så må det vere med fargen til Høgre, seier Rolf Olav Tenden.

I dag er det han som er leiar i Tenden transport, og sånn vart det at alle lastebilane i selskapet er attkjennande blå. Men vegane og tunnelane er ikkje like fine, seier han.

– Eg prøver å vere litt edrueleg når eg er ute og reiser. Eg får ikkje plass til alle prosjekt eg heller, seier Erna.

Bussen må vidare. Ein halvtime seinare passerer vi Innvik Fjordhotell, som for eit par år sidan påkalla seg vreiden til forfattar Torgrim Eggen.

«Syttitalet ringer og spør om dei kan få att maten sin», skrev han i eit oppgjer med «sjukehusfrukostar» og etetilbodet meir generelt langs norske vegar.

Bilen rundar Utvikfjellet, og sørover i retning Våtedalen har det første snødrysset lagt seg på den pyramideforma Eggenipa. Framfor opnar eit mjukt og bolleforma dalføre seg opp.

– Her hjelpte eg ein bonde å leite etter kokegroper, seier Erna.

– Her borte. Nei, der nede, seier ho, og peikar.

Ei kokegrop er ein eldgammal metode for å førebu kjøtt, men det er ein del usemje om kor verneverdige dei eigentleg bør vere.

Der nokre ser kulturhistorie og hint om tidlegare sivilisasjon, ser andre små hol i bakken som saboterer all utvikling.

– Kor mange kokegroper er det eigentleg meininga at vi skal verne? spurde ein oppgitt Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) i fjor.

Siste stopp er Førde og møte med ei bedrift som driv med armeringsjern.

Etterpå skal Erna møte stiftinga Norsk Luftambulanse, som er urolege for signala i Hurdalsplattforma om at regjeringa vil «førebu statleg overtaking av luftambulansen».

– Så kjem det ei dame som skal fortelje ei erfaringsbasert historie om å vere ufør, varslar rådgivar Jenny i forsetet.

Vegen snor seg langs nordsida av Jølstravatnet, og like før Vassenden forsvinn Erna.

Etter to døgn med grunnrenteskatt, ballonghistorier og «make torsk great again» tek Erna sin første timeout.

Tre minutt seinare er powernapen forbi.

Den som søv syndar ikkje. Men ho får ikkje att statsministerjobben heller.

– Kvar skal vi ete, spør Erna.

– Vi er invitert til ein syrisk restaurant, seier rådgivaren.

– Bra, eg er ikkje så glad i raspeballar.

Erna Solberg, Loen skylift

Draumen er å glid inn i ein våg. Om ikkje ein ny og ukjend våg, så ein ho saknar like mykje: statsministerjobben.

Bk0w8tOmBT0

For nokre er valkamp ein unntakstilstand. For andre er det ein livsstil.

Erna Solberg på rundreise i Sogn og Fjordane

Erna har framleis auraen til en statsminister. Men det er jobben ho vil ha.