Hopp til innhold

Vikingplass kan stoppe nye bustadar i den vesle kommunen

Gravhaug og klyngetun står i vegen for nye hus. – Kor mange kokegroper er det viktig at vi bevarer? seier oppgitt ordførar.

På Austrheim vil ein ung tilflyttar etablere eit nytt bustadfelt. Men Vestland fylkeskommune meiner området er av stor kulturhistorisk verdi og vurderer motsegn.

MOGLEG BUSTADOMRÅDE: Her på Austrheim i Gloppen vil ein ung tilflyttar lage nye bustader. – Vil vere eit stort tap, skriv fylkeskommunen i eit fråsegn.

Foto: Ronny Solheim

Med utsyn over fjorden og grøderikt jordsmonn, trur historikarane at Austrheim i Nordfjord har vore eit viktig høvdingsete i vikingtida.

Men det er lenge sida, og no er det planar om bustadbygging i området.

Nyleg vart planen for det som blir omtala som «Austrheimstunet Bustadfelt» lagt ut på høyring.

Då vakna Vestland fylkeskommune.

– På bakgrunn av den markante kulturhistorisk verdi som dette området inneheld, vil ei utbygging av området til bustadføremål vere eit stort tap, skriv fylkeskommunen i eit fråsegn signert fagleiar Eva Katrine Ritland Taule.

Austrheim med bautasteinen med skipsfiguren og utsyn over Gloppefjorden med Sandane i øst.

HØVDINGSETE: Funn frå eldre jarnalder viser at garden Austrheim truleg var ein samlingsstad og eit høvdingsete.

Foto: Wikimedia Commons

I brevet viser ho til at området har vore ein del av eit gamalt «klyngetun» (sjå bilete under); og at det «sør for tunet ligg ein gravhaug frå eldre jarnalder».

Planområdet har difor stort potensial for funn av «automatisk freda kulturminne», konkluderer fylkeskommunen.

Asstrheimstunet, slik det stod om lag 1880. Bautasteinen står i utkanten av tunet, mot sør, heilt fremst i biletet. Haugen som steinen står på, vert kalla "Heljehogen".

Austrheimstunet, slik det stod om lag 1880. Bautasteinen står i utkanten av tunet, mot sør, heilt fremst i biletet. Haugen som steinen står på, vert kalla «Heljehogen".

Foto: Arne Berg / Gloppen bygdebok

Oppgitt ordførar

– Kor mange kokegroper er det viktig at vi bevarer? spør Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen.

I eit brev til fylkeskommunen skriv Gloppen kommune at «det er med stor undring vi les Vestland fylkeskommune si fråsegn».

Ordføraren viser til at fylkeskommunen har hatt moglegheiter til å ytre seg i tidlegare rundar, mellom anna i arbeidet med kulturminneplanen til kommunen.

Austrheim ligg i gangavstand frå kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune.

Det aktuelle området er i gjeldande kommuneplan regulert til LNF (landbruk, natur og friluftsliv). I det nye planforslag er det snakk om inntil seks hus.

– Eg opplever at vi i praksis er utan handlingsrom, seier Gloppestad.

Det er lovverket som styrer arealdisponeringa i kommunane, primært Plan- og bygningslova og Kulturminnelova og Jordlova.

– Dette illustrerer dilemmaet mellom busetnad og utvikling på den eine sida, og ivaretaking av kulturminne og dyrka jord på den andre, seier Heidi Vinge, som er forskar ved Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis).

Direktør Marit L. Mellingen ved Distriktssenteret seier mange kommunar kan kjenne seg att i problemstillinga frå Gloppen.

– Det er mange distriktskommunar som opplever det krevjande å finne balansen mellom vern og det å utnytte verdiane til å skape utvikling, seier ho.

Ho seier meir dialog kan redusere konfliktnivået og vise kva handlingsrom som finst.

– Skal ein unngå konfliktar i enkeltsaker, er det òg viktig at ein gjer eit langsiktig arbeid. Kanskje særleg i planprosessane som ser på nærings- og samfunnsutvikling opp mot verneinteressene.

Ahda AS har sendt ut varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Austrheimstunet. Hovudføremålet med reguleringa av det tolv dekar store arealet er å leggje til rette for nye bustader.

KREVJANDE BALANSE: – Det er mange distriktskommunar som opplever det krevjande å finne balansen mellom vern og det å utnytte verdiane til å skape utvikling, seier Marit L. Mellingen ved Distriktssenteret.

Foto: Annemieke Koopmans-Holtrop / AHDA

Vil ha meir bruk av skjønn

Gloppen-ordføraren ramsar opp fleire område som potensielt løyser ut motsegner når noko skal byggjast i kommunen, i tillegg til «rikeleg førekomst» av kulturminne: Strandsoner, aktsemsområde for flaum og skred, landskapsvernområde og dyrka jord.

Ordføraren ønskjer større grad av samhandling mellom dei ulike forvaltingsorgana, meir synfaring ute i kommunane og meir bruk av skjønn.

No håpar han på grønt lys for bustadfeltet på Austrheim.

Vi veit at dette har vore eit attraktiv område, då kan ikkje det vere argument mot å busetje no.

Gloppen, utsikt frå Austrheim

UTSIKT: Området er i dag regulert til landbruks-, natur- og friluftsområde, men i nytt planforslag er det ønske om å regulere området til konsentrert bustadområde.

Foto: Benedikte Grov / NRK