Hopp til innhold

Det tyske flyet har landa for siste gong - og visjonane er store

Flyvraket frå andre verdskrigen har lege strødd langs vegen den siste tida. No skal det endeleg få skine.

Glad mann som kikker gjennom et vrak

LYKKELEG MANN: Flyvraket på Ringebufjellet skal bli godt varetatt på Dovre og Lesja krigsminnesamling, lovar styreleiar Rune Nørstegård.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Med skinande stjerner i auga følger Rune Nørstegård nøye med når store delar av flyvraket blir heiste over på trailerar med kran.

For der nokon berre ser skraphaugar, ser Nørstegård ein stor, historisk skatt.

– Vi er flinke til å lage gull ut av gråstein, og trylla fram det som andre ikkje ser verdien av, forsikrar han.

For sjølv om sårbar villrein gjorde at det historiske flyet ikkje fekk stå i fred på Ringebufjellet, skal det snart få sin rettmessige plass for etterhistoria.

en person som står ved siden av en haug vrakEn gruppe menn som jobber med en vrakdel som heises opp

Store delar av flyvraket blei heist opp på trailer for å bli frakta til Dombås.

Foto: Geir Olav Slåen/NRK


Vrak frå andre verdskrigen

Det var i 1942 at det tyske flyet av typen Junkers Ju 52 nødlanda i Ringebufjellet. Sidan har vraket vore ein turistattraksjon som etter det som blir sagt, trekte fleire tusen nysgjerrige tilskodarar årleg.

Men flyet låg i eit sårbart villreinområde.

Etter å ha blitt flytta ned frå fjellet blei det liggande i fleire delar rett i nærleiken av ein riksveg. Heilt til no.

Store draumar

Vraket, som er eigd av Norsk forsvarshistorisk museum og forvalta av Innlandet fylkeskommune, er altså vedtatt flytta til Dovre og Lesja krigsminnesamling.

Der skal flyet - som allereie er i fleire delar - bli delt mellom krigsminnesamlinga, eit miljø på Sola og eit i Nord-Østerdalen, fortel fylkeskultursjef Kurt Ole Linn.

en lastebil med tilhenger

Nesten alt blei flytta til Dombås – resten blir henta etter kvart.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Og krigsminnemuseets Nørstegård fløymer over av planar og idear for vraket - eller «gullet». Høyr berre:

Ein del av skroget skal heisast tett oppunder taket, med ein fallskjermhoppar klar til aksjon i døropninga.

– Så skal vi legge opp eit flyfoto over Dovre på golvet, legg Nørstegård ut.

Visjonen er at denne iscenesettinga skal få folk til å forstå at flyet har med fallskjermangrepet som tyskarane sette inn mot Dombås under krigen.

– Litt spesielt i verdssamanheng, for det var andre gongen i verdshistoria at det vart brukt fallskjerm med soldatar i krig.

  • Sjå då flyvraket måtte flytte fyrste gongen:

Les også Flyvrak flyttes etter 83 år – må vike for villreinen

Et flyvrak

«Ingen» ville ha flyet

Vegen frå Ringebufjellet til krigsminnesamlinga har ikkje vore enkel etter at vraket måtte vike for villreinen.

Fyrst sa kommunestyret i Ringebu at dei ville ta vare på flyet og utvikle det til ein turistattraksjon. Så gjorde dei heilomvending og sa dei ikkje ville ha noko med det å gjere i det heile.

Heller ikkje Forsvarshistorisk museum ville ha flyet.

Men no løyser det seg – og om ein tre-fire år kan du vere med og tre inn i eit lite stykke verdshistorie på Dombås – om alt går som Nørstegård drøymer.

Flere saker fra Innlandet

en gruppe mennesker som står ved siden av en bil på en vei om natten

To personer og to hunder påkjørt i ulykke mellom bil og el-sparkesykkel

en person som smiler med et stearinlys

Historia om eit sjølv­mord