Hopp til innhold

Vurderer å stogge oppkjøp av Bergen Engines: – Selskapet må stanse prosessen

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit har varsla Rolls-Royce om at norske styresmakter vurderer å sette ein stoppar for salet av Bergen Engines. – Viser at regjeringa ikkje har kontroll, seier Christian Tybring-Gjedde (Frp).

Monica Mæland. Bak: Christian Frølich og Per Erik Gåskjenn.

UTELUKKAR IKKJE SAL: Justisminister Monica Mæland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Justisminister Monica Mæland seier at regjeringa har undersøkt saka grundig, og at det ikkje kan utelukkast at salet av Bergen Engines til TMH Group kan føre med seg ein risiko for nasjonale tryggleiksinteresser.

Mæland seier til NRK at dette er ein alvorleg sak som fleire departement har jobba med over lengre tid.

– Dette er ei sak som gjer at me no er på eit punkt der me har funne at det er stor utryggleik knytt til nasjonale tryggleiksinteresser, seier Mæland.

Ho forklarer at justisdepartementet koordinerer arbeidet, og at fleire departement og tenester er involvert. Mæland vil ikkje seie når ein konkluderer i saka, men at den har topp prioritet.

– Selskapet må stanse prosessen, seier Mæland.

Forsvarssjefen truar med å trekke seg frå avtalen

Dersom det russiskeigde selskapet TMH International får kjøpe Bergen Engines, kan Forsvaret trekke seg frå avtalen sin med selskapet.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen kjem med åtvaringa si i eit intervju med TV 2. Justisminister Monica Mæland (H) har varsla at regjeringa vil vurdere å bruke sikkerheitslova for å stanse salet.

Dieselmotorprodusenten Bergen Engines leverer mellom anna til det norske forsvaret og andre Nato-land.

– Viss ei bedrift som leverer til forsvaret, blir seld til ein aktør som vi ikkje kan ha eit tryggingssamarbeid med, så må vi sjå etter nye leverandørar. Så enkelt er det. Då kan vi ikkje halde fram samarbeidet, seier forsvarssjefen til TV 2.

Jette Christensen

MÅ HA EIN KONKRET PLAN: Jette Christensen seier at problemet ikkje er løyst endå.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Må ha ein konkret plan

Jette Christensen frå Arbeidarpartiet er lite imponert over regjeringa. Ho kallar det ei krisehandtering for å behalde eige truverd, ikkje på vegner av norsk tryggleik.

– Det er flott at dei har vakna og lest sikkerheitslova og trusselvurderingane i helga, men problemet er ikkje løyst før ein har ein konkret plan for å sikre seg mot uønskt informasjonsflyt som skjer ved investering og oppkjøp, seier Christensen.

SV-leder Audun Lysbakken

HAR FLEIRE SPØRSMÅL: SV-leiar Audun Lysbakken er lite imponert over korleis regjeringa har handtert salet av Bergen Engines.

Foto: Terje Bendiksby

Lysbakken: – Regjeringa vakna i panikk

– Ikkje ein augeblink for tidleg, seier SV-leiar Audun Lysbakken etter at Monica Mæland i dag informerte pressa om at salet er sette på vent.

– For meg verkar det som regjeringa nærast har vore i dvale og no har vakna i panikk, seier SV-leiaren, som kallar handteringa fram til pulverisering av ansvar.

Heller ikkje Christian Tybring-Gjedde frå Framstegspartiet let seg overtyde av regjeringa.

– Dette viser at regjeringa ikkje har kontroll, og det er oppsiktsvekkande i ei sak som handlar om Noreg sin tryggleik, seier Tybring-Gjedde.

Han meiner at saka skulle ha vore til behandling tryggleiksutvalet og ikkje næringsdepartementet.

Christian Tybring-Gjedde

LITE IMPONERT: Christian Tybring-Gjedde meiner dette er ei stygg sak for regjeringa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

–Regjeringa har svikta

Emilie Enger Mehl frå Senterpartiet er medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen, og meiner regjeringa har vist mangel på kontroll.

– I fleire veker har dei skapt full forvirring med motstridande informasjon om tryggleiksrisikoen ved salet av Bergen Engines, seier Engen Mehl.

Ho meiner at regjeringa ikkje har teke trusselen frå utanlandsk oppkjøp på alvor.

zszsxYo3lVU

MANGEL PÅ KONTROLL: Emilie Enger Mehl meiner at regjeringa har vist total mangel på kontroll i denne saka.

Foto: Berit Roald / NTB

– Kartlegg alle forhold

Bergen Engines har ikkje vore underlagt tryggleiksloven og har ikkje leverandørerklæring med Forsvaret.

Trass i dette, utelukkar ein ikkje bruk av ulike delar av tryggleiksloven i denne saka.

– Regjeringa jobbar for å kartlegge alle forhold rundt det moglege salet av Bergen Engines, seier Mæland.

For rundt ei veke sidan sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen at Bergen Engines ikkje var underlagt tryggleikslova.

No opnar regjeringa for at det kan bli tilfellet likevel.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen forklarar kvifor han har endra meining.

Sikkerhetsrisiko

ENDRA MEINING: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det var ein uttalelse i lys av det avtaleverket me har med Bergen Engines. Når det kjem ein transaksjon må me vurdere dette breiare, seier Bakke-Jensen.

Forsvarsministeren avviser at snuoperasjonen var på grunn av press frå opposisjonen.

– Nei. Noreg er eit lite land, som er avhengig av å spele med dei internasjonale reglane me har avtalt, forklarar Bakke-Jensen.

Bergen Engines

TIL SALS: Bergen Engines på Hordvikneset i Åsane er på veg over i russiske hender. No stiller fleire parti spørsmål ved om salet kan vere ein fare for Noregs tryggleik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nære forbindelsar til Putin

NRK skreiv tidlegare at salet av fabrikken skapte uro hjå politikarar, då det viste seg at oppkjøparane hadde nære forbindelsar til Vladimir Putin.

Den 4. februar blei det kjent at motorfabrikken Bergen Engines AS var seld til den russiske selskapet TMH International for halvannan milliard kroner.

Både Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og ei rekke stortingspolitikarar har ytra sterk uro for salet. Fabrikken har levert motorar og utfører vedlikehald på fleire av Sjøforsvaret sine fartøy.

Grunnen er at kjøparen er russisk og ifølge ekspertar skal ha tette band til president Vladimir Putins inste krins.

Åtvarar mot sal til Russland

I tillegg til opposisjonspolitikarar og Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit har også forskar Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskolen bede om at salet blir stogga.

Han meiner salet vil gje Russland innsikt i norsk forsvarsmateriell og -maskineri, og at salet i tillegg vil gjere stormakta i stand til å ruste opp raskare.