Hopp til innhold

Forsvarsministeren om russisk oppkjøp: – Bergen Engines ikkje underlagt sikkerheitslova

Salet av motorfabrikken Bergen Engines til ein russisk eigar har ikkje blitt vurdert etter sikkerheitslova, stadfestar Forsvarsdepartementet. Merkeleg og svært overraskande, meiner Frp og Sp.

Bergen Engines

URO: Fleire har ytra sterk uro etter at motorfabrikken Bergen Engines vart seld til den russiske togprodusenten TMH International for halvanna milliard kroner.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den 4. februar blei det kjent at motorfabrikken Bergen Engines AS var seld til den russiske selskapet TMH International for halvannan milliard kroner.

Både Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og ei rekke stortingspolitikarar har ytra sterk uro for salet. Fabrikken har levert motorar og utfører vedlikehald på fleire av Sjøforsvaret sine fartøy.

Grunnen er at kjøparen er russisk og ifølge ekspertar skal ha tette band til president Vladimir Putins inste krins.

– Ikkje underlagt sikkerheitslova

Emilie Enger Mehl (Sp) i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget har stilt spørsmål til forsvarsministeren om salet har vore vurdert etter avgjerda om eigarskapskontroll i sikkerheitslova.

Sikkerheitslova skal førebyggje, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd.

Eit departement kan fatte vedtak om at loven helt eller delvis skal gjelde verksemder som behandlar sikkerheitsgradert informasjon eller rår over informasjonssystem, objekt eller infrastruktur som har avgjerande betydning for nasjonale funksjonar.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) svarar at Bergen Engines ikkje er underlagt sikkerheitslova, og at det som omfattar eigarskapskontroll i lova derfor ikkje gjeld i denne saka.

Han peikar på at Bergen Engines AS er ein underleverandør. Sikkerheitskontrollen av bygging av nye kystvaktfartøy skjer hos hovudleverandør, som er selskapet VARD.

Han påpeikar at Forsvarsmateriell (FMA) og Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) gjer vurderingar om korleis salet vil påverke vedlikehald, kontraktar og framtidige leveransar, der Bergen Engines er underleverandør.

– Eg ønsker ikkje å forskottere utfallet av disse vurderingane, seier Bakke-Jensen.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) foran F-35 Rygge flystasjon

IKKJE OMFATTA: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) skriv at Bergen Engines ikkje er underlagt sikkerheitslova.

Foto: Rune Fredriksen

– Likegyldig til vår eiga marine

Emilie Enger Mehl (Sp) er overraska over svaret, og spør seg om Noreg ikkje har eit regelverk for å kunne hindre russisk innverknad på norsk forsvarsteknologi.

– Eg er veldig overraska over at regjeringa meiner at sikkerheitslova ikkje kan brukast her. Ein kan stille seg spørsmål om kva sikkerheitslova skal gjelde for, viss den ikkje skal gjelde for våre spionskip, seier Mehl.

Ho meiner at salet bør stansast, og at regjeringa har vingla og skapt ein uklar situasjon.

– Regjeringa har ved fleire høve gjeve inntrykk av at salet skulle vurderast etter sikkerheitslova. Dette er jo heilt utruleg. Salet vil føre til at me sender forsvarsteknikk rett til russarane, slik at dei kan styrke si marine. Det verkar som om regjeringa har eit likegyldig forhold til vår eiga marine.

zszsxYo3lVU

OVERRASKA:– Dette salet vil føre til at me sender forsvarsteknikk rett til russarane, seier Emilie Enger Mehl (Sp) i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, som meiner at salet bør stansast.

Foto: Berit Roald / NTB

Verkar som dei vil bli kvitt saka

Forsvarspolitisk talsperson i Frp Christian Tybring-Gjedde krev at Stortinget blir informert.

– Det verkar som om Forsvarsdepartementet ønskjer at dei mange spørsmåla rundt salet blir lagt i ein skuff fortast mogleg, seier han.

Tybring-Gjedde har tidlegare sagt til Bergens Tidende at han ikkje utelukkar det vil bli stilt mistillitsforslag i saka.

– Det er rart om russarar skal halde ved like motorar som Noreg skal bruke for å oppdage russiske fartøy, meiner Tybring-Gjedde, som syns det er pussig at ikkje amerikanarane har komme på bana i denne saka.

Christian Tybring-Gjedde

RART: Forsvarspolitisk talsperson i Frp Christian Tybring-Gjedde meiner det er rart om Noreg skal ha motorar som russarar skal halde ved like for å sjå om det er russiske fartøy i nærleiken.

Foto: Ole Berg-Rusten

AKTUELT NÅ