Hopp til innhold

Fabrikken som bygde motoren i spionskipet på veg over i russiske hender – uro hos politikarane

Oppkjøparane av motorfabrikken Bergen Engines skal vera i Vladmir Putin sin innerste krins. No stiller fleire parti spørsmål ved om salet kan vera ein fare for Noregs tryggleik.

Marjata

«MARJATA»: Spionskipet blir brukt til å samla etterretning mot Russland i Barentshavet. No er fabrikken som har bygd og vedlikeheld motorane til skipet, på veg over i russiske hender.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den 4. februar hamna dette varselet i epost-innboksen til statsminister Erna Solberg:

«Motorene på dette fartøyet som du var gudmor på er levert og vedlikeholdt av Bergen Engines ... Nye eiere er så langt jeg kan se i den russiske presidentens krets. Tror noen bør sjekke dette for å sikre at rikets sikkerhet ikke påvirkes av salget.»

Varselet er det BT som har fått tak i.

Det kom same dag som det vart kjend at Bergen Engines er på veg til å bli seld til russiske investorar. Motorfabrikken på Hordvikneset i Bergen, har bygd motorane til skipet. Dei har også vedlikehaldsansvar for enkelte delar av motorane.

Fartøyet det som det blir referert til, er det høgteknologiske spionskipet «Marjata». Det tilhøyrer Etterretningstenesta, og blir brukt til å følgja russisk aktivitet i Barentshavet.

Salet av Bergen Engines får fleire på Stortinget til å bli bekymra for tryggleiken til Noreg.

Statsministeren er gudmor for det nye skipet

DÅP: Statsminister Erna Solberg døypte «Marjata» då det var klart for norsk teneste i 2014.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ikkje beroliga

Bergen Engines har i tillegg til «Marjata» sine motorar, også bygd motorar til fleire kystvaktskip. Også dei har fabrikken vedlikehaldsavtale for.

– Bergen Engines lagar motorar som er i skip som er viktige for Noregs tryggleik. Då er det viktig at den informasjonen ikkje kjem på avvege, sa stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap) til Dagsnytt 18 i dag.

Nærings- og fiskeridepartementet har sagt at dei ser på handelen av fabrikken som eit sal mellom to komersielle aktørar, skriv BT.

Statssekretær i departementet, Lars Andreas Lunde, skreiv at handelen er «noe departementet ikke skal eller bør blande seg inn i» til BT då salet vart kjend.

– Eg er uviss på om det finst ein plan for dette. Den uvissa blir ikkje beroliga av uttalelsen til Næringsdepartementet, seier Christensen.

Ho meiner difor dette er ei sak for Forsvarsdepartementet.

Jette Christensen

UROA: Jette Christensen (Ap) er uroa over salet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Gjer dei vurderingane som skal gjerast

– Me gjer dei vurderingane som skal gjerast, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til Dagsnytt 18.

Han meiner grunnlaget for planen ligg i tryggingslova.

– Me skal sjå på om selskapet er ein hovudleverandør eller ein underleverandør, og om det har ein status som gjer at det kjem inn under tryggingslova, seier ministeren.

Jette Christensen godtek ikkje planen. Ho peikar dessutan på at det uansett var eit problem, om Bergen Engines er omfatta av tryggingslova.

– Me må sjå på realitetane. Selskapet reparerer og lagar motorar til Forsvaret. Det held på å bli kjøpt opp av Russland sitt største jarnbaneselskap, seier Christensen.

– Dette er noko Forsvarsdepartementet skal bry seg med. Me er i gang med den jobben no, svarar Bakke-Jensen.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) foran F-35 Rygge flystasjon

FORSVARSMINISTER: Frank Bakke-Jensen seier Forsvarsdepartementet er i gang med å vurdera salet.

Foto: Rune Fredriksen / NRK