– Det er tragisk at det skjer no. Eg trur Bergen 2017 snart ville hatt ei skisse til løysing til oss, og då er det synd at Interspons ikkje hadde tolmod til å sjå kva som kunne koma ut av det, seier dagleg leiar Tom Ingebrigtsen i Arrangement Tjenester AS.
Selskapet hans er ein av over 80 kreditorar som står med ubetalte fakturaer etter sykkelfesten i Bergen. I dag vart arrangementsselskapet Bergen 2017 slått konkurs av Bergen tingrett.
No er mange millionar kroner sett i spel. Over 80 kreditorar ventar på totalt mellom 70 og 80 millionar kroner frå Bergen 2017.
Bergen 2017 er ikkje enige i alle krava som er meldt inn.
Dei største kreditorane er UCI, Vest politidistrikt og nyleg konkursslåtte Possibility.
KONKURS: Styreleiar Mona Hellesnes og styremedlem Yvonne Hetlevik i Bergen 2017 på veg inn i tingretten måndag.
Foto: Jon Bolstad / NRKSer mørkt på å få betalt
Men konkurskravet kom frå Interspons AS som har 11 ubetalte fakturaer på rundt to millionar kroner. Selskapet vart leigd inn for å skaffa sponsorinntekter til VM.
– Dette var eigentleg det verste som kunne skje, seier Ingebrigtsen. Han ser mørkt på sjansen til å få tilbake noko av kravet sitt på 375.000 kroner.
Arrangement Tjenester AS har også over to millionar kroner uteståande frå Possibility, eit eventselskap som slo seg sjølve konkurs tidlegare i år.
Sjølv ventar Possibility på pengar frå buet til Bergen 2017. Bergensavisen skriv at dei vurderar rettslege skritt mot dagleg leiar og styret i selskapet.
Ingebrigtsen meiner det vil gå både vår og sommar før kreditorane får ei avklaring om kva som skjer.
KRAVDE KONKURS: Advokat Sølve Herdal i Interspons helser på Mona Hellesnes i Bergen 2017 før han argumenterte for å slå selskapet konkurs.
Foto: Jon Bolstad / NRKUnderskotsgarantiar kan ryka
Under konkursbehandlinga i retten i dag trakk styreleiar Mona Hellesnes fram at Bergen 2017 no truleg går glipp av 3,2 millionar kroner i momskompensasjon.
Hordaland fylkeskommune, som har 4,2 millionar kroner uteståande frå Bergen 2017, avtalte også ein underskotsgaranti med arrangementsselskapet. Den er på 5,2 millionar kroner.
– Men den garantien var ikkje utan atterhald. Vi må sjå det i samanheng med fylkeskommunen sine totale kostnader, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.
Han må fremje ei sak om underskotsgarantien til fylkestinget. Neste møte der er ikkje før i juni. Også underskotsgarantien til Bergen kommune på den same summen er sett i spel.
– Vi skal gjere ein juridisk vurdering om forpliktinga frå 2013 står ved lag. Vi har vore førebudd på å betala den ut for å gjera lokale bedrifter minst mogleg skadelidande, men må vi vurdere det, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).
Dette må takast opp i bystyret for endeleg vedtak. Når det skjer, er uvisst. Kommunen har også litt over 500.000 kroner i ubetalte krav frå VM.
Både Schjelderup og Haugsdal seier det kan bli aktuelt å avrekna underskotsgarantien mot det dei har uteståande i buet frå Bergen 2017.