Hopp til innhold

Vindmølle-eigar betalar: No skal Isak (69) få tilbake TV-signala

Etter at NRK fortalde at innbyggjarane mista TV-signalet på grunn av vindmøller, pungar no eigarane av kraftverket ut for å få ordna opp i problema.

Isak Berle

UKLARE SIGNAL: Isak Berle er ein av dei som ikkje har klart å sjå på TV etter at Hennøy vindpark blei sett i drift.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det var i byrjinga av desember då vindparken kom i drift at problema oppstod. I starten visste vi ikkje kvifor vi mista signala, sa Isak Berle til NRK for nokre dagar sidan.

No blar vindkrafteigaren Falck Renewables opp det det måtte koste for at Isak og dei andre i bygda Berle skal få sjå på TV igjen.

Det blei bestemt etter eit møte mellom Falck og Norges Televisjon (NTV).

Må flytte antennene

Ifølgje ei pressemelding skal dei to no finne igjen tilgangen til TV-signalet ved å utnytte topografien i området.

Dette vil innebere at befolkninga i Berle skal rette antennene i ei anna retning, og dei vil trenge antenner med forsterkar.

Men det er det Falck som skal betale.

– Det er viktig å understreke at kundane ikkje skal bere kostnaden med dette, og dei vil få hjelp av installatør som utfører arbeidet, seier administrerande direktør Scott Gilbert hos Falck Renewables.

Dersom dette ikkje skulle vere nok, vil Hennøy vindkraftverk koste på ein ny sendar i området.

Isak Berle

MISTA SIGNAL: Isak Berle krev at vindkraftselskapet ryddar opp i problema slik at han og naboane får sjå TV igjen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Snarast mogleg

Ut frå dei målingane som til no er gjennomførte i områda av Telenor, på oppdrag frå Noregs televisjon, er ikkje TV-signala til husstandane i Sørgulen rørt av vindturbinane.

– Vi vil i samarbeid med NTV arbeide for at befolkninga i Berle snarast mogleg får tilgang til TV-signala frå bakkenettet igjen, seier Scott Gilbert hos Falck.

Administrerande direktør i NTV, Trude Malterud, seier at dei gjerne skulle vore denne situasjonen forutan.

– Dette kunne ha vore unngått om forholdet til bakkenettet for TV hadde vore greidd ut i forkant av utbygginga. Vi har no eit godt samarbeid om dette, seier Trude Malterud i NTV.